POKAL: Den store pokalen til Landsskyttarstevnet krev mykje arbeid.
Erlend Tro Klette
Yrke på raud liste
Tradisjonsrike yrke i faresona: – Kva vil skje når vi forsvinn?
Dei lagar alt frå eksklusive diamantringar til premiar til 4000 skyttarar på landsskytterstevnet. Men vil det halde fram når Stian og Jan Roar går av med pensjon, eller går arbeidet til Kina?
Saken oppsummert
eline@lomedia.no
etk@lomedia.no
Bergen: Berre eit kort steinkast frå Bryggen i Bergen ligg Arven, ein sølvvareverkstad med lange tradisjonar.
No fram mot sumaren er det travelt. Folk skal konfirmerast, giftast, stase seg opp til nasjonaldagen. Og ein tullar ikkje med nasjonaldagen i Bergen.
Inne i produksjonslokala er det mykje sølv levert til reparasjon, samstundes som produksjonen av nye produkt held fram.
Her finst alt frå høgst moderne 3D-skrivarar til 140 år gamalt maskineri som framleis er i vanleg bruk.
Delar av verkstaden kan minne om eit museum, med både verktøy og maskinar av den verkeleg gamle skolen.
Men vi skal ikkje la oss lure av at det ser ein smule utrangert ut. Alt funkar perfekt.
Pirk og storproduksjon
På Arven får bergensarane tak i alt dei måtte ønskje seg i edelt metall. Medaljar til bogekorps.
Sjøldesigna smykke laga på bestilling. Vaser, skåler og kaffikanner i sølv. Premiar til idrettsstevne. Treng du å få pussa opp eller reparert noko i sølv eller gull, tar dei den jobben og.
Erlend Tro Klette
Stødige hender, tolmod og godt syn er naudsamt for mykje av det pirkarbeidet gullsmed Stian Wasmuth gjer.
No fiksar han ein diamantring, men han driv og med støyp av smykke kundane har levert inn ideane til.
Jan Roar Nilsen er meir på storproduksjon, han lagar alt frå saltkar og pyntegjenstandar til store pokalar i sølv. I mange år har han laga i snitt 7000 beger som givast ut som premie i skytterstevne. I år er det 4000 som skal produserast.
Det er eit utal arbeidsoperasjonar som ligg bak eit slikt lite beger. Det startar med noko som ser ut som ei CD-plate i sølv. Det skal tynnast, før begeret vert pressa i ei stålform på ein trykkebenk. Så skal det slipast, polerast, graverast, monterast … Mange av produkta skal og gjennom forsølving eller forgylling. Då «badar» dei i ei cyanidblanding med opplaust metall, for å få ei tynn, tynn hinne av det skinande metallet.
– Det ligg i hendene, erfaringa. Frå eg starta med dette tok det fleire år før eg hadde det rette handlaget, seier Nilsen.
Bekymra for faget
Til saman har Stian Wasmuth og Jan Roar Nilsen 65 år røynsle som gullsmed og sølvsmed/sølvtrykkar. Dei er fagarbeidarar i eit raudlista fag, eit handverksfag som har få utøvarar og difor står i fare for å forsvinne.
Raudlista handverksfag
Små fag med få utøvarar som er i fare for å forsvinne.
Her er nokre av dei: buntmakar, bødker, filigrandsølvsmed, gullsmed, gjørtlar, modist, repslager, taksidermist, urmakar og skomakar.
Heile lista og meir info finn du på www.smafag.no
Dei to veteranane er bekymra for rekrutteringa av fagfolk til bransjen i Noreg.
– Kva vil skje når vi forsvinn? Jan Roar har seks år att til pensjon. Det tar mange år å meistre og vere trygg på det arbeidet han gjer, seier Stian.
Per i dag er det berre to personar i landet som er aktive i jobb som sølvtrykkar. Det er ein veldig fin jobb, men openbert ikkje særleg attraktiv for ungdom, konstaterer Nilsen.
– Det er jo noko å tenke på at sonen min, som er lærling, pustar meg i nakken med tanke på løn. Og så er det eit faktum at oppdragsmengda har gått ned.
Det siste kjem av auka import av billegprodukt, særleg frå Kina.
– Det er trist. Og fordi kvaliteten er dårlegare, seier dei to.
Få får relevant jobb
Men inne på verkstaden i Bergen er det ikkje berre tilsette som nærmar seg pensjonsalder. Maia Skulstad er nyutdanna gullsmed, og har fast jobb på Arven. Ho driv mykje med kvalitetstesting av metall, mellom anna sjekk av legeringa på vintage-produkt.
NY I FAGET: Maia Skulstad er ein av få nyutdanna gullsmedar frå skulen i Valle som har fått relevant arbeid.
Erlend Tro Klette
– Vi var 15 i klassen på gullsmed på Valle i Setesdal, men ganske få har fått relevant jobb, seier ho.
Sjølv kosar ho seg på arbeid.
– Eg likar smykke og bling. Og det er interessant og gøy å pusle med små ting, seier Skulstad.
Vil gjere meir for dei mindre faga
Fellesforbundet deler bekymringa for dei små handverksfaga. Saman med NHO Byggenæringen krev dei at myndigheitene gjer meir tilskot til klasser i desse faga i heile landet.
Når fylka og kommunane skal spare, samstundes som ungdomskulla vert mindre, kuttar dei gjerne utdanningstilbod slik at det rammar små handverksfag som taktekkar, murar, blekkslagar, malar og anleggsgartnar.
Fellesforbundet minner om at sjølv om dette er små fag, er dei sentrale i dei fleste byggeprosessar.
Mellom forslaga for å gjere noko med situasjonen, foreslår Fellesforbundet og NHO Byggenæringen å utvide ordninga som tilskot til desentraliserte utdanningstilbod.
Dei vil og ha ein nasjonal pott på 50 millionar kroner som fylka kan søke om støtte til å opprette tilbod innanfor mindre handverksfag.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

