JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Frontfigur Sindre Aam i Vassendgutane vil ikkje sleppa taket i industriarbeidet

Vassendgut Sindre Aam er halvt countrystjerne, halvt industriarbeidar. Torsdag har han fri

Tre dagar i veka monterer han propellar hjå Kongsberg Maritime i Ulsteinvik. Tre dagar i veka er Sindre Aam på turné med Vassendgutane.
«FESTCOUNTRY», kallar dei musikken sin. Vassendgutane har fans over heile landet.

«FESTCOUNTRY», kallar dei musikken sin. Vassendgutane har fans over heile landet.

Håvard Sæbø

12.07.2019
08:48
12.07.2019 16:51

hanne@lomedia.no

Ulsteinvik/Skjeberg: For frontfigur, songar, bassist og låtskrivar Sindre Aam vil nemleg ikkje sleppa taket i industriarbeidet, sjølv om han håvar inn nok til å leva godt av spelinga i Vassendgutane.

I 2008 låg dei på norgestoppen i sal av CD-plater med ei omsetnad på sju millionar. No går det i streaming og konsertar. Fleire i bandet har bakgrunn frå industrien, og er med i både Fellesforbundet og Arbeidsmandsforbundet.

Verda rundt

Aam har lang erfaring med reising. I ti år reiste han verda rundt som montør av propellar for Rolls Royce, som eigde verksemda før Kongsberg Maritime tok over i april i år.

I 2005 hadde Vassendgutane sitt gjenombrot med låta «Ungkar med dobbeltseng», og han måtte velja mellom å vera reisemontør og å spela på turné.

– Eg må rosa arbeidsgjevaren min som tillet meg å jobba deltid på verkstaden slik at eg kan bruke resten på spelinga, seier Sindre Aam, og legg til:

– Eg har jo litt kompetanse dei har nytte av, og eg synest det er kjekt å vera her. Han har fagbrev som industrirøyrleggjar.

Saka held fram under biletet.

SPELEMANN: Her er Sindre Aam på jobb hjå Kongsberg Maritime i  Ulsteinvik.

SPELEMANN: Her er Sindre Aam på jobb hjå Kongsberg Maritime i Ulsteinvik.

Håvard Sæbø

Gamle vener

Vassendgutane er en gjeng barndomskameratar frå Ørsta på Sunnmøre. Fire av dei eig Vassendgutane AS. I alt er dei sju karar på scena og fem i apparatet rundt. Namnet har dei etter to bønder der dei vaks opp. Vassendkarane vart dei kalla.

Sindre Aam prøver å ha fri kvar torsdag. Då likar han å gå turar, og det er då nye songar kjem til han. Då syng han dei inn i mobilen for å hugse dei.

Vassendgutane er å finna i idrettshallar og lokale festivalar rundt i heile landet. Dei kallar musikken sin «festcountry», og har med åra vorte svært populære. Dei spelar for å gjere folk glade, og folk strøymer til når dei spelar. Gruppa har rundt 80 spelejobbar i året.

Når den faste sjåføren på bandbussen må ha kviletida si på lange turar, tek Sindre Aam gjerne over rattet, fordi han likar å kjøyre buss.

Les også: Dette husbandet spiller like hardt som laminatet de lager

Vanlege folk

– Eg synest det er like kjekt å spela for 300-400, som for tusenvis av folk. Du får mykje betre kontakt med publikum med færre folk, seier han.

Og framfor scena står blodfans i cowboyhattar med ølglas i handa og svaiar, dansar og syng med. Det er desse «vanlege» folka dei syng om i låtar som «Hjortejakt», «Granada» og «Ho va so fine».

INDUSTRIARBEIDARAR: Fleire i bandet har bakgrunn frå industrien, og er med i både Fellesforbundet og Arbeidsmandsforbundet.

INDUSTRIARBEIDARAR: Fleire i bandet har bakgrunn frå industrien, og er med i både Fellesforbundet og Arbeidsmandsforbundet.

Håvard Sæbø

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
12.07.2019
08:48
12.07.2019 16:51