JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
FARGERIKE: Fabrikken lagrar tonnevis med kablar. Då gjeld det at Ronny Axelsson og kollegaane plasserer dei rett. Utanpå er dei fargekoda, sånn at ein veit kva type kablar ein har med å gjere.

FARGERIKE: Fabrikken lagrar tonnevis med kablar. Då gjeld det at Ronny Axelsson og kollegaane plasserer dei rett. Utanpå er dei fargekoda, sånn at ein veit kva type kablar ein har med å gjere.

Håvard Sæbø

Grøn omstilling

Då marknaden vart olje-mett, måtte kabelfabrikken i Drammen tenke nytt

For kabelfabrikken i Drammen, har olje- og gassnæringa vore den viktigaste marknaden. No satsar dei også fornybart, på undervatnskablar som går mellom vindturbinar til havs.

tormod@lomedia.no

Den ser mindre ut frå utsida, men innanfor dørene blir fabrikken på Holmen kai berre større og større. På store tromlar og karusellar, ligg det meter på meter med kablar. Plass er nødvendig når dei produserer 7500 tonn kablar i året.

Gjennom hundre år har fabrikken i Drammen, no eigd av verdsomspennande Prysmian Group, produsert kablar i Norge. Dei siste tiåra har olje- og gassnæringa vore marknaden, men i 2014 skjedde det ei endring. Marknaden var oljemett og etterspurnaden etter leveransar stupte.

I dag står undervatnskablar for den største delen av produksjonen. Kablane ligg langs norskekysten, i fjordane våre og ut til øyer som treng straum. I tillegg er havvind ein veksande marknad.

Saka held fram under bildet.

TONNEVIS: På den største karusellen på fabrikken, ligg det lagra 1200 tonn med undervatnskablar.

TONNEVIS: På den største karusellen på fabrikken, ligg det lagra 1200 tonn med undervatnskablar.

Håvard Sæbø

Under vatn

Når Magasinet besøker arbeidsplassen, held dei tilsette på med ein leveranse på 300 kilometer undervatnskablar til det britiske vindkraftprosjektet Hornsea i Nordsjøen. Kablane skal gå mellom vindturbinane i det som blir verdas største vindpark til havs.

– No er det stort trykk på offshore vindkraft, seier operatør og kontrollør Ole Markussen. På grunn av allsidig arbeid og gode kollegaar, har han jobba på fabrikken i tretten år.

Saka held fram under bildet.

ALLSIDIG: Ole Markussen fortel om omfattande kursing, gode kollegaar og allsidig arbeid. På fabrikken har han jobba i både produksjonen og administrasjonen dei siste tretten åra.

ALLSIDIG: Ole Markussen fortel om omfattande kursing, gode kollegaar og allsidig arbeid. På fabrikken har han jobba i både produksjonen og administrasjonen dei siste tretten åra.

Håvard Sæbø

Denne dagen jobbar han med å tvinne og skøyte saman kablar. Deretter skal dei gjennom ein armeringsmaskin, der lag med ståltråd og garn blir lagt utanpå, før kablane blir dekt med asfalt-olje som gjer dei vasstette.

Dei blir testa i mange omgangar, og sånn får du ein undervatnskabel som toler ein trykk.

Saka held fram under bildet.

ARMERING: Undervatnskablane blir armert med stål, garn og asfalt-olje. Det gjer at dei toler ein trykk.

ARMERING: Undervatnskablane blir armert med stål, garn og asfalt-olje. Det gjer at dei toler ein trykk.

Håvard Sæbø

Frå fabrikken kan kablane gå rett ut på skipa som til slutt plasserer dei under vatn, sånn at dei kan gi oss straumen vi treng.

Omstilling

Olje- og gassnæringa har kravd høg kvalitet, og kablane frå Drammen kan blant anna tole full brann i tre timar om nødvendig. Etter oljesmellen, måtte fabrikken også utvikla billegare kablar som dei lagar på ein meir effektiv måte.

– Vi har levert Ferrari, men no leverer vi også Volvo-produkt, seier klubbleiar Vegard Gebuhr.

KVALITET: Produkta frå fabrikken er kabelmarknaden sin Ferrari, ifølge leiinga og tilsette.

KVALITET: Produkta frå fabrikken er kabelmarknaden sin Ferrari, ifølge leiinga og tilsette.

Håvard Sæbø

Alle tilsette i produksjonen er Fellesforbundet-medlemmer, og klubben og leiinga har samarbeida tett i omstillinga av bedrifta. Det har vore viktig for å skape tryggleik og forankring i ein seks år lang prosess der 60 tilsette har blitt nedbemanna.

Stille krav

No er situasjonen i ferd med å snu og ordrebehaldningane frå alle marknader er solide, understrekar dei. Likevel oppfordrar dei myndigheitene til å legge meir til rette for norske arbeidsplassar. Anten det er Equinor sine plattformer eller Vegvesenet sine tunnelar, bør staten sikre at leveransane er produsert i Norge.

– Elles kjem norsk leverandørindustri til å døy ut, seier Gebuhr alvorleg.

Saka held fram under bildet.

OMSTILLING: Eit tett samarbeid mellom klubben og leiinga i bedrifta, har vore viktig. Det fortel produksjonssjef Morten Ullereng, fabrikksjef Marius Baade og klubbleiar Vegard Gebuhr.

OMSTILLING: Eit tett samarbeid mellom klubben og leiinga i bedrifta, har vore viktig. Det fortel produksjonssjef Morten Ullereng, fabrikksjef Marius Baade og klubbleiar Vegard Gebuhr.

Håvard Sæbø

Plattformene i oljefeltet Johan Sverdrup hadde norskproduserte kablar då dei opna i januar. Men når plattformene i Johan Castberg-feltet opnar om to år, har dei kablar produsert i Asia. Med strengare kvalitetskrav, trur dei tilsette oppdraget hadde gått til ei norsk bedrift.

– Vi er ikkje eit lågkostland. Då må vi konkurrere på kvalitet og effektivitet, seier fabrikkdirektør Marius Baade.

Prysmian Group Norge AS

Etablert som Norsk Kabelfabrik i 1913. Under ulike eigarskap, og kjøpt av eit italienskeigd konsern i 2011.

Fabrikken ligg på Holmen kai i Drammen, og tar opp 53.000 kvadratmeter.

Har 90 tilsette i produksjonen, og 70 i administrasjonen.

Omsetninga var 1,2 milliardar kroner i 2018. Ein tredjedel kjem frå kablar produsert i Drammen.