JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fotball og arbeidsliv:

Kim Tomas (32) gir både arbeidsgivarar og fotballspelarar klar beskjed

Ein kan ikkje vere redd for konflikt om ein er tillitsvalt eller fotballdommar. Heldigvis er Kim Tomas L. Klevengen begge delar.

Tormod Ytrehus

18.12.2019
14:08
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

På barneskolen på Nesodden i Akershus hadde han med seg raude og gule kort for å dømme fotballkampar i friminutta. Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig, verken at Kim Tomas har blitt tillitsvald eller fotballdommar.

– Eg har vore tydeleg på kva eg meiner, både på jobben og på fotballbana. Nokre gongar får du medhald og andre gongar får du kjeft, men eg trur dei aller fleste set pris på at det er nokon som seier ifrå likevel, seier han.

p

Ingen skam

Då han uansett brukte mykje tid på kaffibar, fann Kim Tomas ut at det var billegare å stå på andre sida av bardisken. For fire år sidan vart han dermed barista hos kaffikjeda Stockfleths i Oslo.

Interessa hans for samhandling mellom menneske kjem godt med i eit sørvisyrke. Og dessutan i dei nyleg fullførte studia i psykologi og krisehandtering. Studia tok han i England, med mykje jobbing i helgar og feriar.

– Eg har flydd heim og absolutt ikkje eigd flyskam, også med det mest fagforeiningsfiendtlege selskapet som finst. Det var mange Ryanair-turar til hundre kroner kvar veg.

Det var før han vart bevisst på dette med fagorganisering og forbrukarmakt. I dag er han nemleg ein aktiv hovudtillitsvald.

Hos Stockfleths er det i dag tariffavtale og ordna arbeidsforhold på åtte av tolv avdelingar. Og fleire er på veg.

– I språkbruken er nok fotballspelarane verst, ler han.

Svaret kjem på spørsmål frå Magasinet for fagorganiserte om kven som er verst av arbeidsgivarar og fotballspelarar.

Sjef på bana

– Eg har skrike «no får du faen meg halde kjeft for no gidd eg ikkje meir» til spelarar ute på fotballbana. Eg hadde nok ikkje sagt det same til HR-sjefen min.

ph

Kim Tomas har litt erfaring med fotballspelarar, etter å ha vore autorisert kretsdommar i over femten år og kampar stort sett kvar helg. I tredjedivisjon for menn og på linja i andredivisjon. Og dessutan som assistent- og fjerdedommar i toppserien for kvinner.

– Ein får betalt for å trene, skrike litt til folk og vere sjef, forklarer han.

Høgdepunkt er kampar på Ullevi under Gothia Cup, framfor 10.000 tilskodar, og finale på Norway Cup med 4.500 på tribunane.

Men fotball er ikkje berre moro. Han har også blitt drapstrua, dytta over ende og skulda for korrupsjon, listar han opp.

– Den verste kommentaren eg får er «jævla homo», mest fordi det har blitt så daglegdags.

Dei fleste kommentarane er derimot sånt som ein dommar kan trekke på smilebandet av, som at dommaren er blind eller må få på seg brillene.

Klar for konflikt

Kampane klarnar gjerne litt opp i hovudet. Det er kanskje nødvendig etter forhandlingsmøte som ikkje fører fram og lange kveldar med lesing av tariffavtaler og lovverk.

Ein konflikt i utelivsbransjen varer dessutan litt lenger enn to gongar førtifem minutt. Arbeidsgivarar halar ut tida og saksgangen i forbundet kan vere treig.

På landsmøtet til Fellesforbundet tok han til orde for ein storstilt streik dersom tilsette i hotell- og restaurant-bransjen får nærmare null lønnstillegg i lokale forhandlingar nok ein gong.

– Eg synest vi kan streike oftare enn vi gjer. Opplevinga mi er at ingen er redd for oss lenger, seier han.

Til slutt har Magasinet berre eitt spørsmål igjen: Er kaffien i fagrørsla og Fotball-Norge eigentleg noko å trakte etter for ein barista?

– Det er godt uansett når nokon andre har laga den til deg. Det handlar om den opplevde smaken, slår han fast.

Namn: Kim Tomas L. Klevengen

Alder: 32 år

Stilling: Barista hos Stockfleths i Oslo

Hobbyar: Dømmer fotballkampar, dansar swing og studerer arbeidsrett på deltid