JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
KOMPETANSEHEVING: Liv Hege Dagsland går fullt og heilt inn for studiet i   Materialteknologi. Undervisninga går føre seg i det gamle velferdsbygget på Kværner Stord. Det er blitt rusta opp med nye klasserom og oppgraderingar på både kjøken og toalett.

KOMPETANSEHEVING: Liv Hege Dagsland går fullt og heilt inn for studiet i Materialteknologi. Undervisninga går føre seg i det gamle velferdsbygget på Kværner Stord. Det er blitt rusta opp med nye klasserom og oppgraderingar på både kjøken og toalett.

Håvard Sæbø

Kompetanse

Kværner-tilsett Liv Hege tek vidareutdanning i arbeidstida

Med tre born heime og full jobb, synest Liv Hege Dagsland likevel det er betre å ta utdanning som vaksen.

hanne@lomedia.no

På Kværner Stord er over 80 medarbeidarar i gang med skreddarsydd vidareutdanning i arbeidstida.

Liv Hege Dagsland jobbar som logistikkleiar på lageret til Sverdrup-prosjektet på Kværner Stord. Ho tok først fagbrev som kokk, men skifta meining og tok logistikkfagbrevet. Det har ho ikkje angra på. Ho trivst med logistikk av di det er utfordrande, og det likar ho.

Modulbasert studium

Liv Hege må sjekke nøye alle ting som kjem inn på lageret, i samsvar med sertifikat og om det er rett kvalitet. Ho passar på at det som skal stå inne, har plass, at det som skal stå ute, gjer det og at ting som skal preserverast vert pakka inn.

p

No er ho i gang med kompetansehevinga som dei tilbyr på Kværner Stord, på den modulbaserte industrifagskulen.

Denne våren var det fire modular å søkje på: Prosjektplanlegging for leverandørindustrien, Teknisk dokumentasjon og kommunikasjon for leverandørindustrien, Teknisk engelsk for leverandørindustrien og Materialteknologi.

Det var Materialteknologi ho valde. Det omfattar materiallære, korrosjon, preservering og overflatehandsaming.

Saka held fram under bildet.

Håvard Sæbø

Får djupare kunnskap

– På fagskulen går vi meir på djupna av varene vi handterer på lageret. Får mykje meir forståing for faget. Det er kompetanse vi treng hjå oss på lageret.

Vi treff henne på den andre skuledagen på andre samlinga av tre. Ho skal ha endeleg eksamen 25. mars, og det er mykje å lese og setje seg inn i, og ho er ein ivrig student.

– Eg er litt streng med meg sjølv. Vil gjerne gjere oppgåvene med ein gong. Og så har vi nettundervisning òg. Den går til fastsett tid, midt i legginga av ungane på 7, 9 og 14 år. Men det går, seier ho.

Ungane forstår at ho må gjere skulearbeid. Og sjølv er ho mykje meir motivert til å ta utdanning no enn ho var i ungdomen.

Sikrar framtida

Premien etter eksamen er at ho sit att med 10 studiepoeng.

Fire av dei i alt seks skuledagane får dei fri med løn. Dei to siste dagane må dei bruke feriedagar eller liknande på. Lønsmessig tener ho ikkje noko på det. Men ho veit at ho med auka kompetanse sikrar seg for framtida og blir meir ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Det er anslått at den perioden dei tek fagskulen, så utgjer det ei 70 prosents stilling i tillegg til at dei jobbar fullt.

Partssiger

Leiaren av verkstadklubben, Amram Hadida, er kjempenøgd med kva dei har fått til på Stord. Han seier det er viktig at operatørane heng med i utviklinga i faga og på arbeidsplassen, og at målet ikkje er at dei skal utdanne seg vekk frå operatørjobben.

Fellesforbundet og Norsk Industri har vore pådrivarar for å få til dette kompetanseløftet, og regjeringa løyvde 16 millionar kroner til tiltaket. Av desse gjekk 6,4 millionar til etablering av det nye modulbaserte fagskuleprogrammet for folk i industrien i Sunnhordland.

I Kværner er det Tore Mathiesen og Trond Haga som er ansvarlege for fagskulearbeidet. Dei får ikkje fullrost arbeidslivets partar nok for at dette er kome i stand. Og dei rosar studentane som tek dette intense og krevjande løpet.

Industrifagskulen

84 studentar

51 operatørar

33 funksjonærar

17 kvinner

67 menn

38,2 år er snittalderen