JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

«Arbeidspartiet» som forsvann

Høgre sin programkomite har lagt fram forslag til nytt stortingsvalgprogram. – Skal programmet realiserast, må Høgre kutte kraftig i offentlige utgifter. Det står ingenting i programmet om nivået på sjukeløn og uførepensjon – kan det vera at det er her den store inndekninga skal finnast, spør Norvald Mo. 

Partiprogram i Norge er langt meir verdt enn papiret dei er skrivne på. Det er ein lang tradisjon hos oss at partiprogram er til for å følgjast opp. Tempo i gjennomføringa varierar, men prioriteringa skjer i samsvar med det som står i partiprogrammet. Dette er eit viktig dokument. Skulle valresultatet til neste år bli slik meiningsmålingane no viser, vil programmet danna ryggraden i den regjeringserklæring som landet skal styrast etter.

Det er ikkje det som står i programmet som slo meg sterkast då eg leste programmet. Det er det som  ikkje står der som er det mest interessante. Høgre vil mykje. I kapitel etter kapitel står det kva Høgre vil satsa meir på over offentlege budsjett. Løyvingane skal aukast til samferdsle, utdanning, forsking, helse og omsorg og meir til. Stipend- og tilskotsordningar på ulike område skal aukast. Så skal skattar og avgifter reduserast. Bort med formuesskatten og arveavgift. Minstefrådrag og  innslagspunkt skal hevast. Ja, til og med frådraget for fagforeiningskontingenten skal no Høgre verna om. Samtidig slår programmet fast at Høgre vil følgja handlingsregelen for bruk av oljeinntektene.

Dette heng rett og slett ikkje i hop. Skal dette programmet realiserast, og det må ein tru Høgre på, må Høgre gjera langt meir enn det som står i programmet. Høgre må også evna å kutta kraftig i offentlege utgifter. I opposisjon har Høgre saldert budsjetta sine med kutt i landbruk, bistand til verdas fattige land, distriktspolitiske tiltak og velferdspolitiske tiltak som AFP, lønsgaranti ved konkurs med meir. Men heller ikkje dette er nok for å finna rom for Høgre sine nye og store programsatsingar. Dei må gjera meir. Høgre vil svara at dei vil fjerna fylkeskommunen, men ingen må tru at det blir billegare å forvalta dei oppgåvene nitten fylkeskommunar har i dag med langt fleire nye storkommunar. Det vil bli dyrare. Det står ingenting i programmet om nivået på sjukeløn, uførepensjon og det står ingenting om avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA). Kan det vera at det er her den store inndekninga skal finnast?

Torbjørn Røe Isaksen varsla i vår at Høgre skulle bli eit «Arbeidsparti». Finn vi tankane hans igjen i partiprogrammet? Ja, i programmet står det at norsk arbeidsliv er prega av «ryddighet og godt samarbeid» og at «det er en fordel med et organisert arbeidsliv og en høy organisasjonsgrad». Dette er nye tonar i eit program frå Høgre. På same tid er det ikkje nokon ny

Høgre-politikk. Høgre har sidan 1935, då Hovedavtalen kom til, anerkjent og respektert partane i arbeidslivet. Men bortsett frå dette, og formuleringa om fagforeiningskontingenten, er det ingen nye tonar i programmet om arbeidslivspolitikken. Høgre tar på ingen måte inn over seg dei utfordringane eit arbeidsliv som stor mobilitet over landegrensene skapar for arbeidstakarane.

Høgre vil ha mindre regulering av retten til mellombels tilsetjing (som også betyr mindre regulering av innleige), mindre høve for tillitsvalde å bestemma bruken av overtid m.m. Tiltak mot sosial dumping skal overlatast til Arbeidstilsynet. Allmenngjering, solidaransvar og innsynsrett for tillitsvalde står det ingenting om. Høgre er imot sosial dumping, men er også imot dei mest effektfulle tiltaka for å bekjempa sosial dumping. Her er Høgre på dundrande kollisjonskurs med ikkje berre LO, men stort sett alle arbeidstakarorganisasjonar og med dei raudgrøne partia. Her vil eit av dei store politiske slaga til neste år stå.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 16/2012 og har vært publisert i Klassekampen)

Annonse
Annonse