JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Er du glad i velferdsstaten?

Trongen verdssamfunnet har for aluminium og andre foredla metall vil ikkje gå ned, den ligg heller som ein føresetnad for det grøne skiftet som må skje, skriv Henny-Kristin Asperanden Navarsete.

Trongen verdssamfunnet har for aluminium og andre foredla metall vil ikkje gå ned, den ligg heller som ein føresetnad for det grøne skiftet som må skje, skriv Henny-Kristin Asperanden Navarsete.

Privat

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Då bør du også bry deg om regjeringa sitt framlegg til reduksjon i CO₂-kompensasjonsordninga.

«Du representerer eit gammaldags syn på verdiskaping i offentleg sektor»; Det fekk eg høyra på eit møte i NTL etter at eg sa at me må hugsa på at staten er finansiert av verdiskapinga i privat sektor.

Eg modererte meg.

Offentleg og privat sektor fungerer saman som tannhjula i eit urverk, som vatnet sitt kretslaup, utan verken byrjing eller slutt.

Manglar eit tannhjul vil klokka stogge, og om eine stadiet i vatnet sitt kretslaup sviktar vert det tørt.

Utan sjukehus, barnehagar og fellesskule vil dei private verksemdene ha smått med kvalifiserte tilsette som kan skapa verdiar.

Offentleg infrastruktur som vegar og baner, helsetenester ved sjukdom, Nav og andre offentlege tenester gir tryggleiksnett som også det private næringslivet nyt godt av.

Utan skapte og delte verdiar vil tenester som no er levert av velferdsstaten, vera avgrensa til dei som har ha råd til å betala kostnadane frå eiga lomme. Verdiskaping medverkar til arbeidsplassar, skatte- og avgiftsinntekter og avkastning som me nyt godt av gjennom velferdsstaten.

Men, verksemder i privat sektor må vera konkurransedyktige på pris for å kunna halda fram sin produksjon i Noreg.

For kraftkrevjande- og konkurranseutsett industri har CO₂-kompensasjonsordninga gitt kompensasjon for auken i straumprisen som følgje av EU sitt klimakvotesystem.

CO₂-kompensasjonsordninga handlar om å legga til rette for at industrien framleis skal ha konkurransekraft og føresetnadar for å produsere i Noreg.

Alternativet kan bli å legga ned, eller å flytta produksjonen til land som ikkje har like strenge klimakrav.

Kompensasjonsordninga handlar ikkje om den norske industrien sine eigne utslepp, dei betalar industrien for gjennom eigne kvotar.

I framlegg til statsbudsjett for 2024 føreslår regjeringa å auke golvet på CO₂-kompensasjonen frå 200 kroner som vart innført i 2023, til 375 kroner med tilbakeverkande kraft frå hausten 2023.

Industri Energi skriv at dette vil kosta kraftkrevjande industri 2,4 milliardar kroner i tapt CO₂-kompensasjon.

Trongen verdssamfunnet har for aluminium og andre foredla metall vil ikkje gå ned, den ligg heller som ein føresetnad for det grøne skiftet som må skje.

Norsk aluminiumsproduksjon ein tidel av CO₂-avtrykket til aluminium produsert på kolkraft. Medan høge energiprisar og dyre CO₂-kvotar har ført til produksjonsstogg fleire stadar i Europa, aukar produksjonen i land som Kina og India der aluminiumen i stor grad vert produsert med energi frå kol.

Oslo Economics gav i august 2022 ut ein rapport som hevda at offentleg sektor vil få 632 milliardar kroner i direkte og indirekte inntekter frå kvotemarknaden i 2021-2030, medan staten sine utgifter til CO₂-kompensasjonen ville vera om lag 100 milliardar.

I staten sin eigarrapport for 2022 kan me lesa at staten samla fekk nær 113 milliardar kroner i utbyte frå selskap den har eigarskap i.

Berre frå Norsk Hydro utgjorde utbytet over 4,8 milliardar.

I tillegg til utbyte, kjem store deler av staten sine inntekter frå arbeidsgjevar- og trygdeavgift, skatt på formue og inntekt og meirverdiavgift. Ifølgje Eksportmeldinga 2023 la eksportnæringane grunnlaget for kvar femte norske arbeidsplass i 2022.

Desse arbeidsplassane har ikkje velferdsstaten råd til å mista på grunn av kortsiktige tankar om innsparingar i CO₂-kompensasjonsordninga. 

Annonse
Annonse