JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Rami Samandar jobbar i Oslo kommune. Han kjem opprinneleg frå Aust-Jerusalem og Vestbredda. Fagforbundet-medlemmet håpar at eit samla LO legg press på regjeringa for sanksjonar mot Israel.

Rami Samandar jobbar i Oslo kommune. Han kjem opprinneleg frå Aust-Jerusalem og Vestbredda. Fagforbundet-medlemmet håpar at eit samla LO legg press på regjeringa for sanksjonar mot Israel.

Øystein Windstad

Palestina

Når foreldra ringer frå eit ukjent nummer, går det kaldt nedover ryggen på Rami

Kvar gong lurer Rami på om nokon han er glad i har blitt skotne mot, bomba eller bortført. No aukar spenninga markant på Vestbredden.

oystein.windstad@fagbladet.no

Rami Samandar jobbar som prosjektleiar i Oslo kommune. I dei siste dagane har samfunnsvitaren vore ekstra var og på alerten når telefonen ringer. For han er det som skjer i Palestina meir enn berre bilde på ein skjerm.

Det er lukta av nyhausta oliven. Det er lyden av barnesteg på dei fleire tusen år gamle brusteinane rett ved Klagemuren i Aust-Jerusalem der han vaks opp.

Det er også minne om då han skulle rekke eksamen og enda opp med å sjå inn i løpa på skarpladde automatvåpen.

Blikket hans som festa seg på peikefingrane til soldatane. Fingrar lett bøygde rundt avtrekkarar av stål. No er det ikkje minna som fyller sinnet mest:

– Eg fryktar for familien min og kva som kan skje med dei, seier Rami Samandar.

UROA: Rami Samandar sier at når foreldra ringer frå eit uventa nummer, går det kaldt nedover ryggen hans. Og at han får frykt for kva som kan ha skjedd med nokon han er glad i.

UROA: Rami Samandar sier at når foreldra ringer frå eit uventa nummer, går det kaldt nedover ryggen hans. Og at han får frykt for kva som kan ha skjedd med nokon han er glad i.

Øystein Windstad

Lite søkelys, men trykket aukar

Samandar har budd i Norge i ti år og jobbar til dagleg på eit kontor i Oslo sentrum. Der leiar han eit prosjekt for Oslo kommune med å få fleire i arbeid.

Han har tre søsken, der to av dei bur saman med mor og far på Vestbredden.

Medan Israel har bomba og gått til invasjon av Gazastripa, har Vestbredden kome mindre i fokus.

Han fortel mora ringde nyleg: Ho hadde sett noko ho hevdar skjer oftare no. Sivilkledde israelske spesialsoldatar:

– Dei stoppar, omringa ein mann og peikar med våpen på alle rundt. Slik at ingen skal blande seg inn. Etter det køyrer dei av garde og til Israel med personen de har tatt til fange.

– Kven tek dei og korfor?

– Det veit vi ikkje.

Krigen i Midtøsten: Norsk Folkehjelps ansatte i Gaza prøver å holde seg i live

HINDRING: Rami Samandar tok dette bilde i Qalandia sjekkpunkt i sommar. Sjekkpunktet er mellom Jerusalem og Ramallah og gjer at det blir vanskeleg og tek svært lang tid for palestinarane å reise i dei palestinske okkuperte områda.

HINDRING: Rami Samandar tok dette bilde i Qalandia sjekkpunkt i sommar. Sjekkpunktet er mellom Jerusalem og Ramallah og gjer at det blir vanskeleg og tek svært lang tid for palestinarane å reise i dei palestinske okkuperte områda.

Rami Samandar

Bomber med dronar

Samandar seier at det kokar også på Vestbredden og at spenninga der har auka markant etter 7. oktober. Og han meiner det har skjedd ei ny utvikling:

– I går brukte dei dronar for å bombe Vestbredden, og det har ikkje skjedd sidan intifadaen at dei har bomba frå lufta på denne måten.

– Før rykka det israelske militære inn med køyretøy og til fots. I går kveld var det 18 som blei drepne på grunn av bombing frå lufta, seier Samandar.

Blant andre Washington Post skriv om ein ny israelsk strategi med bombing frå lufta på Vestbredden.

Store konsekvenser: De norske barna i krigsherjede Gaza, kan komme hjem med alvorlige traumer

Fryktar busettarar

Inne på Vestbredden bur det rundt 2,7 millionar palestinarar og rundt 700.000 busetarar.

Ifølge blant andre FN, bur busetarane ulovleg på Vestbredden. Det er fleire dokumenterte tilfelle at busetarane angrip palestinske landsbyar, jagar vekk dei som bur der, brenner husa og bygger sine eigne nye hus.

Israelske styresmaktar har blant anna delt ut automatrifler til busetarar i oktober:

– Eg fryktar for familien min, og det eg er mest redd for, er busetarane. Det er ingen kontroll med kva busetarane gjer.

– Eg såg ein video nyleg der to busettarar står med gevær. Og skyt på palestinarar. Ein palestinar døyr på videoen. Ved sidan av busetarane står ein israelsk politimann. Politimannen gjorde ingen ting for å stoppe skytinga, seier Samandar.

Rami Samandar jobba tidlegare for den humanitære organisasjonen Palestinian Medical Relief Society. Her blir han saman med leiaren, doktoren og politikaren Mustafa Barghouti, stoppa av israelske soldatar på Vestbredda i 2013.

Rami Samandar jobba tidlegare for den humanitære organisasjonen Palestinian Medical Relief Society. Her blir han saman med leiaren, doktoren og politikaren Mustafa Barghouti, stoppa av israelske soldatar på Vestbredda i 2013.

Privat

Blir bedt om å dra til Jordan

Samfunnsvitaren fryktar at spesielt busetarane kan starte ei storstilt valdsbølge og jage fleire palestinarar frå heimane:

– Det har vore ein enorm auke i væpninga av busetarane i det siste. Dei har grønt lys for å gjere kva dei vil, skyte og drepe. Busetarane blir ikkje straffa for å drepe ein palestinar.

– Det verste eg kan tenkje meg er at busetarane organiserer seg meir, angrip meir koordinert og målretta. Dei kan utslette mange landsbyar. I førre veke delte dei ut borsyrer der dei bad palestinarane om å dra til Jordan. Fordi noko verre enn Nakba er i vente, seier Samandar.

Nabka er det arabiske ordet for då fleire hundre tusen palestinarar blei fordrivne frå heimane sine i 1948.

Soldatar sikta med finger på avtrekkarane

Samandar er født og oppvaksen i Jerusalem. Etter kvart som det kom fleire israelske sjekkpunkt som gjorde det vanskeleg å kome seg til alt frå skule, sjukehus eller arbeid, flytta familien:

– Eg skulle ha eksamen på vidaregåande, men blei stoppa og heldt i sjekkpunkt slik at eg ikkje fekk tatt eksamen. Vi hadde mange små stiar som vi brukte for å kome oss rundt sjekkpunkta. Ein gong kom det ei gruppe på rundt fem soldatar springande. Eg gløymer aldri det som skjedde. Dei gjekk ned på kne, løfta våpena og sikta på oss med M16 automatrifler. Eg måtte ta hendene over hovudet og etterpå løfte opp skjorta for å vise magen. (Sjekk etter sprengstoff red.anm). Eg fekk ikkje tatt eksamen den dagen heller. Skulen ordna det heldigvis med å sette opp ein ny eksamen.

Håpar norske politikarar vil snu

Samandar var nyleg med å arrangere ein demonstrasjon der over 100 la seg ned på Oslo S med kvite laken over seg. Laken som symboliserte dei mange likposane som ein ser i Gaza.

Samandar er kritisk til at det politiske fleirtalet i Norge enno ikkje vil anerkjenne Palestina som stat:

– Det er to land som har tent på Oslo-avtalen. Det eine er Israel, som har gitt blaffen i avtalen og brukt forhandlingar til å fortsette den ulovlege okkupasjonen. Det andre er Norge, som har kunne bygge eit internasjonalt bilde som fredsmeklar. Det er skammeleg at Norge ikkje har anerkjent den palestinske staten, 30 år etter Oslo-avtalen, seier Samandar.

Trur Fagforbundet og LO kan få til forandring

Samandar melde seg inn i Fagforbundet i 2015 og trur forbundet som er det største i LO, kan spele ei rolle:

– LO har rundt ein million medlemmer. Eg trur dei aller fleste av medlemmane er for rettferd og mot barnedrap. Mange medlemmer stemmer Ap. Samtidig har ikkje Ap teke eit klart standpunkt om Palestina skal vere ein eigen stat. Eg trur dei ein million LO-medlemmane kan få leiarane sine til å legge press på Ap. Dette er noko fagrørsla kan gjere og få til, seier Samandar og viser til Fagvegegelsens opprop for Palestina. Eit opprop som krev at regjeringa skal legge sanksjonar mot Israel for brot på folkeretten.