Arbeidstid
Oslo vil innføre 12,5 timars vakter: – Då sluttar folk
Dei lange vaktene får Fagforbundet til å reagere.
Siri Follerås trur spesielt at dei som har barn åleine eller som har fysiske plager vil slite veldig med langvakter på helg.
Leif Martin Kirknes / Gorm Kallestad / NTB
oystein.windstad@fagbladet.no
Byrådet Oslo vil ha eit nytt system med vakter på opp mot 12,5 timar i helgene ved dei fire helsehusa i hovudstaden.
Høyres Saliba Andreas Korkunc, byråd for helse, seier målet er betra kvalitet for brukarane og ein betre arbeidskvardag for dei tilsette. Det er sett av 26 millionar kroner til det nye vaktsystemet.
Helsehusa har fått kritikk for fleire alvorlege avvik. Korkunc seier til Aftenposten at det førre byrådet har betra situasjonen, men at det framleis er utfordringar.
I ein rapport frå Utviklings- og kompetanseetaten blir det peika på at låg bemanning på kveld og helg, kombinert med mange vikarar, svekkjer kvaliteten på pasientbehandlinga.
Saliba Andreas Korkunc (H) er helsebyråd i Oslo.
Ida-Kristin Tvedt
– Må vere frivillig
Siri Follerås, leiar av Fagforbundet pleie og omsorg Oslo, seier dette er feil medisin og at desse vaktene vil gjere vondt verre:
– Byråden må tenkje seg om fordi vi kjem til å mangle folk når ein driv råkøyr innan pleie og omsorg. Eg trur dei vil gjere seg ein bjørneteneste og slite med rekrutteringa framover med desse langvaktene, seier ho.
Fagforbundet pleie og omsorg Oslo har gjort ei spørreundersøkjing blant medlemmane på helsehusa i hovudstaden.
Av dei 165 som har svart, er 62 prosent mot vakter på 12,5 timar. 35 prosent er for og 4 prosent har svart «anna». Sjå tala og undersøkinga nedst i saka.
Follerås er kritisk til at Byrådet vil gjere langvakter obligatorisk:
– Det er mange grunner til at folk ikkje vil ha 12,5 timars vakter. Dei aller fleste meiner det må vere frivillig og ikkje obligatorisk. 73 prosent av dei spurte meiner dette, seier Follerås.
Ho fortel at der medlemmar kan kome med kommentarar i undersøkinga har fleire sagt dei vil slutte om det kjem langvakter:
– Det er nokon som heilt konkret har skrive at om dei blir pålagt slike vakter sluttar dei. Fordi det er heilt umogleg å få det til slik livet er.
Aktuelt: Dette må du tjene for å gå av med pensjon som 62-åring
Vil heller auke grunnbemanninga
Follerås seier at denne typen vakter kan passe for dei som er unge og spreke, men ikkje for andre:
– I mange fasar av livet blir desse vaktene vanskelege. Har du eit dårleg kne, eller er du åleine med barn vil desse vaktene bli vanskelege. Det er mange skjær i sjøen og du er avhengig av gode arbeidstidsordningar der du kan få henta deg inn etter å ha jobba kanskje 25 timar i løpet av helga.
De ansatte på Solvang helsehus kan få lange vakter på jobb i helgene.
Jil Yngland / NTB
Ho meiner den kostbare, men rette medisinen er fleire folk på jobb:
– Vi meiner grunnbemanninga er for låg. Ja, det vil koste pengar å tilsette fleire. Skal du behalde folk til pensjonsalder må du auke grunnbemanninga, seier ho og peikar på at få fullfører jobbløpet heilt ut.
– Ser du på den reelle pensjonsalderen er det ikkje mange som står til dei blir 67 år. Det blir sagt at hadde alle dei som fell frå stått løpet ut, ville det ikkje vore noko problem med bemanning, seier leiaren av Fagforbundet pleie og omsorg i Oslo.
Sjå undersøkinga her
Under kan du sjå tala og informasjonen frå medlemundersøkjinga til Fagforbundet pleie og omsorg i Oslo.
Undersøkinga gjekk til medlemmer på Ullern helsehus, Solvang Helsehus, Solfjellshøgda helsehus og Lilleborg helsehus.
Den er laga ut av nestleiar Bashiruddin Khawaja som har brukt Microsoft Forms og sendt ut spørsmåla via SMS til 360 medlemmer. 165 svarte.
Øystein Windstad
Øystein Windstad
