JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Krigen i Ukraina

Svetlana flykta frå krigen: Reiste frå sprengde vindauge i Ukraina til opne dører på Aukra

3500 innbyggjarar. 120 flyktningar. Slik går det til når ein liten kommune opnar dørene.
ØYDELAGT: Svetlana har nyleg kome til Aukra frå krigsherja Mykolajiv i Ukraina: – Eg såg gnistar frå skyting 500 meter frå huset mitt. Svigerfar min bur i eit lite hus der han dyrkar poteter. No har russiske soldatar øydelagt huset og knust alle vindauga med skyting og sprenging.

Omar Sejnæs

28.07.2022
06:00
01.08.2022 12:53

oystein.windstad@fagbladet.no

Ved eit veldig langt bord i Kreml sit ein president og hans folk og diskuterer. Kva som blir det neste dei skal gjere med Ukraina.

200 mil unna, inne i ein mursteinsbygg med flatt tak på Nordvestlandet, sit nokre anna folk og lurar på heilt andre ting. Men det handlar om dei same folka.

Dei som kjem fordi husa deira ikkje lenger har vindauge og leikeplassen til ungane har blitt eit bombekrater.

Tenkjer på kven som kan bli dei neste

– Velkomne, seier Aaslaug Søreide og opnar inngangsdøra til Aukra rådhus. Kommunen er blant dei i landet som har teke imot aller flest ukrainske flyktningar per innbyggar.

Søreide og kollegaene er av dei første ukrainarane møter når dei kjem til øykommunen ytst i Romsdalsfjorden.

Søreide er servicesjef, sikkerheitsleiar i kommunen og medlem i Fagforbundet. Ho og medarbeidarane i resepsjonen på Aukra rådhus viser vegen til barnehagen, legesenteret og skulane, blant anna.

– Eg tenkjer det er veldig bra me kan opne døra og hjelpe folk. Dei som kjem no er folk som har levd i eit samfunn som har fungert bra, slik eg har skjønt det. Når denne krigen har blitt så nær, kan me tenkje på kven som blir dei neste. Dette er noko me bør vere med å hjelpe til med og som folk har lyst til, seier Søreide.

Noko av det dei får mest spørsmål om, er rommet med ski, telt, padlebrett og kanoar. Fritidsutstyret låner kommunen ut gratis.

ETTERSPURT: Rommet med fritidsutstyr er noko veldig mange spør etter når dei kjem på Aukra rådhus, fortel servicesjef og medlem Aaslaug Søreide. Alt utstyret kan lånast gratis.

ETTERSPURT: Rommet med fritidsutstyr er noko veldig mange spør etter når dei kjem på Aukra rådhus, fortel servicesjef og medlem Aaslaug Søreide. Alt utstyret kan lånast gratis.

Omar Sejnæs

Dei fire første frå Ukraina

– Sjå her – dette er frå då eg og mannen min padla i Ukraina, fortel rekneskapsførar Svetlana.

Ho kom til Aukra i vår og viser fram eit bilde på mobilen av to personar i kvar
sin kajakk. Padlande på ei brei elv farga av ei låg kveldssol. No har ein ny kvardag starta:

– Når me køyrde, såg snøen og alle dei små husa, tenkte eg at det kan vere her julenissen bur. Det ser ut som eit eventyr. Det er veldig stille her og ikkje så mykje folk, seier Svetlana og får anerkjennande nikk frå venninnene Vlada, Jana og Oksana.

Praten om at Oksana har fanga sin første fisk nokosinne og kajakkpadling blir med eit brote. Ein skarp sirenelyd skjer igjennom rommet. Svetlana senkar augebryna og handa finn telefonen raskt.

UKRAINA: Dotter Maria og mor Oksana har kome frå vest i Ukraina til Aukra i Møre og Romsdal. Oksana har aldri fiska før og står over kjelen med supa frå den første fisken ho har fanga i sitt liv: -Det er veldig stille, roleg og mykje natur her, fortel landmålaren.

Alarm

Den ulande lyden frå telefonen fortel at no er det eit nytt luftangrep på gong mot heimbyen hennar Mykolajiv.

Heimbyen til Svetlana står i vegen for mannen ved det lange bordet sine planar om å ta Odessa og sørlege Ukraina. Sjukehus og administrasjonsbygg er øydelagt. Svetlana fortel at russiske soldatar har sprengt og skote i stykkar vindauga på huset til svigerfaren:

– Det einaste vi vil er at dette skal slutt. Og at Ukraina skal bli fritt. Vi vil heim når dette er over. Samtidig er me veldig takksame til alle som har hjelpt oss her i Noreg, seier rekneskapsføraren.

VIL HEIM: Dei ukrainske flyktningane har nettopp kome til Noreg og Nord-Vestlandet. Alle fortel dei vil to ting. At Ukraina blir fritt og at dei kan reise heim igjen. Frå venstre Maria, landmålar Oksana, tolk Gosha Breivik, Misha, barnehagelærar Jana, grafisk designar Vlada og regnskapsførar Svetlana.

Haugar til flyktningar

I ein sofa inne på eining for innvandring og integrering ligg ei lita rosa jakke. Den ligg på toppen av ein haug med andre klede i eit lagerrom fylt til taket med alt frå barnevogner til barneseter til bil.

Haugane kom frå innbyggarane på øya. Ein av dei som hjelper flyktningane med å finne sin plass på Aukra er Naqeebullah Poya. Miljøarbeidaren meiner det er viktig å lytte til flyktningane:

– Det er viktig å vise sympati. Bruk ti minutt og ver med dei. Høyr korleis dei har det, seier Poya som sjølv har bakgrunn som flyktning. Han kom nettopp inn døra etter å ha køyrt ein ukrainsk familie til eit ærend.

– Folk har sett det grusomme, og det er grunnen til at dei flyktar. Dei har aldri drøymt om og ønsker å flykte. Eg hadde ein draum om å bli journalist og ein person som kunne bli viktig for å forandre mitt land, Afghanistan. Eg var ferdig med universitetet og på veg til å bli journalist. Men, på grunn av krig har eg ikkje den sjansen, fortel Poya. Han meiner det er viktig å møte folk på flukt med empati.

TEK I MOT: Fagforbundet-medlem Richard Parr og Naqeebullah Poya jobbar som miljøarbeidarar: – Eg trivs godt i Molde. Eg har fast jobb i Aukra og bur saman med min familie og har gode venner. Noreg har blitt min andre heim, fortel Poya som sjølv har bakgrunn som flyktning.

– Ser på flyktningane som ressurs

Ei av dei som bestemte at kommunen skal ta imot 120 flyktningar er Berit Cesilie Huse. Ho er leiar av Fagforbundet i Aukra, og er i tillegg leiar yrkesseksjon kontor og administrasjon i kommunen.

Huse jobbar i økonomiavdelinga på rådhuset. I tillegg sit ho i kommunestyret for Arbeidarpartiet.

– Korfor trur du at det politiske miljøet på Aukra var tidleg ute med å signalisere at kommunen vil ta imot flyktningar, før forespørselen kom?

– Det trur eg eigentleg alle vil. Det er kanskje au eit kostnadsspørsmål og at me er betre stilt enn andre kommunar. Det vil koste, men samtidig tenkjer eg at flyktningane vil bidra. Eg tenkjer at haldninga i kommunen er at flyktningar er ein ressurs som vil bidra til lokalsamfunnet, seier Huse.

Alle i kommunestyret var einige om å ta imot dei 120 flyktningane.

– Eg trur dette er folk som kjem til å verte sjølvhjelpne ganske fort, seier Berit Cesilie Huse.

RESSURS: Berit Cecilie Huse leiar Fagforbundet Aukra og fortel at kommunen ser på flyktningar som ein ressurs.

RESSURS: Berit Cecilie Huse leiar Fagforbundet Aukra og fortel at kommunen ser på flyktningar som ein ressurs.

Omar Sejnæs

Ordføraren har sjølv blitt bomba og skoten etter

– Eg visste eg ville ha kommunestyret med meg, seier den høgreiste ordføraren av den vesle øykommunen med 3500 innbyggarar.

Den 24. februar vakna Odd Jørgen Nilssen til bilde av glupske flammar frå bomber, skyting og straumar av flyktningar. Alt dette er noko han har sett, kjent lukta av og hatt pipelyd i øyra av.

OPNA KOMMUNEN: Ordførar Odd Jørgen Nilssen (H) gjekk ut nokre dagar etter angrepet mot Ukraina og sa at kommunen vil ta i mot flyktningar. Nilssen har bakgrunn som Libanon-veteran og fortel han veit ein god del om kva krig gjer med folk og samfunn.

Gjekk tydeleg ut

Nokre dagar etter at Putin sende hundre tusen soldatar over den ukrainske grensa, gjekk ordførar Nilsen ut i lokalavisa Romsdals Budstikke. Han gjorde det klart at kommunen hans skulle ta imot flyktningar.

Om han fekk kommunestyret med seg på å ta imot 120 flyktningar, ville Aukra bli blant dei som tok i mot aller flest flyktningar per innbyggar i landet.

Han gjorde det au klart at det skulle sikrast at sparepengane til kommunen ikkje var investert i noko som støtta opp om Putin-regimet.

Neste alle i jobb

Etter at Nilssen fekk ordførarkjede rund nakken i 2019, har milliardane strøymde inn til den norske statskassa via Aukra.

På nordsida av øya ligg eit av det største industrianlegga i landet. Gass blir pumpa opp frå Nordsjøen, sendt til Aukra og vidare til England. Gassen frå Ormen Lange-feltet forsyner ca. 25 prosent av behovet til Storbritannia.

Eigedomsskatt frå industrianlegget gjev Aukra 250 millionar kroner ekstra. Det gjer at øya på nordvest-landet er Noregs rikaste kommune, med ein milliard i sparepengar.

– Eg trur vi blei spurt om å ta imot flyktningar fordi myndigheitene veit me har ein rimeleg trygg kommuneøkonomi. Og vi har gode erfaringar med busetting av flyktningar før, fortel den tidlegare lensmannen.

Frå 2016 og fram til i dag har over ni av ti flyktningar som har kome til Aukra kome seg i arbeid eller utdanning. Etter at Nilssen gjekk ut og sa at Aukra ville opne dørene for 120 flyktningar, fekk han med seg eit samrøystes kommunestyre.

OPNA KOMMUNEN: Ordførar Odd Jørgen Nilssen (H) gjekk ut nokre dagar etter angrepet mot Ukraina og sa at kommunen vil ta i mot flyktningar. Nilssen har bakgrunn som Libanon-veteran og fortel han veit ein god del om kva krig gjer med folk og samfunn.

OPNA KOMMUNEN: Ordførar Odd Jørgen Nilssen (H) gjekk ut nokre dagar etter angrepet mot Ukraina og sa at kommunen vil ta i mot flyktningar. Nilssen har bakgrunn som Libanon-veteran og fortel han veit ein god del om kva krig gjer med folk og samfunn.

Omar Sejnæs

«Du treng ikkje hjelm»

For Nilssen er krig noko meir enn bilde i nyheitene. Og flyktningar noko meir enn tal i eit kommunebudsjett. Ordføraren lener seg godt tilbake i stolen og opnar opp om kva han har opplevd:

– Eg hugsar me spurte om me skulle ta på oss hjelmane. Dei andre soldatane som me skulle avløyse sa at det var unødvendig, minnest Nilssen.

Han tek AG3-rifla på skuldra og klatrar opp i den grøne lastebilen saman med kameratane frå laget. Lastebilen rullar av garde på ein humpete støvete veg.

– Me sat i lastebilen og ante fred og ingen fare. Så høyrer me skotsalvane smelle. Han som sit rett framfor meg blir treffen i hovudet og eg får blodet hans spruta i ansiktet mitt. Når eg kikar meg til sida er det kulehol på begge sider av skuldrene mine i lastebilen.

Han var 22 år og ein del av den norske FN-styrka i Libanon kontingent II i 1978 og 1979.

Privat

– Skjønar meir av kva flyktningane har opplevd

Nilssen og dei andre norske soldatane kom rett inn i krigen mellom Israel og Libanon. Samtidig som det rasa ein opprivande borgarkrig i landet. Han blei skoten etter fleire gonger, nesten treft av granatar og vakna fleire netter av bombenedslag som fekk bakken til å riste under han:

– Bakgrunnen gjer at eg skjønar meir korleis folk har det. Eg veit ein del om kva folk frå krigsområde har opplevd, og eg kan sette meg lettare inn i situasjonen deira. Ikkje minst flyktningane som har kome til Aukra frå Syria, som er nabolandet til Libanon, seier veteranen.

Slår neven i bordet

65-åringen fortel at opplevingane hans har forma synet på flyktningar:

– Denne bakgrunnen min gjer at eg har vore tydeleg opp igjennom åra. Når eg har møtt lettvinte forklaringar om flyktningar. Då har eg kunne slått i bordet og sagt «høyr no her, slik er det ikkje».

– Folk som har opplevd krig og har med seg traume, det er beintøft. Når du veit korleis det er å bli skoten etter forstår du kva det gjer med folk, seier Høgre-politikaren.

Medan nokre politiske krefter spelar på skepsis til flyktningar, viser Nilssen til alle dei nye arbeidstakarane bedriftene i Aukra har fått.

– Erfaringane mine er nok med å bidra til engasjementet mitt for flyktningar. Slik har erfaringane blitt ei positiv ballast for meg.

– Folk har meldt ifrå at dei har bustader klare

– Me kunne ha busett dei over 120 flyktningane her og no. Folk har ringt inn og meldt ifrå at dei har bustader klare, seier Aud Lisbeth Lillebostad rett etter kommunen hennar sa ja til å ta imot folk på flukt frå krigen i Ukraina.

I år vil Aukra kommune ta imot svært mange flyktningar, målt per innbyggar. Lillebostad er einingsleiar for innvandring og integrering i øykommunen i Romsdal.

NORGESTOPPEN: Aukra kommune er blant dei i landet som tek i mot flest ukrainske flyktningar, målt per innbyggar. Aud Lisbeth Lillebostad er leiar for eining for innvandring og integrering og er personleg engasjert i arbeidet med flyktningar.

Øystein Windstad

Folkemøte og støtte

Rett etter at kommunen sa ja til å opne dørene for flyktningane blei det arrangert eit folkemøte. Bedrifter, frivillige, lag og organisasjonar møtte folk frå kommunen for å planlegge korleis dei kan hjelpe:

– Det er så stor velvilje blant folket i Aukra. Det er både hjarterom og husrom. Eg er heilt overtydd at dette er ei oppgåve me skal greie, seier Lillebostad.

Kontora til avdelinga hennar blei fylt med klede og møblar som øyfolket gav til flyktningane.

Flyktningar frå Syria stiller opp

Sidan 2016 har Aukra kommune busett 65 flyktningar. Av dei er i dag ni av ti i arbeid eller utdanning. Lillebostad fortel at fleire flyktningar frå blant anna Syria no har meldt seg som frivillige:

– Eg ser au at dei flyktningane som no er i introduksjonsprogrammet sjølve har lyst å hjelpe dei nye som kjem. Fordi dei fortel dei har opplevd den same krigen og vil ta vare på dei som kjem, fortel Lillebostad.

Sjølv om Aukra ligg langt frå både krigen i Ukraina og Syria, har Lillebostad vore tett på menneske på flukt. Spesielt ei oppleving har vore med å forma hennar engasjement for flyktningar.

HELLAS: Aud Lisbeth Lillebostad var saman andre norske frivillige på øya Lesvos i 2015. Ho fortel at på eit døgn kom det så mange overfylte båtar at ho mista tellinga.

HELLAS: Aud Lisbeth Lillebostad var saman andre norske frivillige på øya Lesvos i 2015. Ho fortel at på eit døgn kom det så mange overfylte båtar at ho mista tellinga.

Aud Lisbeth Lillebostad

Roa ned gråtande jente som ropte på mora

Ho gløymer aldri den natta i 2015 på ei strand på øya Lesvos i Hellas. Einingsleiaren står med armane i kors ved brystet då ho deler historia om den vesle jenta:

– Plutseleg kom det inn ein overfylt gummibåt mot stranda. Me som var der som frivillige sprang til så fort me kunne. Det var kaos då båten kom i land. Plutseleg blir eg ståande der, med den vesle jenta på rundt to år i armane. Ho hadde kome vekk frå foreldra sine. Eg tok ho inn i armane mine, bar ho rundt, roa og varma ho så godt eg kunne. Ho gråt og ropte på mor si, men blei roleg etter ei stund, seier Lillebostad.

– Eg tenkte med ein gong på barnebarna mine der heime når eg bar på ho, fortel einingsleiaren. Etter ei tid med leiting greidde dei frivillige å finne mora. Og Lillebostad kunne gje jenta over til mora sine armar og favn.

– Då blei det gledestårer, fortel Lillebostad. Den vesle jenta og mora blei seinare busett i Noreg.

Fikk du med deg denne? Kjæledyr og eiere på flukt fra krigen får trøst på ukrainsk av Inna i Sandnes

28.07.2022
06:00
01.08.2022 12:53