FriFagbevegelse jublar for rekordmykje lesing
FriFagbevegelse nærmar seg 10 millionar sidevisningar, med over 20 prosent auke i trafikken i fjor.
Sissel M. Rasmussen
frifagbevegelse@lomedia.no
Nettsidene våre enda med nærmare 9,6 millionar sidevisningar i 2018, i snitt 26.300 sidevisningar per dag. Det er ein auke med over 20 prosent frå 2017. Talet brukarar og lesetid har også gått opp. I april sette nettavisa i tillegg ny månadsrekord, med over éin million sidevisningar.
– Det er veldig gledeleg at stadig fleire vil lese det gode innhaldet som blir publisert på frifagbevegelse.no. Det er spesielt gledeleg at det er seriøse og viktige saker om arbeidsliv, samfunn og politikk som blir mest lest. I 2018 er FriFagbevegelse blitt ein viktigare nettstad å lese for å vere oppdatert på det som skjer i og rundt norsk arbeidsliv. Vi skal gjere det vi kan for å forsterke denne trenden i 2019, seier ansvarleg redaktør Tore Ryssdalsnes.
FriFagbevegelse sine saker er blant nyheitsartiklane som vekkar mest engasjement på sosiale medium. I fjor var auken på nesten 55 prosent frå 2017, som gjer nettavisa til den som aukar nest mest i engasjement på sosiale medium. Omtrent ein tredjedel av trafikken til nettavisa kjem frå desse kanalane.
– FriFagbevegelse har for det meste tillitsvalde og medlemmer som lesarar, og mange av desse er veldig engasjerte. Vi har langt fleire delingar og kommentarar enn trafikken vår skulle tilseie. Fleire dagar i løpet av året har vi hatt saker som har vore blant landets mest delte. FriFagbevegelse er dermed ein viktig premissleverandør for mange av debattane som går i sosiale medier, seier Ryssdalsnes, som håper at 2019 blir året der nettstaden passerer 10 millionar sidevisningar.
Her er dei 10 mest lesne sakene på FriFagbevegelse i 2018:
• Hvordan er det mulig å drive handel på norsk side av svenskegrensa?
• – Vi burde fått krisehjelp, men vi er jo bare «barnevernsforeldre»
• Dette er de 25 dårligst betalte yrkene
• Her starter de ansatte hver arbeidsdag med å finne seg en pult. Det er ikke nok til alle.
• Fra 1. desember kan du kreve høyere lønn om du jobber i disse yrkene. Her er de nye minstelønningene
• Dette er lønna i over 300 yrker
• Geofysiker Paul har søkt 2500 jobber, men får ikke napp i Norge: – Systematisk diskriminering
• Lege om nye Nav-regler: – Det er helt krise for mine pasienter