JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Med fast tilsetting er Vrajesh Saha garantert arbeid og lønn. Han har også krav på pensjon, sjukelønn, yrkesskadeforsikring og reglar for arbeidstida. I tillegg får han tariffavtale og ei fagforeining som kvart år forhandlar fram betre lønns- og arbeidsvilkår.

Med fast tilsetting er Vrajesh Saha garantert arbeid og lønn. Han har også krav på pensjon, sjukelønn, yrkesskadeforsikring og reglar for arbeidstida. I tillegg får han tariffavtale og ei fagforeining som kvart år forhandlar fram betre lønns- og arbeidsvilkår.

Håvard Sæbø

Frå frilans til fast jobb

Da Foodora-bodet flaug over sykkelen og brekte armen, fekk han merke ulempa med å vere frilansar

– Eg måtte jobbe før eg var frisk. Eg hadde ikkje råd til å vere sjuk, seier Vrajesh Saha. I to år jobba indaren som sjøvstendig oppdragstakar for Foodora før han fekk fast jobb.

tormod@lomedia.no

Oslo: Med hjelp frå fagforeininga fekk Vrajesh Saha fast tilsetting som Foodora-sykkelbod i november.

Forskjellen på frilans og fast tilsetting har han fått kjenne på kroppen, bokstaveleg talt.

For to år sidan var han i ei arbeidsulukke. Han bremsa så hardt at han flaug over sykkelen og brekte armen.

– Eg måtte jobbe før eg var frisk. Eg hadde ikkje råd til å vere sjuk, seier han.

Som fast tilsett har han derimot rett på sjukelønn frå første dag. I tillegg må arbeidsgivaren ha yrkesskadeforsikring for ham. Det trengst i ein risikofylt jobb.

Meir pensjon, feriepengar og reglar for arbeidstida er andre ting Saha har krav på.

Da Vrajesh Saha var i ei arbeidsulukke som frilansar, måtte han begynne å jobbe før han var frisk. Han hadde ikkje råd til å vere sjuk. Småbarnsfaren måtte jobbe når det var arbeid å få, og han seier det var vanskeleg å balansere arbeid og familie.

Da Vrajesh Saha var i ei arbeidsulukke som frilansar, måtte han begynne å jobbe før han var frisk. Han hadde ikkje råd til å vere sjuk. Småbarnsfaren måtte jobbe når det var arbeid å få, og han seier det var vanskeleg å balansere arbeid og familie.

Håvard Sæbø

No kan småbarnsfaren planlegge når han skal ha fri saman med familien, og han er garantert arbeid og lønn. Som frilansar måtte han jobbe når det var arbeid å få, og det var vanskeleg å balansere arbeid og familie.

– Føreseielegheit og tryggleik, trekker han fram som fordelar med fast tilsetting.

Han trekker også fram fagforeininga og tariffavtala dei tilsette har i Foodora.

Fagforeininga forhandlar opp lønna for dei tilsette kvart år. Gjennom fagforeininga har tilsette ein kanal der dei kan seie si meining til leiinga.

– Ein har rettar i ei fagforeining, seier Fellesforbundet-medlemmen.

Ny regel

No skal ei lovendring som trår i kraft neste år, gjere at fleire får same moglegheiter som Saha.

Det skal bli enklare å få tilsetting for dei som feilaktig er definert som sjølvstendige oppdragstakarar – og dermed vanskelegare for bedrifter å snike seg unna arbeidsgivaransvaret.

Det nye er ei omvend bevisbyrde i arbeidsmiljølova: Oppdragsgivaren må kunne bevise at du faktisk er oppdragstakar og ikkje arbeidstakar. Ein oppdragstakar skal for eksempel ikkje vere styrt, leia og kontrollert av oppdragsgivaren.

Dersom det er tvil, så skal du altså vere tilsett med alle rettane som følger med.

Forslaget vart fremma av regjeringa, men kjem opphavleg frå det såkalla Fougner-utvalet som har undersøkt nye problemstillingar i norsk arbeidsliv.

Arbeidstakarsida og myndigheitene var for, mens arbeidsgivarsida var mot. Men med unntak av FRP og Venstre, stemte heile Stortinget for.

Det organiserte arbeidslivet

Problema er kanskje aller størst i transportbransjen. Der er veldig mange oppdragstakarar. Dei jobbar som sykkelbod, bodbilsjåførar og drosjesjåførar.

– Dei aller fleste er ikkje reelt sjølvstendige, meiner Fredrik Winger-Solvang i Oslo Transportarbeiderforening i Fellesforbundet.

Likevel er dei unntatt reglar i arbeidsmiljølova, folketrygdlova, ferielova, OTP-lova (om tenestepensjon) og yrkesskadeforsikringslova.

Dei får heller ikkje tariffavtale og beskyttelse frå fagforeiningar.

– Det et opp og undergrev dei organiserte delane av arbeidslivet. Vi veit det ikkje er lett å drive med fast tilsette i konkurranse med dei som bruker oppdragstakarar, som vi ser i Foodora. Og det spreier seg til nye næringar, seier Winger-Solvang.

Han er derfor glad for den omvende bevisbyrda.

Fredrik Solvang-Winger er tillitsvalt i Oslo Transportarbeiderforening.

Fredrik Solvang-Winger er tillitsvalt i Oslo Transportarbeiderforening.

Tormod Ytrehus

Vil saksøke arbeidsgivarane

Men han meiner samtidig lovendringa ikkje monnar, så lenge kvar enkelt oppdragstakar må ta kampen for tilsetting kvar for seg.

Fagforeiningar må få lov til å saksøke bedrifter for brot på lovparagrafen, krev han.

Både LO og Fellesforbundet har i fleire omgangar bedd regjeringa vurdere kollektiv søksmålsrett når det gjeld feil bruk av sjølvstendige.

Winger-Solvang ønsker seg ein betre kollektiv søksmålsrett enn den som gjeld innleige frå bemanningsbyrå: Den må kunne tvinge arbeidsgivarane til å tilsette folk gjennom fullbyrdingsdommar. Og den må også gjelde oppdragstakarar som har mista kontrakten på domstidspunktet.

– Vi har ikkje fått verktøya vi treng, meiner Winger-Solvang.

– Vi har sagt det til politikarane ein del gongar, så no er vi irriterte.

Kan komme seinare

Stortinget stemte faktisk ned eit forslag frå Raudt om at regjeringa skulle vurdere ein sånn søksmålsrett for fagforeiningar. Det til trass for at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjeringsplattforma har slått fast at dei vil vurdere å innføre kollektiv søksmålsrett på fleire område enn innleige.

Regjeringa har foreslått og kjem til å foreslå ei rekke regelendringar i arbeidslivet. Det svarer Ap-politikar Tuva Moflag i ein e-post til Magasinet. Men det er viktig at ein ser endringane i samanheng, meiner stortingspolitikaren.

Det viktigaste er ikkje at endringane kjem raskast mogleg aleine, meiner ho, men at endringane blir gjort med bakgrunn i gode argument og eit klart mål.

– Dei må skunde seg å vedta det mens dei sit i regjeringskontora, kommenterer Winger-Solvang i fagforeininga.

Tuva Moflag for Arbeidarpartiet i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Tuva Moflag for Arbeidarpartiet i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Sissel M. Rasmussen

Straff frå Arbeidstilsynet

Politikarane vedtok derimot, mot stemmene til Frp, at regjeringa «snarast mogleg» skal vurdere om Arbeidstilsynet skal få påleggskompetanse når det gjeld lovparagrafen.

Det betyr at tilsynet kan pålegge arbeidsgivarar å tilsette dei som feilaktig jobbar som oppdragstakarar – og gi bedriftene bøter og anna straff dersom dei ikkje gjer det.

Fellesforbundet var før lovendringa bekymra for at useriøse bedrifter ikkje vil følge lova dersom dei slepp unna straff frå Arbeidstilsynet. Raudt ville gjere noko med det med ein gong. Men resten av Stortinget ville vente på at regjeringa undersøker saka.

Ap-politikar Moflag understrekar at partiet og fleirtalet på Stortinget er positive til forslaget, men er opptatt av eit grundig lovarbeid.

– Vi samarbeider gjerne med og kan tipse Arbeidstilsynet, kommenterer Winger-Solvang i Oslo Transportarbeiderforening, men understrekar at tilsynet også treng meir pengar frå politikarane for å gjere jobben.

Respekt for arbeidsfolk

Tilbake på Foodora-sentralen i Trondheimsveien i Oslo er Vrajesh Saha klar for dagens vakt på sykkelen.

På grunn av manglande norskkunnskapar har 45-åringen ikkje fått bruke mastergraden sin i marknadsføring her til lands.

Etter at indaren flytta til Norge i 2016 fordi kona fekk seg ein IT-jobb her, har han jobba på gatekjøkken og som reinhaldar. På gatekjøkkenet vart han utsett for lønnstjuveri, og arbeidsforholda som reinhaldar var dårlege, fortel han.

– Men her føler eg meg respektert som arbeidar, seier han om jobben som fast tilsett og fagorganisert Foodora-bod.

Arbeidstakar eller oppdragstakar?

Stortinget vedtok den omvende bevisbyrda i mars, og den trår i kraft 1. januar 2024:

«Det skal legges til grunn at det foreligger et arbeidstakerforhold med mindre oppdragsgiver gjør det overveiende sannsynlig at det foreligger et selvstendig oppdragsforhold», er den nye regelen i arbeidsmiljølova paragraf 1-8.

Ein arbeidstakar er «enhver som utfører arbeid for og underordnet en annen.
Ved avgjørelsen skal det blant annet legges vekt på om vedkommende løpende stiller sin personlige arbeidskraft til disposisjon, og om vedkommende er
underordnet gjennom styring, ledelse og kontroll».

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss