JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
GRAFISKE ARBEIDARAR: Litografane, bokbindarane, typografane og kjemigrafane i Oslo samarbeida tett. Her frå 1. mai-toget i 1970, tolv år før dei vart slått saman til Oslo Grafiske Fagforening.

GRAFISKE ARBEIDARAR: Litografane, bokbindarane, typografane og kjemigrafane i Oslo samarbeida tett. Her frå 1. mai-toget i 1970, tolv år før dei vart slått saman til Oslo Grafiske Fagforening.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Oslo Grafiske Fagforening fyller 150 år:

Dei grafiske arbeidarane er arbeidarrørslas pionerar. Da som no stod kampen om eit trygt og ordna arbeidsliv

Både når det gjeld kampen for tariffavtaler og velferdsordningar var dei grafiske arbeidarane i hovudstaden pionerar i norsk arbeidarrørsle. Historia om LOs lengstlevande fagforeining startar i 1872.

tormod@lomedia.no

OSLO: Magasinet for fagorganiserte har tatt turen til kjellaren i Folkets Hus på Youngstorget i Oslo. Her ligg nokre tusen hyllemeter med historiske dokument frå norsk arbeidarrørsle.

Førstearkivar Tor Are Johansen i Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek hentar fram ein boks med eit skikkeleg klenodium. Han viser fram det som sannsynlegvis er Norges første fagblad, «Guttenberg» frå 1872.

Dette var typografane i Kristiania sitt medlemsblad, eller kanskje rettare sagt bok. I dag får 160.000 fagorganiserte Magasinet i posten kvar månad, og medlemmene kan dessutan lese sakene på nett. I 1872 vart siste nytt sirleg handskrive i ei bok som medlemmene måtte gå på fagforeiningskontoret for å lese.

Det er derfor vi er her: for å få nokre innblikk i starten på historia til LOs lengstlevande fagforeining – Oslo Grafiske Fagforeining som fyller 150 år i år. Dagens namn fekk fagforeininga i 1983 etter samanslåinga av Oslo Typografiske Foreining, Oslo Litograf- og Kjemigrafforening og Oslo Bokbinderforening.

GUTTENBERG: Typografane i Christiania kalla opp fagbladet sitt etter boktrykkekunstens far. Frå 1876 gav dei ut «Typografiske Meddelelser» som vart gjenoppliva som fagforeiningsblad av Oslo Grafiske Fagforening i 2005.

GUTTENBERG: Typografane i Christiania kalla opp fagbladet sitt etter boktrykkekunstens far. Frå 1876 gav dei ut «Typografiske Meddelelser» som vart gjenoppliva som fagforeiningsblad av Oslo Grafiske Fagforening i 2005.

Tormod Ytrehus

Kampen for tariffavtale

Den Typografiske Forening i Christiania reknast som opphavet til dagens Fellesforbundet-avdeling. Den vart stifta 23. juli 1872 med 112 medlemmer. I Guttenberg kan vi lese om kvifor fagforeininga vart starta. Da som no var formålet å kjempe for tariffavtale med ordna lønns- og arbeidsvilkår, kjempe for retten til å organisere seg og stå samla i forhandlingar med arbeidsgivarane.

Typografane i Christiania var tidleg ute med kravet om tariffavtale. Dei var lesande arbeidarar som var godt orienterte om kva som skjedde i utlandet og let seg inspirere av arbeidsfolk i andre land. Ei sveineforeining gjorde framstøyt for felles reglar om lønn og arbeidstid allereie på 1850-talet. I 1872 forhandla fagforeininga fram ei tariffavtale, men arbeidsgivarane nekta å inngå avtala med andre enn kvar enkelt tilsett. Ikkje før 1889 skjedde det ei endring.

NORGES ELDSTE: Oslo Typografiske Forening på 1. mai i 1962.

NORGES ELDSTE: Oslo Typografiske Forening på 1. mai i 1962.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Tøff arbeidskamp

Frå arkivet i Folkets Hus hentar arkivar Johansen fram ein plakat. Der ser vi bilde av 49 namngitte streikebrytarar i den tøffe typografstreiken i Kristiania i 1889. Plakatane vart hengde opp på arbeidsplassane og trykt i fagforeiningsbladet Typografiske Meddelelser, til spott og spe. I kvart hjørne er det ein revolver. Det kan ha vore fordi Aftenposten-eigar Amandus Schibsted skal ha utstyrt streikebrytarane sine med revolverar, forklarer Johansen.

160 typografar hadde gått ut i streik for betre betaling og regulering av talet lærlingar. Etter fire månader var streikekassa tom, og fagforeininga måtte akseptere eit tilbod frå arbeidsgivarane dei ikkje var nøgde med. Den harde konflikten sette spor gjennom ei årrekke, og det tok lang tid før streikebrytarane fekk bli med i fagforeininga igjen. Samtidig vart trykkeria til Aftenposten og Morgenbladet stengde for fagorganiserte i fleire år.

Sett i ettertid var streiken likevel vellukka som den første moderne, store og velorganiserte, streiken i Norge. Typografane førebudde seg godt, jobba iherdig for å hindre streikebryting, og dei sikra seg støtte frå fagforeiningskameratar i andre land. Dessutan var fagforeininga part i den nye tariffavtala med den nystarta arbeidsgivarforeininga.

STREIKEBRYTARAR: Typografane som jobba under streiken i Kristiania i 1889, fekk hard medfart frå dei fagorganiserte. Arbeidsgivarane skulda dei streikande for å rasere trykkeria og jule opp streikebrytarar.

STREIKEBRYTARAR: Typografane som jobba under streiken i Kristiania i 1889, fekk hard medfart frå dei fagorganiserte. Arbeidsgivarane skulda dei streikande for å rasere trykkeria og jule opp streikebrytarar.

Tormod Ytrehus

Tidleg ute med velferd

Det var ikkje berre kravet om tariffavtale dei grafiske arbeidarane var tidleg ute med. Ulike velferdstiltak var viktig for fagforeiningane. Johansen viser fram ein protokoll frå 1819 frå arkivet. Den høyrer til understøttelseskassa til boktrykkarane, der sveinar og meistrar skaut inn pengar. Dei fekk så utbetalt støtte ved sjukdom, til gravferder og som reisestøtte ved arbeidsløyse. Protokollen er ein del av Norges dokumentarv, som eit eksempel på tidlege ordningar som seinare har blitt utvikla til velferdsstaten vi kjenner i dag.

Bokbindarane hadde også eit hjelpefond oppretta i 1832. Johansen viser fram kassaboka og protokollen frå møta der arbeidsgivarar og tilsette avgjorde kven som skulle få støtte. Også stiftingsprotokollen til Bokbinderforeningen i Kristiania frå 1882 får vi sjå. Foreininga vart danna da to fond vart slått saman, og fagforeininga rekna stiftingsdatoen tilbake til 1832. Støtteordningar kontrollert av arbeidsgivarar og tilsette er derimot ikkje noko vi reknar som fagforeiningar i dag.

Fagforeiningane tok riktig nok kontrollen over hjelpefonda etter kvart, noko som var ein viktig rekrutteringsfaktor.

TIDLEG UTE: Hjelpekassa til boktrykkarane danna i 1819, kan reknast som opptakta til fagforeininga som vart danna søtti år seinare.

TIDLEG UTE: Hjelpekassa til boktrykkarane danna i 1819, kan reknast som opptakta til fagforeininga som vart danna søtti år seinare.

Tormod Ytrehus

Gammal og ny historie

Tor Are Johansen var redaktør for den førre jubileumsboka til «Fra bly til bytes» frå 1997, som er blant kjeldene i denne saka. Den tar for seg utviklinga til fagforeiningane og faget frå innføringa av nye trykkpresser og settemaskinar på slutten av 1800-talet, til nyare tids offsetpresser og datamaskiner. Kva har så gjort at fagforeiningane overlevde gjennom tider der mange andre foreiningar var kortlevde og måtte legge inn årene?

– Dei har alltid hatt høg organisasjonsgrad og kunne sikre medlemmane sine interesser. Dei hadde også relativt lang fagutdanning, noko som har gjort dei til attraktiv arbeidskraft og hatt beskyttande effekt. Kanskje det at dei fekk forhandla fram ei tariffavtale så tidleg som 1872 også bidrog.

PS. Til hausten kjem ei ny jubileumsbok om Oslo Grafiske Fagforening. Den skal handle om korleis fagforeininga har takla utfordringa med den dramatiske utflyttinga av trykkeri til utlandet og digitaliseringa av mediekvardagen dei siste 25 åra.

Oslo Grafiske Fagforeining

Stifta 23. juli 1872 som Den Typografiske Forening i Christiania.

Forhandla fram ei tariffavtale same år, og vart part i tariffavtala etter typografstreiken i 1889.

Fekk dagens namn i 1983 etter samanslåinga av Oslo Typografiske Foreining, Oslo Litograf- og Kjemigrafforening og Oslo Bokbinderforening.

Frå 2006 ei avdeling i Fellesforbundet da Norsk Grafisk Forbund gjekk inn i Fellesforbundet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss