JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
FERIE FOR ALLE: Med ferielova i 1947, vart også Feriefondet oppretta. Fondet delte blant anna ut pengar til utvikling av feriemoglegheiter for husmødrer og ferieheimane til fagforeiningane. Her frå Sagene Arbeiderkvinnelags ferieheim i 1948.

FERIE FOR ALLE: Med ferielova i 1947, vart også Feriefondet oppretta. Fondet delte blant anna ut pengar til utvikling av feriemoglegheiter for husmødrer og ferieheimane til fagforeiningane. Her frå Sagene Arbeiderkvinnelags ferieheim i 1948.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Feriebøker og feriemerke:

Før 1976 hadde arbeidsfolk feriepengane på bok

Fram til 70-talet kunne feriekasser og eit offentleg fond passe på arbeidarane sine feriepengar, sånn at arbeidsgivaren ikkje stakk av med dei.

tormod@lomedia.no

I starten av førre hundreår fekk fleire og fleire arbeidarar ferie med full lønn. Grunnen var at dei fagorganiserte seg og forhandla fram tariffavtaler med arbeidsgivarane.

Men korleis skulle arbeidarane vere sikker på å få feriepengane dei hadde krav på? Fagforeiningane og arbeidsgivarane avtalte i hovudsak to ordningar.

Feriekasser

Den eine løysinga var å betale ut full lønn som vanleg når dei tilsette var ute i ferie, skriv Berger Ulsaker i bøkene sine om ferielova. Den andre var å sette av ein del av lønna fram til ferien.

Det såkalla avsettingssystemet kunne fungere på to måtar. Anten kunne arbeidsgivaren passe på pengane fram til ferien nærma seg, noko som var vanleg i industrien. Elles kunne dei betale inn til ei feriekasse, noko som var vanleg innanfor byggfaga. Arbeidsgivaren betalte altså inn til ei feriekasse, som igjen betalte ut til dei tilsette før ferien.

Reint praktisk skjedde dette gjennom kjøp av feriemerke, som vart sette inn i kvar enkelt tilsett si feriebok. Når det var på tide med ferie, kunne arbeidaren veksle inn feriemerka i pengar. Sånn var ein sikra at pengane var der når ferien kom.

Saka held fram under bildet.

TARIFFAVTALER: Våren 1927 kunne Arbeiderbladet melde at ferieboka hadde blitt ein del av tariffavtala til målarane.

TARIFFAVTALER: Våren 1927 kunne Arbeiderbladet melde at ferieboka hadde blitt ein del av tariffavtala til målarane.

Faksimile

Postkontoret

I 1947 vart ordninga ein del av norsk lov, gjennom den nye ferielova som skulle sikre norske arbeidarar tre veker ferie med full lønn.

Tilsette med fast lønn hadde riktig nok rett på vanleg lønn betalt ut siste lønningsdag før ferien. Dei med varierande lønn, som for eksempel akkordlønn, skulle derimot få feriemerke i boka minst ein gong i månaden.

Samtidig vart det offentlege Feriefondet oppretta. Fondet sende ut feriemerka som vart selt gjennom Postverket. Desse kjøpte arbeidsgivaren og klistra inn i ferieboka som både tilsette og tillitsvalde hadde rett til å kontrollere. Både dei med fast og varierande lønn fekk med seg ei feriebok dersom dei slutta i jobben.

Feriefondet

Det var samtidig ei rekke vilkår knytt til utbetalinga. Arbeidarar måtte ha ein attest frå arbeidsgivar om at dei skulle ha ferie. Var du arbeidsledig, måtte du fram til 1968 ha ein attest frå kommunen som stadfesta ferien. Og dersom du ikkje henta ut pengane innan året var omme, var pengane Feriefondet sine.

Pengane gjekk likevel ikkje til spele. Fondet brukte overskotet frå ordninga på «sunne og hensiktsmessige feriemuligheter» for alle. Vanskelegstilte husmødrer var ei prioritert målgruppe gjennom tildelingar. Frå 1961 og fram til den statlege lønnsgarantiordninga vart oppretta i 1974, erstatta dessutan fondet feriepengar dersom arbeidsgivaren hadde brukt opp pengane til dei tilsette.

Les også: Anne-Sol Simensen fører ein gammal arbeidartradisjon vidare

Boka blir lukka

I 1965 gjorde Stortinget endringar i ferielova som skulle gjere reglane meir like for dei med fast og varierande lønn. Alle skulle ha rett på ein viss prosent av lønna i feriepengar, utbetalt siste lønningsdag før ferien. No var ferieboka berre påbydd innanfor byggfaga. Alle skulle likevel få feriebok dersom dei slutta i jobben, med mindre tariffavtalene slo fast noko anna.

Saka held fram under bildet.

FERIEBOK: Sånn såg dei ut, feriebøkene som skulle sikre arbeidsfolk pengar til ferien.

FERIEBOK: Sånn såg dei ut, feriebøkene som skulle sikre arbeidsfolk pengar til ferien.

Finotro i Båtsfjord / Finnmark fylkesbibliotek

Ti år seinare, i 1976, vart derimot ferieboka lukka for godt og feriemerka borte frå lova. Sånn grunngir statsminister Odvar Nordli avgjerda i ei pressemelding om avbyråkratisering: «Feriepenger bør utbetales kontant når et arbeidsforhold opphører uten å behøve den tungvinte ordning med feriemerker som først kan frigis på et tidspunkt når myndighetene mener at folk bør ta sin ferie.»

Tre grunnar

«Feriemerkesystemet ble i sin tid innført for å sikre at feriegodtgjøringen var til stede når ferien skulle tas», skriv Berger Ulsaker. I tillegg var det viktig at dei som ofte skiftar arbeidsgivar ikkje skulle bruke opp feriepengane før ferien.

Ulsaker trekker fram tre grunnar til at ordninga likevel vart skrota: Den førte til mykje arbeid for arbeidsgivarane, mykje arbeid for spesielt Postverket og ein del arbeidarar ville bestemme over feriepengane sjølv når dei slutta i jobben.

Frå feriebok til feriekonto?

I dag, 45 år seinare, tar fagforeiningar og politikarar igjen til orde for ei ordning der feriepengane blir sette av på ein sånn måte at arbeidsgivar ikkje kan bruke dei opp. Bakgrunnen er bedriftene sin pengemangel i samband med koronakrisa.

LO har foreslått at arbeidsgivar må betale inn pengar på ein låst feriepengekonto, som arbeidstakar og tillitsvald kan kontrollere. Dermed kan det kanskje liggje an til at ferieboka får sin tilbakekomst, om enn i ei ny form.

Feriemerke og -bøker

Ei avtalefesta ordning innanfor byggfag, der arbeidsgivarar kjøpte feriemerke i ei feriekasse og klistra dei inn i ei feriebok.

Ein del av ferielova frå 1947 til 1976, for tilsette med variabel lønn og arbeidarar som slutta i jobben.

Gjennom Postverket i 1949, vart dei løysa inn i 28 millionar kroner fordelt på 150.000 personar (600 millionar i dagens verdi).

Ferie med lønn

Gjennom tariffavtaler vanleg i fleire og fleire bransjar frå starten av førre hundreår.

Først lovfesta gjennom arbeidarvernlova 1936 (ni dagar).

Deretter lovfesta gjennom ferielova i 1947 (tre veker) og utvida i 1965 (fire veker).

Vart i tariffavtalene utvida til fem veker frå 2002.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss