VARSKU: Om ikkje LO-leiinga kjem på banen i straumpriskrisa, kan konsekvensen bli utmeldingar frå LO og partiflukt frå Arbeidarpartiet. Det er åtvaringa frå klubbleiarane Rune Sundt Larsen og Bent Andersen i Kongsberg-industrien.
Tormod Ytrehus
Straumpriskrisa
Industriarbeidarar kritiserer LO-leiinga: – Trist at vi ikkje har folk på topp som kjempar for oss
LO-leiinga har vore usynlege og gjer ikkje nok for å løyse straumpriskrisa. Det meiner tillitsvalde i Kongsberg-industrien.
tormod@lomedia.no
KONGSBERG: Kommunen er blant Norges største industrikommunar. Her har det vore fagorganiserte industriarbeidarar sidan 1896.
Industristadar som Kongsberg og dei som jobbar der er grunnfjellet til arbeidarrørsla.
Rune Sundt Larsen representerer 440 Fellesforbundet-medlemmar i Kongsberg Defence & Aerospace og Bent Andersen 180 medlemmar i GKN Aerospace.
Klubbleiarane i Kongsberg-industrien kritiserer no leiinga i LO som Fellesforbundet er ein del av, for å sitte stille i båten under ei straumpriskrise for arbeidsfolk og arbeidsplassar.
– Dei har gøymd seg i skapet saman med regjeringa. Vi er skuffa over eit handlingslamma LO som ikkje tar kampen for medlemmane, seier Andersen til Magasinet for fagorganiserte.
– LO-leiinga høyrer ikkje på grasrota og tillitsvalde, men følger partipisken, meiner Larsen og viser til samarbeidet med det regjerande Arbeidarpartiet.
Sjå svaret frå LO-leiaren lengre ned i saka.
Arbeidsfolk og arbeidsplassar i fare
Klubbleiarane er frustrerte over at LO-leiinga ser ut til å vere nøgde med hjelpepakkene frå regjeringa.
Politikarane må få på plass ei varig løysing med låge straumprisar for norske hushaldningar og bedrifter, med nasjonal kontroll og sjølvråderett over krafta og eksporten, meiner dei.
Klubbleiarane meiner industriarbeidarane på Kongsberg representerer den breie middelklassen.
– Vi er ikkje dei lågast lønte, men folk slit likevel med å betale rekningane. Da kan ein tenke seg korleis situasjonen er for lågtlønte, pensjonistar, arbeidslause og uføre, seier Larsen.
PROTEST FRÅ GRASROTA: Ei rekke fagforeiningar og lokalorganisasjonar i LO demonstrerte i midten av september for politisk kontroll på krafta.
Håvard Sæbø
– Og skal vi ha industri i framtida, føreset det lågare straumprisar som konkurransefortrinn, helst i går. Elles blir det industridød. Hushaldningar og bedrifter står i fare.
– Yrkespolitikarane har fjerna seg frå kvardagen til folk. LO-leiinga må kjempe for medlemmane, komme seg ut og vise misnøye!
Klubbleiarane er også kritiske til at LO-leiaren har skulda Industriaksjonen, som består av ei rekke fagforeiningar, for å samarbeide med krefter langt ut på høgresida i ein straumdemonstrasjon.
– Dei bommar så fælt. Vi er ikkje høgreekstreme. Dette er eit grasrotopprør.
Debattinnlegg frå tillitsvalde: «LO-leiaren neglisjerer uroa og det sterke engasjementet hennar medlemmer viser»
LO må på banen
Klubbleiarane viser til at LO-leiar Peggy Hessen Følsvik, Fagforbundet-leiar Mette Nord og Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum alle sit i sentralstyret til Arbeidarpartiet. I tillegg har LO-leiinga jamlege samarbeidsmøte med partiet.
– Vi forventar at LO-leiinga representerer dei som har valt dei inn. Dei er valde av oss, seier Larsen.
– Det må vere flaut når gamle LO-leiarar må ta kampen for dei, seier Andersen og viser til at Roar Flåthen og Gerd-Liv Valla har engasjert seg for å løyse straumpriskrisa.
Konsekvensen kan bli utmeldingar frå LO og partiflukt frå Arbeidarpartiet, åtvarar klubbleiarane.
Det er ikkje berre straumprisane som aukar, men også prisane på mat, drivstoff, bompengar og renter er på veg opp. I sum rammar dette medlemmane hardt.
– Folk er forbanna hos meg, seier Andersen om stemninga i klubben han leiar.
– Det er trist at vi ikkje har folk på topp som kjempar for oss.
Fellesforbundet-tillitsvald: «Det er ikke rart vi møter medlemmer som tror at LO-lederen er en politiker»
Ikkje einig i kritikken
LO-leiinga har full forståing for at mange er bekymra, uttaler leiar Peggy Hessen Følsvik i ein epost til Magasinet. LO har fått tilbakemeldingar frå mange fortvila medlemmar og tillitsvalde, fortel ho.
Følsvik peikar på at breie kompromissar som er gjennomarbeidde og står seg over tid, må til for å sikre løysingar på priskrisa.
Og ho er slettes ikkje einig i at LO har sitte stille i båten i debatten om straumprisane.
IKKJE STILLE I BÅTEN: LO har jobba aktivt for å sikre økonomien og arbeidsplassane til vanlege folk, meiner leiar Peggy Hessen Følsvik. Her frå pressekonferansen i midten av september da regjeringa la fram straumstøtta til bedrifter.
Ole Palmstrøm
Følsvik viser til at LO har vore aktive pådrivarar i å jobbe fram straumpakker som bidrar til vanlege folk sine straumrekningar, tryggar arbeidsplassar og hjelper dei mest utsette bedriftene.
I tillegg er LO med i energikommisjonen til regjeringa, som skal legge fram forslag mot slutten av året.
«Vårt viktigste fokus her er å sørge for at disse forslagene hjelper vanlige folk og sikrer arbeidsplasser», skriv LO-leiaren.
Les også: Milliardene i strømpakken kan hjelpe 20.000 bedrifter – LO advarer mot misbruk
Politikk som påverkar kvardagen
Følsvik viser også til ei rekke LO-gjennomslag i arbeidslivspolitikken det siste året, som har innverknad på kvardagen til folk – som mindre mellombels tilsetting, innstrammingar i innleige-reglane, styrka rett til heiltid og pensjon frå første krone.
LO jobbar også tett opp mot statsbudsjettet for å sikre at dei med størst utfordringar blir prioritert, spesielt dei som også var mest utsette under koronapandemien.
«Det aller viktigste for folks økonomi er at de har en trygg jobb å gå til», skriv LO-leiaren.
Ho meiner dessutan LO har vore ein tydeleg motstemme mot rentesettinga til Norges Bank, som LO meiner rammar vanlege folk med bustadlån unødvendig hardt og kan føre til unødvendig høg arbeidsløyse innan kort tid.
Mest lest
Leder i Fellesforbundet, Jørn Eggum, har tidligere argumentert for at uføre skal ha rettigheter i en AFP-ordning. Det har vedtaket på Fellesforbundets landsmøte satt en stopper for.
Håvard Sæbø
Det blir ingen AFP-pensjon for uføre, slår Eggum fast
Tore Kristiansen / VG
Fersk måling: Nedtur for Høyre og Erna Solberg
Målet med møtet på Stortinget er å høre hva Teslas norske ledelse mener om et organisert arbeidsliv.
Nam Y. Huh / AP / NTB
Tesla Norge innkalles til hastemøte på Stortinget
Fra lønnsoppgjøret 2023. (Arkivbilde)
Tormod Ytrehus
De avgjorde din nye lønn. Se hva toppene i arbeidslivet tjener
I august 2017 fjernet Forsvaret et tillegg som ansatte med undervisningsplikt hadde, kalt «skoletillegget». 10. mars 2023 vant offiserene over Forsvaret i lagmannsretten, noe som resulterte i utbetalinger på 100 millioner kroner.
Sebastian Christiansen / Forsvaret
Over 400 i Forsvaret får nå etterbetalt store summer
På kaotiske dager med snø er det viktig å si ifra til arbeidsgiver hvis du ikke rekker fram i tide.
Ole Palmstrøm
Forsinka på jobb fordi det er snø? Dette er reglene
Jonas Gahr Støre og resten av Ap-ledelsen vil lytte til folket når de nå skal utvikle ny politikk.
Jan-Erik Østlie
Ap ber om hjelp. Nå kan du si din mening
Ole Palmstrøm
FHI-ansatte beholder jobben. – Nå kan jeg ta jul med senkede skuldre
Yara-direktør og president i NHO, Svein Tore Holsether, er suveren vinner på inntektstoppen blant arbeidsgivere og fagforeningsledere.
REUTERS/Victora Klesty
Sjekk inntekten til over 130 topper i arbeidslivet
Erlend Angelo
Catos epost diskutert i Høyesterett: – Helt uvirkelig at det havnet her
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
Regjeringen lovet et «rausere» Nav. Her er fasiten
Plutselig dukker ikke lønna opp som avtalt. Da er det greit å vite hvilke steg man må ta.
Colourbox
Seks råd til folk som ikke har fått lønna de har krav på
BESKYTTELSE: Ettersom Xofigo er en radioaktiv medisin, må den pakkes godt inn og fraktes trygt.
Espen Solli
Medisinen de lager her, skal redde pasienter over hele verden
TRIVES: Kommunen har kjøpt opp én bolig i hver blokk i dette området. – Det er dritlurt, for da blir det ikke så mye spetakkel, sier Berit.
Berit Baumberger
Skitbyen-Berit med ti råd til Nav
FÅR DET VERRE: Arbeidsledige som blir sanksjonert får enda strammere økonomi, mener Nav-forskerne.
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Strengere regler for arbeidsledige virket ikke etter hensikten
Nav skal fra 1. juli 2024 hjelpe mottakere av sosialhjelp med telefonregninga eller bussbillett hjem til familien.
Colourbox
Folk på sosialhjelp får mer. Se hva det betyr her
Brannpersonellet på Avinors flyplasser må vente på kommunalt brannvesen.
Anne Marthe Vestre Berge
Brannfolk får ikke redde passasjerer fra røykfylte fly: – Jeg frykter at liv skal gå tapt
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
Enige om statsbudsjettet: Øker barnetrygden og minstesatsen for uføre
– Dette med rus og alkohol er fortsatt tabulagt og oppleves av mange som noe privat, sier rådgiver i Akan kompetansesenter.
Sissel M. Rasmussen
Drikker du for mye med kollegaene dine?
Arild Martinsen (55) er bekymret for pensjonen: – Ingen kunne forestilt seg at endringene skulle skje så fort.
Ylva Lie Bjerke