Debatt
«LO-leiaren neglisjerer uroa og det sterke engasjementet hennar medlemmer viser»
Demokratene møtte opp på demonstrasjonen ved Stortinget. Dei fekk beskjed frå arrangørane om at dette ikkje er eit partipolitisk arrangement, og måtte difor halde seg på sidelinja. Etter demonstrasjonen kom det kritikk frå LO-leiaren om at Industriaksjonen går i ledetog med krefter frå ytre høgre.
Håvard Sæbø
Ute i lokalsamfunna strevar folk med rekningane, matkøane aukar, bedrifter går over ende og folk misser jobben.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik uttrykkjer i Klassekampen 20. september stor uro for at Industriaksjonen arrangerer demonstrasjon mot dei ekstreme straumprisane i samarbeid med Facebook-aksjonen «Vi som er imot høye strømpriser».
Hun mistenkeleggjer Industriaksjonen for dermed å gå i ledetog med krefter i ytre høgre.
Det Følsvik burde merka seg er at Industriaksjonen gjennom samarbeidet om markeringa tok fullstendig brodden av deler av gruppas LO-kritikk, og også lukkast med å isolere ytre høgrekreftene som det diverre er innslag av i Facebook-gruppa.
I Industriaksjonen ristar me lett av oss slikt forsøk på brunskvetting, men er langt meir uroa for at LO-leiaren brukar dette som avleiing for å ikkje ta dei svært velgrunna bekymringane frå titusenvis av LO-medlemmar på alvor.
Lapper på feilslått kraftpolitikk
Med sitt tafatte forsøk på å diskreditera, neglisjerer Følsvik uroa og det sterke engasjementet hennar medlemmer viser gjennom demonstrasjonen.
Ute i lokalsamfunna strevar folk med rekningane, matkøane aukar, bedrifter går over ende og folk misser jobben.
At Industriaksjonen sine krav om kontroll med magasinfylling, makspris for kraftselskapa med toprissystem for normal- og overforbruk, reforhandling av kabelavtalar og at kraft er samfunnsmessig infrastruktur som bør ha politisk kontroll og ikkje overlatast til den frie marknad, er me svært overtydde om har langt breiare støtte på LO sitt grunnplan enn LO-leiinga si line om å berre lappa på symptoma av feilslått kraftpolitikk.
Debatt: «Det er ikke rart vi møter medlemmer som tror at LO-lederen er en politiker»
Skadeleg straumpris
At Følsvik og LO-leiinga, med god sekundering frå AP, dirigerte fram eit fleirtal på LO-kongressen mot desse konkrete krava, som mellom anna Industriaksjonen frontar, dempar ikkje den massive frustrasjon og forbanning våre medlemmer det ganske land går og føler på som konsekvens av skadeverknader dei ser utspinn seg for hushaldningar, bedrifter, organisasjonar og offentlege institusjonar.
At Stortinget sist tysdag ikkje evna anna enn å skuva saka ytterlegare føre seg, synte med all mogleg tydeligheit at det var rett å mobilisere til aksjon for å synleggjera det massive engasjementet ute i befolkninga for krav om tiltak.
LO må ha større ambisjonar
Forbundsstyret i Fellesforbundet fatta i 2018 vedtak mot tilsutning til EUs tredje energimarknadspakke og energibyrået Acer, og åtvara mot konsekvensar av slik tilslutning. LO slutta seg seinare til dette. Vår uro var vel begrunna.
Når utviklinga i etterkant råkar LOs medlemmer slik me no er vitne til, burde LO-leiinga ha større ambisjonar enn å uroa seg for kor vidt nokre kroner av regjeringa sine alt for svake avbøtande tiltak kan hamna i feil lommer.
Med mindre LO-leiinga er samde i at kraft eignar seg betre for den frie spekulative marknad enn som samfunnsstyrt infrastruktur, burde dei ta føringa i kampen for politisk kontroll over krafta.
Aktuelt: Her er LO-lederens fire krav til statsbudsjettet
Ikkje ei vare
Ja, Putin er del av årsaka bak dei ekstreme kraftprisane gjennom krigens påverknad på den Europeiske kraftmarknaden, men han kan ikkje skuldast for at det norske Storting frå 1990 og framover har fråskrive seg statleg kontroll over krafta og dermed straumprisane.
Det regjeringa konsekvent vrir seg unna å diskutere, er at me band oss til EUs energiunion, der målsetnaden er at krafta skal flyta mest mogleg uhindra og prisdanninga skjer ut frå der betalingsviljen er høgast.
Kraft må styrast som samfunnsmessig infrastruktur, og ikkje som ei vare forvalta gjennom auksjon på børs.
Har LO-leiaren ynskje om å drøfta dette vidare med oss, inklusive korleis fagrørsla bør ta regien i kampen mot samfunnsnedbrytande kraftprisar, bør ho ta turen til forbundsstyret i Fellesforbundet, og me vil ta initiativ til at invitasjon bli sendt.