Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Ein lyt ha sans for tradisjonar og detaljar, og vera nøye og tolmodig om ein skal arbeide med filigransølv.
I gamle dagar var bunadsølvet eit teikn på velstand. Og jo meir sølv ein hadde på bringa, di rikare var ein. Om det er slik i våre dagar, skal vera usagt, men på syttande mai er «heile» folket ute og feirar nasjonaldagen med dei finaste folkedraktene sine. Og dei aller finaste og dyraste smykka dei eig. For bunadsølv er ikkje å kimsa av i våre dagar heller. Det er heller ikkje dei som syter for at sølvet blir halde i hevd og fiksa på om det gjeng sund, eller lagar nye bunadssmykke.
Interessa for bunader og bunadsølv tok seg kraftig opp etter OL på Lillehammer i 1994. Då vart vadmål og folkedrakter i vinden att. Og bunadar skal ikkje berre smykkast med forseggjorde søljer. Alt etter kvar bunaden er frå, skal den utstyrast med knappar, belte, lås til vesker, øyrepynt, spenner og så bortetter. Og det gjeld så vel mannsbunad som kvinnebunad.
På Sylvsmidja på Voss sit dei 45 som arbeider i produksjonen på rekkje og rad ved kvar sitt arbeidsbord og sager, filer, monterer og lodder og smir. Buen på arbeidspulten gjer at dei kjem skikkeleg godt inntil bordet, slik at dei kan stø armane når dei driv på med detaljarbeidet, og ikkje minst, når dei skal halda gassflammen når dei loddar sølvet.
Iris June Bø Nesje har vore i verksemda i åtte år.
– Eg har alltid vore oppteken av handarbeid av alle slag, og har strikka og sydd og halde på med hendene støtt og stadig, seier stryningen.
Då ho kunne verkeleggjera ynskjemålet om å leva av å bruke hendene, vart det eit yrkesval ho framleis gler seg over. Dermed vart det gullsmedlinja på Elvebakken vidaregåande skule i Oslo, før to år i læra i Bergen. Ho fekk fagbrevet som gullsmed, og jobb på Voss. Men ikkje alle kollegaene hennar har fagbrev. Mange ved Sylvmidja har fått opplæring i verksemda.
Det er ein omstendeleg prosess å arbeide med filigran. Det er fleire teknikkar som vert nytta for å forma sølvtråd og sølvkuler til ulike mønster. Ofte vert dei lodda fast i ei plate av sølv. Og ut or hendene på filigran-smedane veks dei vakraste formene fram.
Brurekrona Iris Nesje syner fram, har ho sjølv forma av sølvtråd og sølvkuler og lodda og banka forsiktig til ho har den rette forma og storleiken. Det er eit nitid arbeid som ligg bak eit slikt vakkert smykke, og det kostar sjølvsagt mykje å kjøpa det. Difor er slike ting eit arvestykkje i mange slekter. Men det går òg an å leige seg ei brurekrone til bryllaupet. Dei fleste som giftar seg reknar vel med at det blir med den eine gongen.
Filigran er ei vanskeleg form for metallarbeid. Smeden arbeider med særs tynne trådar og små kuler som vert bøyde, vridde og lodda fast. Ikkje berre må du vera nøye for å driva med filigranarbeid. Du må òg ha eit godt blikk for detaljane, og ikkje minst respekt for arbeidet, meiner filigransmedane i Sylvsmidja.