JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kva gjer ein røktar?

Oda elskar oppdrettsnæringa: – Men det burde vore fleire kvinnfolk ute på sjøen

Ein røktar i fiskeoppdrett må tole friskt ver og fysisk arbeid.
BEST: Fysisk aktivitet og variert arbeid er det beste med jobben, meiner røktar Oda Myhre.

BEST: Fysisk aktivitet og variert arbeid er det beste med jobben, meiner røktar Oda Myhre.

Håvard Sæbø

12.09.2022
10:59
12.09.2022 11:24

tormod@lomedia.no

has@lomedia.no

– Vi passar på at fisken har det bra, og at alt er på stell. Fisken er babyane våre, vi vil at dei skal bli mest mogleg perfekte. Og dess meir kilo på fisken, dess meir pengar inn i kassa, seier røktar Oda Myhre.

Ho har tatt oss med ut på oppdrettsanlegget til SinkabergHansen i Foldafjorden i Nærøysund kommune, for å forklare kva jobben hennar går ut på. Ute på fjorden ligg sju ringar der laksen svømmer og veks seg stor eit halvanna år, før den skal vidare til slakt.

Passar på fisken

Men med det blotte auget ser vi ikkje stort til fisken.

Laksen er nemleg senka ned i merdar 30 meter under vassoverflata. Det skal sikre den mot lusa i øvste del av sjøen, og frå vind og uroleg hav.

Myhre og kollegaene kontrollerer lufta i kuppelen i toppen av merdane, sånn at laksen kan fylle svømmeblæra. Og dei pumpar opp daudfisk.

Elles er arbeidsoppgåvene vedlikehald og sjekkrundar på anlegget, flåten og båtane. Kamera og lys under vatn gjer at eit dataprogram kan anslå vekta og telje lus på laksen. Og fôringa blir fjernstyrt frå Rørvik.

– Det er litt artigare å sjå fisken hoppe, vekse og handfôre den litt. Men vi må tenke på kor fisken har det best, seier Myhre.

REDSKAP: Båten er det viktigaste verktøyet.

REDSKAP: Båten er det viktigaste verktøyet.

Håvard Sæbø

Aktiv og variert jobb

Det beste med jobben er fysisk aktivitet og variasjon i arbeidsoppgåvene, meiner Myhre. Ho klokkar inn 10.000 skritt på ein arbeidsdag, noko som utgjer 33 rundar på gangbana rundt ein ring. Og ho synest det er artig å køyre båt og kran. Glad i sjøen er Myhre også, etter å ha vore mykje ute med faren, broren og bestefedrane som alle er fiskarar.

– Personleg er eg ikkje fan av å sitte i ro på kontor, eg liker at det skjer ting.

Ein røktar må vere førebudd på mykje arbeid, fortel Myhre som jobbar turnus 12/9 og skiftarbeid under avlusing. Å bidra til eit godt arbeidsmiljø er alfa og omega, for «har folket det bra, har fisken det bra».

Ein må dessutan tole ver. Ein bør vere glad i fysisk arbeid, og å køyre båt og kran. Og ein må vere på vakt for farlege situasjonar, for ifølge statistikken er havbruksnæringa Norges nest farlegaste.

KVINNFOLK: Havbruk er ei fantastisk næring, men burde hatt fleire kvinnfolk, meiner røktar Oda Myhre.

KVINNFOLK: Havbruk er ei fantastisk næring, men burde hatt fleire kvinnfolk, meiner røktar Oda Myhre.

Håvard Sæbø

Vil ha fleire damer

Røktarar i fiskeoppdrett har vanlegvis gått lærlingløpet gjennom akvakultur-linja på vidaregåande skole. Ein kan også ta fagbrevet som vaksenlærling eller praksiskandidat.

Men det er heller ikkje uvanleg at røktarar har bakgrunn frå heilt andre fag. Da er læringskurva brattare, seier Myhre som har ein bachelor i havbruk og leiing. Det trengst folk med forskjellig utdanning, understrekar ho. Som ei av to damer ute på dei 11 oppdrettsanlegga til selskapet, har ho samtidig eit spesielt ønske.

– Dette er ei fantastisk næring, men det burde vore fleire kvinnfolk ute på sjøen.

Røktar

Ein røktar i fiskeoppdrett passar på fisken, og har ansvar for dagleg drift av oppdrettsanlegget.

Dei fleste har fagbrev i akvakultur, etter to år på vgs. og to år som lærling i bedrift.