Permitteringar under koronakrisa
Over 4000 lærlingar står i stampe: Fellesforbundet vil ha dugnad for å hjelpe dei vidare
Korona-krisa kan føre til større mangel på fagarbeidarar. No treng lærlingane hjelp til å komme seg gjennom læretida, meiner Fellesforbundet.
HOTELL OG RESTAURANT: Omtrent halvparten av dei permitterte lærlingane er innanfor restaurant- og matfag, i tillegg til design og handverk (frisørfaget).
Erlend Angelo
tormod@lomedia.no
Krisa har så langt ført til at over 4000 lærlingar er permitterte.
Fellesforbundet er bekymra for konsekvensane for rekrutteringa av nye fagarbeidarar, dersom læretida blir forlenga og fagprøvane utsette.
– Dette må ikkje gå på kostnad av inntaket av nye lærlingar, åtvarar forbundssekretær Per Skau og viser til den høge etterspurnaden etter fagarbeidarar i norsk arbeidsliv.
Fellesforbundet oppfordrar derfor alle partar til ein dugnad for å hjelpe lærlingane gjennom korona-krisa.
Skal ikkje permitterast
Skau minner om dei spesielle reglane for permittering av lærlingar, avtalt mellom LO og NHO.
Lærlingar kan berre permitterast dersom lærebedrifta ikkje lenger kan gjennomføre opplæring.
– Og sjølv etter det, bør bedriftene strekke seg langt for å halde lærlingen i opplæring. Det står ofte berre på kreativitet og vilje, meiner Skau.
Saka held fram under bildet.
FAGPRØVER: Fag- og sveineprøvene må gjennomførast, sånn at lærebedriftene kan ta imot nye lærlingar. Det meiner Fellesforbundet og forbundssekretær Per Skau.
Håvard Sæbø
Fellesforbundet oppfordrar dei tillitsvalde på arbeidsplassane til å ta opp saka med bedrifta, for å finne ei løysing for lærlingane.
Lærlingar bør ta kontakt med tillitsvalde dersom dei har problem eller er urolege, oppfordrar forbundet.
Alternativ opplæring
Opplæringskontora har også eit spesielt ansvar, meiner Fellesforbundet.
Desse kontora er part i lærekontraktar, eigd av lærebedriftene og finansiert av lærlingtilskotet frå staten.
– No må dei hive seg rundt for å lage alternativ for permitterte lærlingar. Om ikkje, meiner vi at dei sviktar den oppgåva dei har tatt på seg, seier forbundssekretær Skau.
Han viser også til fylkeskommunane si plikt til å gi vidaregåande opplæring.
– Dei bør jobbe for å finne alternative måtar å gi opplæring på, digitalt og gjennom skoleverkstadar. Det er tid for å tenkje kreativt.
Nye reglar
Regjeringa lanserte i påska nye tiltak for lærlingar, som skal bidra til at lærlingar får fag- og sveinebrevet sitt til rett tid.
Tiltaka skal vere utarbeidd i tett samarbeid med LO og NHO, forbund og landsforeiningar.
Magasinet har sett på forslaget til mellombels forskrift til opplæringslova, som vart sendt ut på høyring for ei veke sidan.
Forslaget består av tre endringar:
• Lærlingar som har bestått fagprøva, kan avslutte læretida inntil tre månader tidlegare.
• Lærlingar treng ikkje forlenge læretida dersom dei har vore permittert inntil tre månader.
• Prøvenemndene får moglegheit til å gjennomføre prøva alternativt, så lenge eitt medlem er fysisk til stade.
Lærlingar
• har rett til å gjennomføre fag- eller sveineprøven seinare dersom den bli avlyst eller utsette
• skal ikkje permitterast før lærebedrifta ikkje lenger kan gi opplæring
• har rett på dagpengar frå Nav dersom dei er permitterte
• har rett til å fullføre læretida seinare dersom dei blir permitterte
• kan ikkje miste lærekontrakten utan at begge partar eller fylkeskommunen godkjenner det
• skal få hjelp frå fylkeskommunen til å finne ny lærebedrift dersom kontrakten blir heva
Kjelder: Opplæringslova, Hovudavtala mellom LO og NHO, mellombels forskrift om unntak frå folketrygdlova
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Lærlingar
• har rett til å gjennomføre fag- eller sveineprøven seinare dersom den bli avlyst eller utsette
• skal ikkje permitterast før lærebedrifta ikkje lenger kan gi opplæring
• har rett på dagpengar frå Nav dersom dei er permitterte
• har rett til å fullføre læretida seinare dersom dei blir permitterte
• kan ikkje miste lærekontrakten utan at begge partar eller fylkeskommunen godkjenner det
• skal få hjelp frå fylkeskommunen til å finne ny lærebedrift dersom kontrakten blir heva
Kjelder: Opplæringslova, Hovudavtala mellom LO og NHO, mellombels forskrift om unntak frå folketrygdlova