JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
HANDVERK: Jobben som fiolinmakar gir eit resultat du både kan sjå og høyre, fortel Øystein Beck.

HANDVERK: Jobben som fiolinmakar gir eit resultat du både kan sjå og høyre, fortel Øystein Beck.

Håvard Sæbø

Kva gjer ein fiolinmakar?

Øystein reparerer og klargjer fiolinar: – Du har eit resultat du kan sjå og høyre

Så lenge folk speler fiolin, finst det fiolinmakarar. Og om fiolin ikkje er kult, er det iallfall ikkje ukult, seier dei sjølv.

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: I kjellaren under trønderhovudstaden sin musikalske storstue, Olavshallen, ligg Fiolinmaker Christer Skog AS. På verkstaden er tilsett Øystein Beck i gang med å reparere ein gammal cello. Ein stor del av jobben er også å klargjere nye strykeinstrument for sal i butikken.

Fiolinar frå Kina

Du kan kjøpe ein fiolin frå utlandet for «ein slikk og ingenting», men det er sjeldan den fungerer optimalt rett frå fabrikken.

– Vi tar inn instrument frå Kina og justerer dei til beste spelbare stand, forklarer Fellesforbundet-medlemmet.

Det kan av og til vere eit omfattande arbeid: Nye strengar skal på; stolen og lydpinnen blir justert sånn at klangen blir betre; gripebrettet blir sjekka for kular som kan lage skurr og hindre spelbarheit; skruane blir smurt og fiolinen stemt.

(Saka held fram under bilda)

VERKTØY: Stemjern, lydpinneverktøy, inspeksjonsspegel, blokkhøvel, fiolinmakarhøvlar, japansag, tjukkmålar (eldre modell), tjukkmålar (ny modell), skjølp, spesialslipte knivar.

VERKTØY: Stemjern, lydpinneverktøy, inspeksjonsspegel, blokkhøvel, fiolinmakarhøvlar, japansag, tjukkmålar (eldre modell), tjukkmålar (ny modell), skjølp, spesialslipte knivar.

Håvard Sæbø

FINPUSS: Du kan kjøpe billige fiolinar rett frå butikken, men dei treng som regel justeringar for å fungere optimalt. Den jobben gjer fiolinmakar og Fellesforbundet-medlem Øystein Beck.

FINPUSS: Du kan kjøpe billige fiolinar rett frå butikken, men dei treng som regel justeringar for å fungere optimalt. Den jobben gjer fiolinmakar og Fellesforbundet-medlem Øystein Beck.

Håvard Sæbø

Må vere musikalsk

Veldig bra, svarer han når Magasinet spør korleis det er å jobbe med hendene i ei tid der stadig meir av arbeidet skjer digitalt.

– Du har eit resultat du kan sjå og høyre. Og så er det artig å gjere noko ingen andre kan, smiler Beck.

Han er opphavleg utdanna musikklærar med bratsj som hovudinstrument. Det har komme godt med i dei tretti åra han har jobba som fiolinmakar.

– Du må ha interesse for faget, fingerferdigheit og nøyaktigheit. I tillegg må du vere musikalsk, høyre tonekvaliteten på eit trestykke, forklarer Beck.

Sveinebrev i utlandet

Kven som helst kan kalle seg fiolinmakar. Vil du ta utdanning i fiolinmakarfaget, må du derimot til utlandet sånn som lærling André Løkken.

Han tar sveinebrevet gjennom det svenske utdanningssystemet, med Christer Skog som læremeister. Sveineprøva er å bygge ein fiolin i løpet av to månader.

– Det er eit tolmodsarbeid, med mange utfordringar der ein må bruke hovudet like mykje som hendene, seier Løkken som har spelt fiolin i over tjue år og ville finne ut korleis instrumentet fungerer.

(Saka held fram under bilda)

FAGUTDANNING: Ein må til utlandet for å ta fagutdanning i fiolinmakarfaget, sånn som lærling André Løkken som tar sveinebrevet gjennom det svenske utdanningssystemet.

FAGUTDANNING: Ein må til utlandet for å ta fagutdanning i fiolinmakarfaget, sånn som lærling André Løkken som tar sveinebrevet gjennom det svenske utdanningssystemet.

Håvard Sæbø

BRUKE HOVUDET: Du må også bruke hovudet for å løyse utfordringar, ikkje berre hendene, forklarer André Løkken.

BRUKE HOVUDET: Du må også bruke hovudet for å løyse utfordringar, ikkje berre hendene, forklarer André Løkken.

Håvard Sæbø

Ein kostbar kunst

Fordi så mange arbeidstimar blir lagt ned, må du ut med 160.000 kroner for det dyraste instrumentet i butikken, ein cello bygd på verkstaden. Og då er ikkje timelønna særleg høg.

Framleis er det nokre kroner opp til den dyraste stradivariusen til over hundre millionar. Er det eigentleg nokon forskjell på den finaste fela laga i 2017 og ein fiolin laga av Stradivari i 1720?

– Er det nokon forskjell på smilet til Mona Lisa som heng i Louvre-museet og smilet hennar på ein reproduksjon? Det er nok her kunsten kjem inn, svarer eigar og dagleg leiar Christer Skog.

(Saka held fram under bilda)

KUNSTVERK: Mange kundar har gått skuffa heim etter å ha fått instrumentet sitt vurdert av eigar og dagleg leiar Christer Skog. Gamle strykeinstrument kan vere verd mykje pengar, som andre kunstverk som har stige i verdi.

GÅR GODT: Fiolinmaker Christer Skog AS er Norge sin nordlegaste. Marknaden er sånn sett god, i tillegg til at Rybak-feber og meir heimetid under koronaen har vekt fiolin-interessa blant kundane.

Ikkje ukult

Korleis er framtida for faget? Marknaden for butikken og verkstaden er god, forklarer Skog, som einaste profesjonelle fiolinmakar nord for Vågå.

I koronatida har mange dessutan rydda loftet og funne instrument dei vil ha reparert. Andre har nytta høvet til å ta opp ein ny hobby.

– Om fiolin ikkje er kult, er det iallfall ikkje ukult. Og så lenge folk speler fiolin, er det fiolinmakarar, slår han fast.

Fiolinmakar

Bygger, reparerer og klargjer strykeinstrument.

Yrkestittelen er ikkje beskytta, og ein må til utlandet for å ta fagutdanning.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss