JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

90 år sidan Menstadslaget:

Soldatar vart sette inn mot streikande arbeidarar i 1931. Her er historia om eit vendepunkt i norsk arbeidsliv

Menstadkonflikten var ein kamp om eksistensen til fagforeiningar, som markerer slutten på knallhard klassekamp i norsk arbeidsliv.
STREIKEBRYTAR-JAKT: Demonstrantar jaktar på kontraktarbeidarar som har gøymd seg på Menstad laste- og losseplass.

STREIKEBRYTAR-JAKT: Demonstrantar jaktar på kontraktarbeidarar som har gøymd seg på Menstad laste- og losseplass.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

08.06.2021
08:53
22.07.2021 13:27

tormod@lomedia.no

Måndag 8. juni 1931, Skiensfjorden: 2000 arbeidarar har marsjert ut til Menstad frå Porsgrunn og Skien. Korpset speler Internasjonalen, og over toget vaiar faner og raude flagg. I front går arbeidarvernet, 100 mann med stokkar til sjølvforsvar, og ein forhandlingskomite. Dei nærmar seg sperringane der 100 mann frå statspolitiet ventar. Politiet skrur på vasslangane og går til angrep med køllene til vers.

Slaget på Menstad er eit av kokepunkta i Norges største arbeidskamp, storlockouten og sympatistreikane i 1931. Arbeidsgivarane vil sette arbeidarane på plass og sørge for «arbeidsfred» etter eit konfliktfylt tiår. Den internasjonale krisa i økonomien har nådd Norge, og knapt etter at dei har lagt kravet om eit stort lønnskutt på bordet, stenger arbeidsgivarane portane til arbeidsplassane.

På Menstad, som så mange andre stadar på denne tida, skal konflikten handle om streikebryting. Historisk skal arbeidskampen i 1931 bli eit vendepunkt i norsk arbeidsliv.

Fire streiker som forandret norsk arbeidsliv: Disse kvinnene streika for å ikke dø på jobb

Streikebryting

På utskipingshamna til Norsk Hydro på Menstad, blir hamnearbeidarane tatt ut i sympatistreik 15. april. Ei gruppe kontraktarbeidarar held likevel fram med å laste salpeter. Etter ein bitter konflikt om streikebryting i 1924, har bedrifta nemleg gitt 24 tilsette sparken. Dei vart så tilsett på nytt som uorganiserte på kontraktar med tre månader oppseiing, for å kunne halde fram utskipinga under streik.

Allereie i 1928 har gruveselskapet AS Sydvaranger kopiert modellen, og på den måten kvitta seg med fagforeininga. Kontraktane utfordrar sjølve eksistensgrunnlaget til fagrørsla.

I dei fagorganiserte og folkeopinionen i Skiensfjorden sine auge, er kontraktarbeidarane streikebrytarar. Og når dei kampvillige kommunistane tar leiinga frå sosialdemokratane seks veker ut i streiken, startar opptrappinga til det vi kjenner som Menstadslaget.

AKSJON: 1200 demonstrantar tar seg forbi politiet og riv ned porten på Menstad 2. juni.

AKSJON: 1200 demonstrantar tar seg forbi politiet og riv ned porten på Menstad 2. juni.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

SKJELLSORD: Fleire kontraktarbeidarar har gøymd seg på kontoret. Dei må love å forhandle med dei fagorganiserte dagen etterpå, før dei må gå i spissrotgang til skjellsord og hån. «Judasar», «skabbdyr» og «usle kryp» er skjellsordord brukt om streikebrytarar i perioden.

SKJELLSORD: Fleire kontraktarbeidarar har gøymd seg på kontoret. Dei må love å forhandle med dei fagorganiserte dagen etterpå, før dei må gå i spissrotgang til skjellsord og hån. «Judasar», «skabbdyr» og «usle kryp» er skjellsordord brukt om streikebrytarar i perioden.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Soldatar mot streikande

2. juni drar 1200 demonstrantar til Menstad, tar seg forbi politiet og jagar kontraktarbeidarane vekk. Den mektige Hydro-leiinga set i gang lobbyverksemda for fullt. Dei krev at regjeringa sender soldatar for å beskytte kontraktarbeidarane, og får løfte om ei hardare linje frå justisministeren.

Det blir innfridd allereie 8. juni når kontraktarbeidarane tar opp igjen arbeidet, og 2000 demonstrantar gir statspolitiet grundig juling. Bondeparti-regjeringa sender same kveld eit gardekompani med nattog frå Oslo, to torpedobåtar og to mineutleggarar til Skiensfjorden.

Kanonar og gevær blir sette inn mot stokkar og steinar. Overmakta er fullstendig, og arbeidarleiarane blir arrestert i dagane som følger. Likevel skal det heile ende med eit kompromiss.

JULING: På Menstadsletta slåst arbeidarar og politi, med stokkar og køller. Ein politimann mista eit auge, og ein annan hugsen. Arbeidarane får seg også nokre harde kølleslag.

JULING: På Menstadsletta slåst arbeidarar og politi, med stokkar og køller. Ein politimann mista eit auge, og ein annan hugsen. Arbeidarane får seg også nokre harde kølleslag.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Vendepunktet

13. juni tar kontraktarbeidarane opp arbeidet, men blir sendt på ein lang ferie seks dagar seinare. For å få slutt på den langvarige arbeidskampen går Hydro i august med på å fjerne det omstridde kontraktsystemet som i lang tid er borte frå norsk arbeidsliv. Arbeidsgivarane er lei av lockout og streik, og i september er partane einige om eit resultat som sikrar reallønna.

Lockouten og streikane i 1931 er eit vendepunkt etter harde konfliktar i mellomkrigstida, ifølge historikarane. Trass dei harde 20-åra med nedgangstid og aukande arbeidsløyse, har fagrørsla klart å slå tilbake krav om lønnskutt. Arbeidskampane endar samla sett uavgjort, utan siger til verken fagrørsla eller arbeidsgivarane.

Arbeidsgivarane skjøner at det er betre å samarbeide med den forhandlingsvillige LO-leiinga enn å hanskast med det radikale grunnplanet. Etter den siste styrkeprøva, startar klassesamarbeidet for fullt.

REVOLUSJON: Store delar av borgarskapet fryktar ein russisk-inspirert revolusjon. Menstadslaget blir eit skremmebilde for borgarpressa, men også for arbeidarpressa som får nok eit eksempel på metodane til klassestaten. Nationen går lengst, og meiner ingen vil beklage om nokre arbeidarar blir skotne som i Ådalen i Sverige ein månads tid tidlegare.

REVOLUSJON: Store delar av borgarskapet fryktar ein russisk-inspirert revolusjon. Menstadslaget blir eit skremmebilde for borgarpressa, men også for arbeidarpressa som får nok eit eksempel på metodane til klassestaten. Nationen går lengst, og meiner ingen vil beklage om nokre arbeidarar blir skotne som i Ådalen i Sverige ein månads tid tidlegare.

Faksimiler frå Aftenposten og Telemark Arbeiderblad

Forhandlingar og samarbeid

I 1935 blir LO og Norsk Arbeidsgivarforeining einige om Hovudavtala der tillitsvalde får medbestemming på arbeidsplassen i bytte mot arbeidsfred. Arbeidarpartiet får dessutan regjeringsmakt gjennom kriseforliket med Bondepartiet.

Den nye linja i norsk arbeidsliv er forhandlingar og samarbeid. Også kommunistane i fagrørsla får ordre frå Moskva om å slutte fred med sosialdemokratane, sjølv om Arbeidarpartiet skal gå i stikk motsett retning.

Arbeidarleiarane i Skiensfjorden tar fengselsstraffa med hovudet høgt heva. På Menstad er kontraktane borte, og systemet forsvinn i lang tid frå norsk arbeidsliv. Det er berre ein streik til på hamna før krigen, og den blir avslutta same dag som den starta fordi leiinga kjem dei fagorganiserte i møte.

Menstadslaget og arbeidskampen i 1931

8. juni 1931 slåst 2000 arbeidarar med statspolitiet som beskytta såkalla kontraktarbeidarar (streikebrytarar, ifølge fagforeiningane) på utskipingshamna til Norsk Hydro på Menstad. Som svar sende Bondeparti-regjeringa soldatar og marinefartøy til Skiensfjorden.

Skjedde under den største arbeidskampen i norsk historie, der 7,5 millionar arbeidsdagar gjekk tapt frå april til desember. Over 80.000 arbeidarar vart stengd ute i lockout, og 5.000 tatt ut i sympatistreik.

Historikarar kallar storlockouten og streikane eit vendepunkt i norsk arbeidsliv, som gjekk frå harde og bitre arbeidskampar til forhandlingar og samarbeid.

Tidslinje for Menstadkonflikten

15. april: Hamnearbeidarane på Menstad blir tatt ut i sympatistrek, men kontraktarbeidarane held fram arbeidet.

30. mai: 1000 demonstrantar drar til Menstad, og politiet må sende kontraktarbeidarane heim. Namna til arbeidarane blir lesne opp, og demonstrantane marsjerer forbi bustadene deira med senka faner.

2. juni: 1200 marsjerer til Menstad på nytt, tar seg forbi politiet og riv ned porten. Kontraktarbeidarane må gå spissrotgang til skjellsord og hån.

4. juni: 4000 arbeidarar samlar seg i Porsgrunn i protest mot at ein fagforeiningsleiar er arrestert.

5. juni: Arbeidet er lagt ned på Menstad, og demonstrantar drar til Skotfoss Bruk der streikebrytarar er i sving. 500 demonstrantar barkar saman med 50 mann frå statspolitiet i det såkalla slaget ved Løveidslusa.

8. juni: 2000 arbeidarar møter 100 politimenn i Menstadslaget, og gir statspolitiet juling. Same kveld gir regjeringa ordre om å sende soldatar og marinefartøy til Skiensfjorden. 650 mann frå garden, Telemark Regiment og statspolitiet er etter kvart på plass.

13. juni: Når kontraktarbeidarane tar opp arbeidet, foreslår Samorganisasjonen lokal generalstreik. Eit fleirtal av fagforeiningane stemmer det ned, og to forbund legg ned veto.

14.–26. juni: Politiet arresterer og varetektsfengslar 16 arbeidarleiarar og demonstrantar.

19. juni: Kontraktarbeidarane blir sendt på ein lang ferie. Soldatar og marinefartøy drar i same periode. (Arbeidarane, statspoliti og gardistar får sjenerøse honorar frå Hydro.)

Slutten av august: Norsk Hydro og Norsk Kjemisk Industrarbeidarforbund blir einige om å fjerne kontraktsystemet for å få slutt på arbeidskampen. Kontraktarbeidarane går over i andre jobbar.

Desember og våren 1932: 20 av 28 tiltalte demonstrantar og arbeidarleiarar blir dømt i omfattande lagrettssaker, til bøter og opptil eitt års fengsel. Dei fleste etter den omstridde tukthuslova frå 1927, som gjorde metodar for å stoppe streikebryting ulovlege.

Heile historia

Per Ole Johansen skriv om slaget, opptakten og etterspelet i boka «Menstadkonflikten 1931» frå 1977.