OECD:
70 prosent av oss meiner dei rike bør betale meir i skatt, viser undersøking
Berre éin av fem nordmenn meiner rike ikkje bør skatte meir, viser ny OECD-rapport.
Illustrasjon.
Martin Guttormsen Slørdal
tormod@lomedia.no
På spørsmålet om norske myndigheiter bør skatte dei rike hardare for å gi støtte til dei fattige, svarer heile 70 prosent «ja» eller «heilt klart ja». 18 prosent svarer «nei» eller «heilt klart nei».
ph
Det kjem fram i OECD sin nye rapport Risks that Matter, som undersøker folks oppfatting av sosiale og økonomisk risiko og korleis dei meiner myndigheitene reagerer på desse. 22.000 personar i 21 land har svart på undersøkinga. Desse landa er industriland med økonomiar vi kan samanlikne vår eigen med.
Skatt dei rike
Resultatet av undersøkinga blant blant innbyggarane i alle OECD-landa er omtrent likt som blant nordmenn. 68 prosent vil at dei rike skal skatte meir, medan 17 prosent ikkje vil det.
I landa Hellas og Portugal, som vart hardt ramma av finanskrisa frå 2008, er det heile 80 prosent som meiner dei rike bør skattast hardare, medan berre 10 prosent er ueinig.
Delen er lågast i Polen og USA, der 54 og 62 prosent meiner dei rikaste bør skattast hardare. 30 og 20 prosent meiner dei ikkje bør det.
Urettferd er årsaka
Innbyggarane i Norge og OECD-landa meiner altså at velstanden bør omfordelast for å gi meir til dei fattige. Men kva meiner dei er årsaka til fattigdom?
I Norge meiner 59 prosent at folk er fattige på grunn av urettferd i samfunnet, 51 prosent at fattige har vore uheldige, medan 23 prosent meiner fattige er late eller manglar viljestyrke. 34 prosent meiner litt fattigdom er uunggåeleg.
Meiningane er ganske like for alle OECD-landa sett under eitt. 60 prosent meiner folk er fattige på grunn av urettferd i samfunnet. 34 prosent meiner fattige er late eller manglar viljestyrke, medan 35 prosent meiner fattige har vore uheldige. 32 prosent meiner litt fattigdom er uunngåeleg.
I Polen og USA meiner heile 55 og 44 prosent av befolkninga at folk er fattige fordi dei er late eller manglar viljestyrke.
ph
Bekymra for pensjon
Rapporten viser at det er pensjon som bekymrer nordmenn mest på lenger sikt. 64 prosent er bekymra for den økonomiske tryggleiken sin i alderdommen. Halvparten av oss meiner myndigheitene bør bruke meir pengar på pensjon, sjølv om skattane vil auke og ein må kutte i andre tenester.
På andreplass kjem bekymringa for at barna våre ikkje kjem til å gjere det like bra i livet som ein sjølv (38 prosent). På tredjeplass kjem bekymringa for å oppretthalde ein god nok bustad (35 prosent).
På kort sikt er nordmenn mest bekymra for å bli sjuk eller ufør. 55 prosent oppgir at dette er blant dei største bekymringane. I tillegg kjem bekymringa for å takle daglege utgiftar (39 prosent) og bekymringa for å ha råd til bra nok bustad (33 prosent).
Meir nøgd med velferda
53 prosent av oss meiner myndigheitene bør gjere meir for å sikre den økonomiske og sosiale tryggleiken vår, medan 35 prosent meiner dei bør fortsette som før.
ph
Nordmenn er likevel meir nøgd med velferdstenestene enn innbyggarane i andre land. 43 prosent meiner ein får ein rettferdig del av velferdstenestene ut frå skatten ein betaler, medan gjennomsnittet er 19 prosent for alle land. Norge er også landet der flest meiner synet deira blir tatt omsyn til i uforminga av velferdstenester (30 prosent).
Mange nordmenn meiner også det er lett å bruke velferdstenester om ein treng dei (35 prosent). Talet er høgare berre i Nederland.
Dette er OECD:
** «OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) er et samarbeidsforum for økonomiske og sosiale spørsmål. I OECD analyseres og drøftes aktuelle økonomiske og sosiale problemstillinger. Slik får medlemslandene et bedre grunnlag for å utforme politiske virkemidler som skal sikre økonomisk vekst og sosial trygghet for borgerne», skriver regjeringen.no.
** OECD består av 36 land: Australia, Belgia, Canada, Chile, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Israel, Irland, Italia, Japan, Latvia, Litauen, Luxembourg, Mexico, Nederland, New Zealand, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sverige, Sveits, Sør-Korea, Tsjekkia, Tyrkia, Tyskland, Ungarn, USA og Østerrike.
Kilde: regjeringen.no
Flere saker
Dette er OECD:
** «OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) er et samarbeidsforum for økonomiske og sosiale spørsmål. I OECD analyseres og drøftes aktuelle økonomiske og sosiale problemstillinger. Slik får medlemslandene et bedre grunnlag for å utforme politiske virkemidler som skal sikre økonomisk vekst og sosial trygghet for borgerne», skriver regjeringen.no.
** OECD består av 36 land: Australia, Belgia, Canada, Chile, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Israel, Irland, Italia, Japan, Latvia, Litauen, Luxembourg, Mexico, Nederland, New Zealand, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sverige, Sveits, Sør-Korea, Tsjekkia, Tyrkia, Tyskland, Ungarn, USA og Østerrike.
Kilde: regjeringen.no