Bernie Sanders skjelte ut Walmart-aksjonærar for å gi tilsette luselønn
Dei tilsette i verdas største butikkjede er lei av at sjefen tener 1000 gongar meir enn dei sjølv. Onsdag besøkte presidentkandidat Bernie Sanders Walmart si generalforsamling.
Gage Skidmore
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
– Trass i den store formuen til eigaren, betaler Walmart tilsette sveltelønn. Lønner som er så låge at mange av dei tilsette er nødt til å bruke offentlege støtteordninger som matkuponger, helsehjelp og offentlege bustader for å overleve, sa Sanders til generalforsamlinga.
– Det amerikanske folket er lei av å subsidiere grådigheita til nokre av dei største og mest lønnsame selskapa i landet. Dei er også forbanna over dei groteskt store forskjellane i inntekt og formue i USA, som når sjefen for Walmart tener 1000 gongar meir enn ein gjennomsnittleg Walmart-tilsett, haldt han fram.
p
Tilsette vil ha plass i styret
Walmart er verdas største detaljvarehandel, med over 11.000 butikkar i tillegg til netthandelverksemd. Dei 2,2 millionar tilsette på verdsbasis og 1,5 millionar tilsette i USA, sørgde i fjor for at selskapet omsette for over 500 milliardar amerikanske dollar og gjekk 20 milliardar dollar i overskot.
Den demokratiske presidentkandidaten og senatoren deltok på selskapets generalforsamling i Arkansas onsdag for å legge fram eit tilsetteforslag om at supermarknadgiganten gir plass til ein tilsetterepresentant i styret sitt. Forslaget vart fremma av Walmart-tilsett og leiar i organisasjonen United for Respect, Cat Davis, som ba Sanders legge fram forslaget for aksjonærane.
– Walmart bør gi dei tilsette ein stemme ved å la dei få plass i styret. Synspunkta til arbeidarane, ikkje berre aksjonærar, bør vere ein del av diskusjonen i styremøta, sa Sanders i sitt tre minutt lange innlegg.
I dag er det tidlegare og noverande toppsjefar i storselskap som MacDonalds og Yahoo, samt medlemmer i den styrtrike eigarfamilien Walton, som utgjer styret i supermarknadkjeda.
Forslaget om ein tilsetterepresentant i styret vart ikkje overraskande nedstemt av aksjonærane. Ifølge United for Respect har eit tilsetteforslag aldri fått fleirtal på ei generalforsamling.
Luselønn
Sanders har lenge engasjert seg for dei Walmart-tilsette sine lønns- og arbeidsvilkår. I fjor fremma han det såkalla «Stopp Walmart-lovforslaget» som ville sikra dei tilsette 15 dollar i timen og andre rettar. I tillegg ville forslaget sette eit tak på leiarlønnene i selskapet.
I dag tener Walmart-sjef Doug McMillon over 1000 gongar så mykje som ein Walmart-tilsett. McMillon hadde i fjor ei inntekt som tilsvarer 210 millionar norske kroner. Samtidig er startlønna for butikkarbeidarane 11 dollar i timen, som gir ei årslønn på omtrent 190.000 norske kroner.
Walton-familien kan i tillegg til å vere hovudaksjonær, skilte med at dei er den rikaste familien i verda. Dei har ein samla formue på svimlande 150 milliardar dollar og tener meir på eitt minutt enn ein Walmart-tilsett gjer i løpet av eit heilt år.
We're demanding that the Waltons:
— Bernie Sanders (@BernieSanders) 5. juni 2019
✅ Respect workers' right to form a union
✅ Pay a living wage of $15/hr
✅ Guarantee 7 days paid sick leave
✅ Give hourly workers a seat on the board
These are the bare minimum to ensure dignity for @Walmart workers. #BernieAtWalmart
I innlegget sitt på generalforsamlinga viste Sanders til blant anna netthandelselskapet Amazon som i fjor innførte ei minstelønn på 15 dollar i timen for 350.000 tilsette.
p
«Vi har sterk tru på at det vil styrke forretningsverksemda vår når vi investerer i våre tilsette», skreiv Amazon-sjef Jeff Bezos i eit brev til aksjonærane sine i april. Bezos er sjølv verdas rikaste og har ein formue på 131 milliardar dollar. I brevet utfordrar han konkurrentane sine til å overby selskapets minstelønn på 15 dollar.
Den utfordringa tar ikkje Walmart. På generalforsamlinga sa derimot Walmart-sjef McMillon at det er på tide å heve den føderale minstelønna, som i dag er på 7,25 dollar i timen. Walmart påpeikar også at dei betaler tilsette godt over 15 dollar om ein tek høgde for frynsegoda dei tilsette har.
Arbeidarrettar i valkampen
Sanders fekk berre avdempa applaus frå salen etter innlegget sitt. Applausen var sterkare utanfor møtelokalet i Arkansas, der Walmart-tilsette og Sanders-tilhengarar venta.
– Ein skulle tru ein familie verdt 175 milliardar dollar var villeg til å betale sine tilsette ei lønn å leve av. Likevel veit de at startlønn hos Walmart no er 11 dollar i timen. Folk kan ikkje overleve på 11 dollar i timen. Du kan ikkje betale leige, helseforsikring, fø ungane dine eller kjøpe bensin til bilen, sa han i ein appell til dei tilsette.
Dei 24 demokratiske presidentkandidatane slåst no om arbeidsfolk og fagforeiningar si gunst. Så godt som alle har gitt si støtte til forslaget om å heve den nasjonale minstelønna til 15 dollar.
Nyleg vart Sanders den første presidentkandidaten i USAs historie som har teikna tariffavtale med valkampstaben sin. Den sikrar ulike minstelønnssatsar, betalt ferie og eit tak på leiarlønningar.
Ein annan demokratisk presidentkandidat, senator Elizabeth Warren, fremma i fjor eit forslag om å lovfeste at alle amerikanske selskap med over ein milliard i inntekter må ha minst 40 prosent tilsette i styra sine.
p
Tidlegare visepresident Joe Biden har eit tydeleg forsprang på meiningsmålingane for dei demokratiske presidentkandidatane, medan Sanders ligg på ein god andreplass. Biden har til skilnad frå andre kandidatar hatt ei meir moderat tilnærming i forholdet sitt til dei store amerikanske storselskapa.


Nå: 0 stillingsannonser