JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Walmart-tilsette sender Bernie Sanders til generalforsamlinga for å kjempe fram plass i styret

Dei Walmart-tilsette er forbanna for at sjefen tener over 1000 gongar meir enn ein vanleg tilsett. No får dei støtte frå Bernie Sanders.
Bernie Sanders.

Bernie Sanders.

Brookings institution

tormod@lomedia.no

– Desse arbeidarane fortener ein plass ved bordet. Om vanlege Walmart-tilsette var representert i styret, tviler eg på at sjefen kjem til å tene over tusen gongar meir enn selskapets gjennomsnittlege tilsett, seier Sanders til Washington Post.

Forslaget er fremma av Walmart-tilsett og leiar i organisasjonen Unitet for Respect, Cat Davis, som driv ei kampanje for betre løns- og arbeidsvilkår i store amerikanske selskap.

p

Styrtrik eigarfamilie

Davis inviterte Sanders til å snakke på vegner av dei tilsette fordi han tidlegare har engasjert seg for dei 1,5 millionar Walmart-tilsette sine rettar. Dei har i dag ein minstelønn på 11 armerikanske dollar i timen.

Sanders fremma i fjor eit lovforslag som ville sikra dei tilsette 15 dollar i timen og andre rettar. I tillegg ville forslaget sette eit tak på toppleiarlønninga. I dag tener toppsjefen over 1000 gongar så mykje som ei medianlønn for ein Walmart-tilsett.

Det er tidlegare og noverande toppsjefar i storselskap som MacDonalds og Yahoo, samt medlemmer i den styrtrike eigarfamilien Walton, som utgjer styret i supermarknadkjeda i dag. Walton-familien tener meir på eitt minutt enn ein Walmart-tilsett gjer i løpet av eit heilt år.

Ifølge United for Respect har eit tilsetteforslag aldri fått fleirtal på ei generalforsamling. Selskapet vil sjølv ikkje kommentere forslaget på førehand.

Presidentkandidat

Bernie Sanders stiller nok ein gong til val når Demokratane skal nominere ein utfordrer til Donald Trump i neste års presidentval. På dei siste meiningsmålingane ligg han på ein sterk andreplass, bak tidlegare visepresident Joe Biden.

Sanders titulerer seg sjølv som demokratisk sosialist, og viser ofte til Skandinavia når han skal skildre korleis hans politiske løysingar vil slå ut.

Annonse

Flere saker

Annonse