JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Attføringsselskapets bruk av oppdragsavtaler er ulovleg – no får karriererettleiarane tilsetting og tariffavtale

Det skjer etter at ein juridisk rapport felte ein knusande dom over tilknyttingsformen karriererettleiarane har hatt til Din Utvikling AS.

Tri Nguyen Dinh (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

No har selskapet gitt tilbakemelding til Arbeids- og velferdsdirektoratet om at dei vil rette seg etter forventingane frå Nav og direktoratet om faste tilsette på oppfølgingstiltaket.

– Vi har starta dialogen med tidlegare oppdragstakarar om dette, og reknar med å vere ferdige med denne prosessen i løpet av første kvartal 2018. Det er for tidleg å gi nokon endeleg konklusjon av resultatet, opplyser Hans V. Sunde, strategisk rådgivar i Din Utvikling, i ein e-post til FriFagbevegelse.

Attføringsbedrifta Din Utvikling AS har vunne kontraktar med Nav for 552 millionar kroner i seks fylke, etter at feltet blei kommersialisert i 2014. Selskapet er leverandør av oppfølgingstenester til personar med svak eller ingen tilknytting til arbeidslivet.

Men det er ikkje berre brukarane som har hatt ei spesiell tilknytting til arbeidslivet: Omtrent 300 karriererettleiarar jobbar for Din Utvikling AS, men berre ein av tre er tilsett i selskapet.

Det meinte fagforeiningane var ulovleg. I november kom ein juridisk rapport som gav dei fullt medhald.

Får ikke fast jobb – må i stedet opprette enkeltmannsforetak. Nå må statsråden svare, krever Ap

Knusande konklusjon

Det var NTL Nav Rogaland som først tok opp problemstillinga med Nav Rogaland, og spurte om karriererettleiarane i realiteten er arbeidstakarar og ikkje oppdragstakarar.

Arbeidstilsynet ville av kapasitetsmessige grunnar ikkje handtere saka. Arbeids- og velferdsdirektoratet bestilte derfor ei juridisk vurdering av spørsmålet hausten i fjor.

I slutten av november kom rapporten frå advokatfirmaet Wiersholm. Konklusjonen var knusande:

Rettleiarane i Din Utvikling Rogaland er arbeidstakarar i arbeidslovgivingas forstand.

• Rettleiarane i Din Utvikling Rogaland har vore arbeidstakarar i arbeidslovgivingas forstand sidan arbeidet med Oppfølging starta sommaren 2016

• Nav Tiltak Rogaland kan kreve at Din Utvikling sørger for at rettleiarane formelt og reelt får status som arbeidstakarar.

• Det er fleire landsomfattande tariffavtaler som kan regulere arbeidet rettleiarane utfører, men det er ikkje grunnlag for å seie at det ligg føre ein bestemt tariffavtale. Nav Tiltak Rogaland kan derfor ikkje kreve at rettleiarane har løns- og arbeidsvilkår i henhald til ein bestemt tariffavtale for den aktuelle bransjen.

At dei innleigde rettleiarane ikkje har hatt status som arbeidstakarar overfor Din Utvikling, verken formelt eller reelt, representerer eit brot med norsk lov og derigjennom rammeavtala, heiter det i rapporten.

Vidare oppfordrar advokatfirmaet Nav til å vurdere om dei skal stille krav om at leverandørar kun skal benytte arbeidstakarar.

Vil rette seg etter krava

– Vår advokat har imøtegått konklusjonane i rapporten. Heilt uavhengig av dette vil Din Utvikling rette seg etter dei krav og forventningar som kjem frå Nav og direktoratet, opplyser Sunde.

Selskapet har opplyst om at dei fleste av rettleiarane i Rogaland skal vere tilsett i løpet av årets første kvartal, og at det same skal skje i andre regionar der Din Utvikling har kontraktar med Nav. Dei arbeidar også med å få på plass ei tariffavtale mellom bedrifta og dei tilsette.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Hans V. Sunde, strategisk rådgivar i Din Utvikling AS.

Hans V. Sunde, strategisk rådgivar i Din Utvikling AS.

Pressefoto

Fagforeiningane: – Det vi har meint heile tida

NTL Nav-leiar Hanne Nordhaug skryter av ein god dialog med arbeidsgivarane i direktoratet. Ho meiner Nav har eit ekstra ansvar for å ikkje bruke leverandørar som ikkje følger regelverket.

– Det er ei viktig siger, fordi det handlar om kva arbeidsliv vi skal ha, og at regelen skal vere trygge arbeidsforhold og tilsettingar.

– Wiersholms konklusjon stør opp om det vi har meint heile tida, slår Nordhaug fast.

Også Aud Marit Sollid, første nestleiar i FLT, er nøgd med konklusjonen og at Nav vil følge opp.

– Men det er lovleg seint og det har allereie skjedd mykje skade, seier Sollid, frå forbundet som organiserer eit fleirtal av tilsette rettleiarar i attføringsbedriftane, og held fram:

– Det er underleg at Nav, som har gitt kontraktar til Din Utvikling for over ein halv milliard, ikkje har sjekka arbeidsvilkåra ved inngåinga av kontraktane. Det er bra at Nav no vil endre praksis – men kor var Nav tidlegare? seier Sollid.

Ho stiller spørsmål ved om etaten har oversikt over om andre aktørar i bransjen opererer med liknande arbeidsforhold.

Navs økonomi- og styringsdirektør Geir Axelsen svarer at etaten vil følge opp forholda også overfor andre arrangørar av tilsvarande tiltak.

«NAV er opptatt av seriøsitet og inkludering i arbeidslivet. Vi stiller alltid i våre tjenestekontrakter de krav til lønns- og arbeidsvilkår som følger av "Forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter",» forsikrar han om i ein e-post til FriFagbevegelse.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Hanne Nordhaug, leiar for Norsk tjenestemannslag Nav.

Hanne Nordhaug, leiar for Norsk tjenestemannslag Nav.

Ole Palmstrøm (arkivfoto)

Enkeltpersonsforetak og aksjeselskap

Ved utgangen av 2017 var om lag to tredelar av rettleiingstenestene levert gjennom oppdragsavtaler, i følge selskapet. Omtrent halvparten av rettleiarane leverte tenester gjennom enkeltpersonsforetak og ein god del gjennom aksjeselskap.

Selskapet opplyser om at dei starta prosessen med auke delen tilsette i 2016 og at dei no har omtrent 110 fast tilsette rettleiarar som tidlegare leverte tenester gjennom oppdragsavtaler.

– Når vil alle rettleiarane bli tilsett i selskapet?

– Mange av dei resterande rettleiarane ønsker å vere oppdragstakarar. Når Din Utvikling i mange tilfelle blir tvinga til å gi dei valet mellom å gå over til å vere tilsette eller å avslutte sitt arbeid for verksemda veit vi enno ikkje kor mange som vil ønske å finne andre oppdrag i staden for å akseptere å bli tilsette i Din Utvikling, svarer Sunde.

– Når vil det vere på plass ei tariffavtale i selskapet?

– Etter det Din Utvikling kjenner til vart det sendt inn krav om etablering av tariffavtale frå våre tilsette til Handel og kontor førre året. Vår arbeidsgivarorganisasjon Virke har av uvisse grunnar ikkje mottatt krav om slik avtale enno.

Handel og kontor stadfestar at forbundet har tatt initiativ til ei tariffavtale med Din Utvikling. Initiativet vart teke 13. november 2017, men vart stoppa i LO-sekretariatet grunna innvendingar frå NTL, FO og FLT om kven som har rett til å organisere rettleiarane.

«Ein skattefinansiert milliardmarknad»

I ein rapport publisert av Forbundet for ledelse og teknikk, blir attføringsfeltet kalla ein «skattefinansiert milliardmarknad med ein årleg utlyst verdi på nærmare 1,4 milliardar kroner».

Rapporten viser til at Din Utvikling har tilnærma ein fjerdedel av marknaden for oppfølgingstiltaket. Selskapet har gått frå å omsette for 61 millionar kroner i 2014, til nærmare 207 millionar kroner i 2016.

Feltet blei konkurranseutsett i 2014. Då hadde den raudgrøne regjeringa allereie konkurranseutsette tiltaka for sjukemelde og ordinært arbeidsledige i 2009. Og i 2014 konkurranseutsette den blåblå regjeringa også tiltaka for personar med nedsette arbeidsevne.

Nærmare åtti prosent av høyringsinstansane var kritiske då regjeringa anbodsutsette og kommersialiserte attføringsfeltet i 2014. Likevel blei omtrent 12.000 tiltaksplassar sett ut på anbod.

– Svekkar kompetansen på attføringsfeltet

I ein rapport publisert av FLT blir det hevda at Navs anbodssystem bidrar til ein «veksande klasse av arbeidskraft utan tilsetting».

Dei samanliknar tilknyttingsformen med lausarbeid, og meiner det er eit konkurransefortrinn for verksemdene som bruker forretningsmodellen.

Aud Marit Sollid i FLT er einig, og forklarer at verksemdene leverer billegare anbod gjennom å bruke desse arbeidsforholda. Ho meiner arbeidsvilkåra, der rettleiarane sjølv må ta ansvar for opplæring, også svekkar kompetansen på attføringsfeltet.

– Her ligg det føre kontraktsvilkår der det ikkje blir satsa på å bygge opp kompetansen. Dermed slår denne forretningsmodellen også negativt ut for brukarane og arbeidssøkarane, seier Sollid.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Aud Marit Sollid, første nestleiar i Forbundet for ledelse og teknikk.

Aud Marit Sollid, første nestleiar i Forbundet for ledelse og teknikk.

Tormod Ytrehus

Din Utvikling meiner på si side dei er vurdert til å vere leverandøren med best kvalitet på tilnærma alle avtaler verksemda har blitt tildelt.

– Verksemda er blant dei som får flest deltakarar i arbeid, noko som tydelig viser at kompetansen hjå våre rettleiarar er heilt i toppen. Din Utvikling vinn sine avtalar på kvalitet og ikkje på pris, svarer Sunde på tiltala, og legg til:

– Det er riktig at ein tilsett har mindre risiko for resultatet, men dei har samtidig ei lang rekke plikter som ein oppdragstakar ikkje har. Dette er òg ein viktig bakgrunn for at mange av rettleiarane ikkje ønsker å vere tilsette. Samanlikninga med lausarbeidarar viser berre at ein fullstendig har misforstått kva denne debatten handlar om.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

«Ein skattefinansiert milliardmarknad»

I ein rapport publisert av Forbundet for ledelse og teknikk, blir attføringsfeltet kalla ein «skattefinansiert milliardmarknad med ein årleg utlyst verdi på nærmare 1,4 milliardar kroner».

Rapporten viser til at Din Utvikling har tilnærma ein fjerdedel av marknaden for oppfølgingstiltaket. Selskapet har gått frå å omsette for 61 millionar kroner i 2014, til nærmare 207 millionar kroner i 2016.

Feltet blei konkurranseutsett i 2014. Då hadde den raudgrøne regjeringa allereie konkurranseutsette tiltaka for sjukemelde og ordinært arbeidsledige i 2009. Og i 2014 konkurranseutsette den blåblå regjeringa også tiltaka for personar med nedsette arbeidsevne.

Nærmare åtti prosent av høyringsinstansane var kritiske då regjeringa anbodsutsette og kommersialiserte attføringsfeltet i 2014. Likevel blei omtrent 12.000 tiltaksplassar sett ut på anbod.