Minstelønn i Storbritannia:
Boris Johnson gir britane eit kjempehopp i minstelønn
2,8 millionar britar får ein lønnsauke på opptil 6 prosent i år, varslar den britiske regjeringa. Målet er ei minstelønn på to tredjedelar av medianlønna innan 2024.
AP / NTB Scanpix
tormod@lomedia.no
Frå 1. april aukar den lovfesta minstelønna i Storbritannia med 6,2 prosent for arbeidstakarar over 25 år, frå 8,21 til 8,72 britiske pund i timen. Det annonserte statsminister Boris Johnson nyttårsaftan.
– Hardt arbeid bør alltid lønne seg, men altfor lenge har folk ikkje fått lønnsveksten dei fortener. Regjeringa vår skal sette ein stoppar for dette, ved å gi nærmare tre millionar menneske frå Edinburgh til Eastbourne ein velfortent lønnsvekst, inkludert den største auken i den nasjonale minstelønna nokon sinne, uttaler Johnson i ei fråsegn.
p
Lovar å fjerne låglønn
Ein uavhengig kommisjon anbefaler årlege auken i minstelønna, som i år blir fire gongar så stor som prisveksten. For lærlingar og andre aldersgrupper enn dei over 25 år, aukar minstelønna med mellom 4,6 og 6,5 prosent.
– Men vi stoppar ikkje der. Vi vil gjere Storbritannia til det første landet i verda som eliminerer låglønn i løpet av dei neste fem åra, heiter det i fråsegna.
I fjor lova den britiske finansministeren Sajid Javid å auke den nasjonale minstelønna til to tredjedelar av medianlønna innan 2024. Etter noverande prognosar vil det utgjere 10,50 pund, ifølge regjeringa. I tillegg har Javid lova at minstelønna også skal omfatte arbeidstakarar over 23 år frå neste år, og dei over 21 år innan ein femårsperiode.
Regjeringa varslar fleire detaljar om endringane i minstelønna i løpet av våren.
– Arbeidarar får framleis ikkje den rettferdige delen av verdiane dei skaper, og arbeidande fattige blir fleire når millionar av familiar slit med å få endane til å møtest. Ingen fleire unnskyldningar, fattige familiar trenger ei minstelønn på 10 pund no, ikkje om fire år, er generalsekretær Frances O'Grady i britisk LO sin kommentar.
På tiandeplass
Låglønn blir definert som to tredjedelar av medianlønna, av den internasjonale organisasjonen OECD. Men for å kunne dekke levekostnadar trenger britane ei lønn på minst 9,30 pund i timen, og 10,75 pund i London, ifølge the Living Wage Foundation sine utrekningar.
Den britiske minstelønna vart innført av det britiske Arbeidarpartiet i 1999. Storbritannia hadde i fjor verdas tiande høgaste minstelønn, ifølge ein tysk rapport. Justert for ulik kjøpekraft, hamna britane bak Luxembourg, Australia, Frankrike, Nederland, Irland, Belgia, New Zealand, Tyskland og Canada.
p
Til forskjell frå Storbritannia, har ikkje Norge ei sånn minstelønn, men minstelønnssatsar i tariffavtaler forhandla fram av partane i arbeidslivet. Nokre av desse satsane er likevel lovfesta, gjennom såkalla allmenngjering i bransjar utsette for sosial dumping.
Den nye leiaren for EU-kommisjonen har varsla eit forslag om å innføre ei europeisk minstelønn. I Norge og Norden er regjeringane, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane mot forslaget. Her heime vil partane forhandle fram lønna sjølv, utan at politikarane blandar seg inn.