Kirketeig: – Ville vera lojal
Konflikten i Fellesforbundet si avdeling 19 er blitt mat for advokatar. Her går Magasinet gjennom saka fram til oppseiinga.
randi@lomedia.no
Jarle Kirketeig er ein modig mann. I slutten av august sto han fram på NRK Sogn og Fjordane og skulda fagforeiningsleiar Magne Ulvatn for trakassering. Organisasjonsarbeidaren har vore sjukskriven sidan juni på grunn av arbeidsmiljøet ved avdelingskontoret.
Etter at saka kom ut i NRK, har tidlegare tilsette vore i media og støtta Kirketeig. Fleire av Fellesforbundet sine klubbleiarar i fylket er sjokkerte og vil kaste styret, som vurderer å seie opp organisasjonsarbeidaren.
Magne Ulvatn var klubbleiar ved Kleven-verftet i Florø i perioden 1996-2003. Han kom inn i Fellesforbundets representantskap i 2003. Sidan 2007 har han hatt plass i forbundsstyret.
Kirketeig vart innkalla til drøftingsmøte med arbeidsutvalet i avdelinga 13. september. Han stilte med advokat betalt av Fellesforbundet. Avdelinga stilte med advokat frå Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening. Det vart inga avklåring på møtet.
Ville vera lojal
Organisasjonsarbeidaren presiserer at personstriden ikkje har noko med fagrørsla å gjera.
– Eg ville vera lojal, og heldt kjeft – heilt sidan 2007. Eg var redd det skulle skade fagrørsla. Til slutt møtte eg veggen, forklarer han til Magasinet då vi intervjua han før han hadde motteke oppseiinga.
– Eg har ei kjensle av å stå og halde oppe ein vegg som er i ferd med å knuse meg. Hadde det ikkje vore for støttemeldingar og e-post frå folk i alle bransjar...
– Kvifor gjekk du til NRK?
– Om eg hadde slutta utan å gå til media, ville ein ny person få same problem, svarer han. To tidlegare tilsette har slutta på grunn av trakassering.
– Hadde det ikkje vore betre å løyse striden internt?
– Jau, sjølvsagt. Eg har teke opp saka gong på gong, utan at det hjelpte.
Mista ansvar
Magasinet har fått sjå det Kirketeig har notert om samarbeidsklimaet på avdelingskontoret. Tilhøvet til leiaren blir stendig dårlegare frå hausten 2008, utan at han skjønar kvifor. Kort sagt handlar historia om uklåre rutinar for rapportering, ein leiar som ikkje ser medarbeidaren sin innsats og ikkje har tillit til han, tek frå han arbeidsoppgåver og fortel andre at han er ein dyr mann. Og i tillegg kjem med krasse og sårande utsegner.
Kirketeig fekk fleire gonger i 2009 varsel om at han ikkje kunne halde fram i full jobb.
– Samstundes jobba leiaren då for at han sjølv skulle få fast tilsetting. Eg sat med ei kjensle av at eg sat i vegen for Magne Ulvatn, skriv han.
Ba forbundet om hjelp
Kirketeig kopla inn arbeidsutvalet i fagforeininga, utan at det førte til noko. Han gjekk direkte til leiaren, ville ikkje gå bak ryggen på han. Etter som tida gjekk, så han at ikkje noko kom til å endre seg til det betre. Og bestemte seg for å kontakte forbundet og be om hjelp.
– Eg hadde kontakt med Geir Olsen på distriktskontoret i Bergen, som tok kontakt vidare til toppleiinga i forbundet. Etter det eg forsto, var det leiar og 1. nestleiar som behandla saka. Men eg har ikkje snakka med dei direkte, fortel organisasjonsarbeidaren.
Forbundet ville ikkje ta stilling. Men Kirketeig fekk godkjenning for å kontakte advokat.
Nye vonbrot
Då avdelinga fekk vita at han tenkte å saksøke dei, fekk dei inn ein meklar. Kirketeig seier meklaren var klar på kva problemet var, og dette vart gitt munnleg til partane og nestleiar. Han vart optimistisk og håpa at ting skulle jenke seg til. Men slik skulle det ikkje gå.
– Etter årsmøtet i mars 2010 forsto eg at styret ikkje var informert om resultatet av meklinga. Etter det mista eg håpet igjen, og det enda med at eg på hausten i fjor fekk advokathjelp frå forbundet. Det vart då laga ein 10-punkts plan som gav meg eit nytt håp om at no ville ting endre seg. Men dette hjelpte heller ikkje, fortel Kirketeig.
På eit møte i september gav nestleiar Kormeseth klårt uttrykk for at hadde dei vore imot planen frå første stund, sjølv om dei hadde underskrive avtalen.
Vil kjempe for jobben
– I utgangspunktet har eg ein fantastisk fin jobb, der eg kan få hjelpe medlemane, seier Jarle Kirketeig. Han er utdanna som industrimekanikar, har vore hovudtillitsvalt i Forsvaret og seinare kursa seg opp til jobben han har i dag.
Sjølv vil han ikkje seie opp stillinga si.
– Eg sel ikkje integriteten min uansett størrelse på sluttpakke, seier han til Magasinet.
Vil ikkje seie noko
– På kva grunnlag vurderer de å seie opp Kirketeig?
Nestleiar i styret, Bjørn Martin Kormeseth, sendte Magasinet følgjande svar i forrige veke, før oppseiinga vart kjend:
– Som arbeidsgjevar må Fellesforbundets avdeling 19 følgje spelereglane i arbeidslivet på lik line med alle andre arbeidsgjevarar. I høve som gjeld tilsette, er vi utan moglegheit til å kommentere dette offentleg. Styret jobbar aktivt med denne saka, og vi kan forsikre medlemane om at vi følgjer spelereglane i arbeidslivet i slike prosessar.
Magasinet har kontakta Magne Ulvatn fleire gonger, men han har vore taus. Etter at han har lese skuldingane mot seg, viser han til nestleiaren si utsegn – at saka ikkje kan kommenterast offentleg.
Mest lest
Barbro Major er regiontillitsvalgt for Fellesforbundet i region Buskerud, og har snakket mye med medlemmene i året som har gått.
Privat
– Dette er helt jævlig. Det er kolleger som jeg har jobbet sammen med i ti år. Hva kan jeg si?
SEKSUELL TRAKASSERING: Den eine kunden klapsa kvinna på rumpa då dei møttest på butikken, etter å ha fått beskjed av både kvinna og arbeidsgivaren hennar om at han skulla halde seg unna.
Colourbox
Kvinneleg mekanikar fekk to kundar dømt for tafsing, kiling og klaps: – Dommen har sett ein standard
TOK KAMPEN: Ann–Helen Pettersen (til venstre) og Randi Stenersen Rasmussen gikk til sak mot arbeidsgiveren da de ble sagt opp som flyplassvektere på Flesland. Nå gir Securitas dem nye jobber i konsernet.
Paul S Amundsen
Vekterne Ann-Helen og Randi gikk til sak mot arbeidsgiver og reddet både jobben og AFP
I en ny anbudsrunde kan alle flyselskap i EU/EØS søke på rutene. Derfor er det lagt inn svært tydelige krav til tilbyderne.
Leif Martin Kirknes
Kravene som kan gjøre det vanskelig for Wizz Air i Norge
Erik Knudsen er fortvilet over beskjeden han fikk fra kommunen rett før jul.
Amanda Iversen Orlich/Dagsavisen
Erik mister 9.000 kroner i støtte og kan havne på gata
OVERRASKET: Tillitsvalgt for vaktmestertjenesten, Geir Tjøstheim, og tillitsvalgt for renholdsarbeiderne, Jana John, begge for Fagforbundet, fikk ikke vite om privatiseringen før avgjørelsen var tatt.
Strandbuen/Stine Serigstad
Geir og Jana fikk sjokkbeskjed: – Jeg har tenkt at jobben min er trygg fordi jeg jobber i kommunen
– Nå skal vi ta oss råd til å besøke den chilenske familien til mannen min så fort det blir forsvarlig å reise, sier Elisabeth Bøckman.
Per Flakstad
Vant i retten: Nå får Elisabeth høyere pensjon og råd til å besøke mannens familie
Martin Håndlykken
Nå får Jonathan beholde dagpengene fram til sommeren: – En stor lettelse
Ole Palmstrøm
Permitterte får dagpenger til 1. oktober. Men det blir ikke feriepenger på dagpenger
Vi mener ei regjering med Ap, SV og Sp, med Jonas Gahr Støre som statsminister, er best i stand til å styre landet, sier Mett Nord og resten av Fagforbundets forbundsstyre.
Jan-Erik Østlie
Mette Nord rykker ut etter utspill fra fylkesleder: – Støre er Fagforbundets foretrukne statsministerkandidat
(Illustrasjonsfoto)
pressefoto, WizzAir.com
Wizz Air-ansatte i Norge er beskyttet av arbeidsmiljøloven, fastslår Luftfartstilsynet
Meieriansatte får 50 øre i generelt tillegg fra 1. mai i år. Enigheten i lønnsoppgjøret omfatter rundt 2.500 NNN-medlemmer.
Jan-Erik Østlie
Meieriansatte får ny lønn: Her er resultatet
Colourbox.com
Lærere har ikke fått overtidsbetalt under pandemien. Over halvparten har vurdert ny jobb
Debatt
Tidligere professor i samtidshistorie ved Høgskolen i Innlandet.
Høgskolen i Lillehammer (HiL)
«Det som har skjedd, er at staten har konfiskert hele tjenestepensjonen min», skriver Paul Knutsen
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kommer med nye grep for arbeidsledige. (Arkivfoto)
Thomas Brun / NTB
Maksperioden på dagpenger forlenges. Se hvem det gjelder
Hva blir pensjonen på? Her får du nyttig info.
Colourbox
Nær halvparten vet ikke hva de får eller trenger i pensjon
Afaransis Yassin (28) har ingen mulighet til å få økonomisk støtte fra familiemedlemmer. Da blir det nesten umulig å komme inn på boligmarkedet, mener hun.
Ida Bing
Afaransis (28) får ikke økonomisk hjelp hjemmefra: – Jeg er sjanseløs på boligmarkedet
Bjørn Inge Bergestuen/Frp
Frp skeptisk til feriepenger for dagpenge-mottakere
Trygve Slagsvold Vedum
Jan-Erik Østlie
Fagforbundet-tillitsvalgt fra Rogaland mener det er OK om Vedum blir statsminister
HOVEDTILLITSVALGT: Lærer Christian Holstad Lilleng ble fratatt 6.000 i lønn ved tap av funksjonstillegg etter kommunesammenslåing mellom kommunene Haram og Ålesund. Han nekter å godta kuttet.
Privat