Klokkene ringer for Kirketeig
– Eg håpar så innerleg at saka blir ordna no. Eg klarer snart ikkje meir, seier organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig. 31. oktober kan bli siste arbeidsdag.
randi@lomedia.no
Oppseiinga av organisasjonsarbeidaren i Fellesforbundets Avdeling 19 er blitt advokat-mat. Trettande oktober var det forhandlingsmøte.
– Det gjekk ikkje noko bra. Eg byrjar å bli redd for at den som er flinkast til å lyge, vil vinne ei sak, og der er eg dårleg, skriv Kirketeig i en mail til Magasinet.
På eit nytt forhandlingsmøte 25. oktober trur han alternativa blir å seie opp sjølv eller å bli sagt opp.
– Eg har fått stadfesta at dei aldri har handsama problema eg har teke opp som trakassering.
Og dei har igjen konkretisert at eg ikkje har nokon tariffavtale. Så det hjelper ikkje å bruke argument derifrå, skriv han fortvila.
Ein desperat mann
I byrjinga av oktober reiste Magasinet til Førde for å møte Jarle Kirketeig (39). Organisasjonsarbeidaren har fått mykje støtte etter at han gjekk ut i NRK i slutten av august og sa at avdelingsleiar Magne Ulvatn hadde trakassert han i lang tid. Hadde prøvd så mange gonger å seie ifrå, utan at det hjelpte det grann. Sidan har saka rulla og gått i media.
Vi møter ein desperat mann. Makteslaus.
– Eg kjenner at eg balanserer på ein knivsegg. Toler ikkje stort meir, seier han sjølv.
– Eg håper så innerleg. Forferdelig. Håplaust. Slik ordlegg han seg. Deprimert, seier legen, og ser ein klår samanheng med konflikten på arbeidsplassen. Legen ser ikkje at han kjem til å friskmelde Kirketeig i løpet av 2011.
Avdelinga ligg lågt
Hausten er komen med iskaldt regn og dogg på bilglaset. Likevel blir Kirketeig sitjande i bilen. Vågar ikkje å koma opp til Fellesforbundet sitt distriktskontor i fjordfylket, i tilfelle han treffer leiar Magne Ulvatn og nestleiar Bjørn Kormeseth i Avdeling 19, som leiger kontor der.
Men som venta er dei ikkje til stades. Dei ligg lågt. Har ikkje villa snakke. Korkje leiar eller nestleiar kunne treffe Magasinet då vi tok kontakt før turen til Førde.
Distriktssekretær Oddbjørn Aalen vil ikkje ta parti, men er djupt bekymra for organisasjonen. Og for omdømmet til Fellesforbundet. For saka lever sitt eige liv, som han seier.
Tappa for krefter
Vi sit i bilen til Kirketeig. Skoda’n med to barnesete svingar opp og ned dei bratte liene, og over grensa til Gaular kommune, medan regnet auser ned.
– Korleis kjem du deg gjennom dagane?
– Eg har drive med paragliding før. No er eg meir interessert i mikrofly. Sit ved pc’n og leitar etter mikrofly, for å halde tankane unna, svarar han.
For ikkje lenge sidan var han med på å starte opp Norsk Folkehjelp Sunnfjord. Han sit i styret, men har ikkje klart å møte etter at han vart oppsagd.
Han var òg partileier for Ap i Gaular. Men trakk seg ut av politikken i 2008, då han skjøna kor mykje konflikten sleit på han.
– Fråteken oppgåver
Vi kjem til jordbruksgrenda Sygna. Her bur Kirketeig med kone og tre små born, sju vinterfora sau, to islandshestar og nokre høne. Nokon driftig småbrukar er han ikkje, medgjev han, medan han legg fram høy til hestane. Det er jobben i avdelinga som tel.
– Kva er det eigentleg du vil oppnå?
– At Magne sluttar å skjelle meg ut på kontoret, kjem det kjapt frå Kirketeig.
Fortel at han har fått beskjed om at han ikkje lenger har arbeidsoppgåver som er hans. At han har spurt kva oppgåver han har no og at Ulvatn svarte:
– Du skal berre gjera det eg gjev deg beskjed om.
– Eg er ikkje den som grin til vanleg. Men når du sit med tårer i augo utanfor ei bedrift og gruer deg til å gå inn, då er det noko gale, seier Kirketeig.
– Vil ikkje samarbeide
Han viser oss det rekommanderte brevet med oppseiinga, datert 19. september. Siste dag på jobben skulle vera 31. oktober. Advokaten, som blir betalt av Fellesforbundet, kravde forhandlingar og varsla søksmål. Han kravde og at Kirketeig skulle stå i stillinga.
– Vart du sagt opp fordi du stod fram i media?
– Nei, hadde dei teke meg fordi eg varsla, ville det ta seg dårleg ut. Trass alt har jo fagrørsla kjempa fram den paragrafen i arbeidsmiljølova som skal verne dei som varslar. I brevet står det at grunnen er manglande vilje til samarbeid på arbeidsplassen.
Han sukker og rister på hovudet. Han har aldri fått skriftleg varsel for noko. Han ser heller ikkje noko dei kunne ha varsla om.
Ba om hjelp
Kirketeig fortel Magasinet om ei rekke episodar frå kvardagen sin i avdelinga, slik han har oppfatta dei. Avdelinga har som sagt ikkje villa seie noko konkret frå deira ståstad.
Påstanden frå avdelinga om at Kirketeig ikkje vil samarbeide, trur han kjem frå ein episode der han sende ein e-post med smilefjes til nestleiar Kormeseth og bad om hjelp til å ta nokre telefonar for å arrangere eit kurs. To dagar før Kirketeig skulle på heimevernsøving, fekk han beskjed om å lage eit kurs som skulle vera klart to dagar etter han han var tilbake. Han fekk det utsett ei veke, men det vart likevel for stutt tid, for han hadde aldri laga eit kurs før. Det han bad nestleiaren om, var å finne ein dato som passa deltakarane og ringe hotellet. Men Kormeseth hadde ikkje tid.
Sterk kontroll
Kirketeig viser Magasinet ei rekkje dokument på pc’n sin. Han fører ikkje berre rekneskap for seg sjølv, men og ei nitid køyrebok, nærast minutt for minutt.
– Kvifor gjer du det så detaljert?
– Elles får eg kritikk. Til dømes hadde eg ikkje lagt merke til at det var feil tidspunkt på ein ferjebillett. Eg måtte ringe ferjeselskapet og be dei stadfeste billetten. Dei beklaga då at det hadde vore feil på billettmaskinen, svarar han.
Ein dag han var ute og køyrde, oppstod en fæl ulyd frå klimaanlegget. Han hadde nett kjørt forbi ein bilverkstad. Køyrde tilbake dit, og førte det inn i køyreboka. Første reaksjonen frå arbeidsgjevar var trekk i løn for tida dette hadde tatt, litt over ein halvtime. Men han slapp det.
Måtte betale sjølv
I vinter datt han på holka då han var i Årdal, og braut leggen. Då han var komen heim, bad han om å få jobbe på kontoret ein stund, så han slapp å gå så mykje. Svaret var nei.
Resultat: seks veker sjukmelding. Krykkjer og kostnad for lege, transport til og frå sjukehus og behandling på sjukehuset betalte han sjølv, enda om han hadde ramla medan han var på arbeid.
– Eg leverte inn ei reiserekning der desse kostnadane var spesifiserte, men fekk den i retur.
Kostnadskutt
Han har skrivi til arbeidsutvalet og bede om å få eit virusprogram. Svaret var nei. Det trengde han ikkje, for Ulvatn var aldri inne på sider der han trengde slikt. Seinare fekk han lasta ned eit gratisprogram.
Kirketeig bad om ein ny telefon, sidan telefonen streika og levde sitt eige liv. Fekk det først etter fleire månader.
Bad om vernesko. Fekk det etter tre år. Bad om ID-kort for byggeplass. Måtte ordne det sjølv.
– Eg har måtta kjempe for alt, seier han. Styret vil ha minst mogeleg spørsmål om utstyr, og minst mogeleg utgifter. Måtte han overnatte, var det å leite etter billegaste alternativ. Først etter at Hotell- og Restaurant kom med skulle han velje ein stad med tariffavtale.
Fagleg etterslep
Kirketeig fortel at han slit med å halde seg oppdatert. Har fått nei til dei fleste kurs og konferansar som kunne vera nyttige. Det har ført til at han blir retta på av medlemar fordi han ikkje er oppdatert.
– Ein gong eg sat på kontoret og las meg opp på den nye AFP-ordninga, kom Magne Ulvatn inn, slo neven i skjermen og sa: Kva er det driv med i arbeidstida! Fortel Kirketeig.
Ein gong han likevel hadde vore på kurs, vart Ulvatn rasande over at han hadde teke fly i staden for nattbussen.
Den einaste gongen Ulvatn og Kormeseth tok med seg Kirketeig, var til Startkonferansen før landsmøtet no i år. Dei bad han då om å skrive ein kritisk rapport om kor dårleg opplegget til forbundet var. Men det ville ikkje Kirketeig, seier han sjølv.
Aktivitet stoppa
Organisasjonsarbeidaren opplyser vidare at han ikkje har fått tilgang til medlemsregisteret Fane 2. To gonger har det hendt at han har kome til ei bedrift og spurt etter ein tillitsvald som var død for fleire år sidan. Han prøvde då å halde seg oppdatert med eit eige system, der han visste informasjonen var rett. Dette fekk han ikkje lenger lov til å gjera i 2010.
Han fortel at vidare at Ulvatn har nekta han å besøke arbeidsplassar med innleigde folk.
– Kvifor ikkje, sosial dumping er jo eit prioritert arbeidsfelt for forbundet?
Jarle Kirketeig trekker på skuldrane.
– Eg forsto det slik at eg ikkje skulle bruke tid på å hjelpe medlemane, eg skulle berre verve. Om vi ikkje hjelper dei, meiner eg vi stel pengane deira. Dei er jo organisert for å få hjelp!
Organisasjonsarbeidaren fortel vidare at kursverksemda i avdelinga hadde lege nede. Då han fekk den i gong saman med den førre studieleiaren, vart det stoppa av Ulvatn. Då han foreslo å hjelpe den nyvalde ungdomstillitsvalden i gong, vart han også stoppa.
Til årsmøtet vart meldinga som Kirketeig hadde skrivi om sin eigen jobb, droppa. I staden skreiv avdelingsstyret ei ny årsmelding han ikkje kjende seg att i. Alt han hadde kjempa for å få til utan å lykkast, var teke med.
– Magne Ulvatn går i for store sko, og trakkar på alle rundt seg for å skjule det, meiner Jarle Kirketeig. Blir han sjølv berga i siste liten?
Presisering frå avdeling 19
Magasinet har kontakta Avdeling 19 ei rekke gonger, utan å få nokon kommentar til saka. Nestleiar Bjørn Kormeseth seier no at dei jobbar med å finne ei løysing, men viser elles til personvernlova og spelereglane i arbeidslivet.
– Det finst ingen vinnar i ei slik sak, seier nestleiaren.
På heimesida til avdelinga ligg ei fråsegn:
– Styret presiserer at oppseiinga IKKJE har funne stad som følgje av medieomtala den siste tida. Denne saka har vi jobba med over lengre tid, og vi har forsøkt å få til ei løysing som begge partar kunne være tent med. Det har vore ei tung og vanskelig avgjerd å seie opp organisasjonsarbeidaren. Vi har fylgt dei retningslinjene som gjeld i arbeidslivet i slike saker. Styret har difor kome til at ei oppseiing ikkje har vore til å unngå.
Vi har heile tida samarbeida med Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF) om saka. Jurist frå AAF har vore rådgjevar.
Mest lest
ELENDIG BEHANDLING: Tommy Storeide Vangen har jobba i varehandelen i mange år.
Erlend Angelo
Tommy jobba seg i senk og ble sykmeldt: – Jeg har aldri blitt så dårlig behandla som av Coop
Barbro Major er regiontillitsvalgt for Fellesforbundet i region Buskerud, og har snakket mye med medlemmene i året som har gått.
Privat
– Dette er helt jævlig. Det er kolleger som jeg har jobbet sammen med i ti år. Hva kan jeg si?
Charlotte Rødland Kristiansen er 22 år og må betale alle utgifter til tannlege selv. SV vil at det skal bli gratis.
Aslak Bodahl
Charlotte (22) får ikke fikset tennene fordi det er for dyrt: – Ekstremt frustrerende
KRISE: Valgforsker Johannes Bergh mener Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet har kommet helt i skyggen av Senterpartiets sentraliseringskritikk.
Jan-Erik Østlie
Bunnotering for Ap: – Utrolig hvordan partiet sliter, sier valgforsker
SEKSUELL TRAKASSERING: Den eine kunden klapsa kvinna på rumpa då dei møttest på butikken, etter å ha fått beskjed av både kvinna og arbeidsgivaren hennar om at han skulla halde seg unna.
Colourbox
Kvinneleg mekanikar fekk to kundar dømt for tafsing, kiling og klaps: – Dommen har sett ein standard
Folketrygda
Illustrasjon
Anna Granqvist
To pensjonistforeninger sier nei til stort løft i minstepensjonen, hvis det betyr mindre pensjon til andre grupper
Innsatsleder Kenneth Wangen er en av de flere tusen menn og kvinner som har jobbet med søk og redning i Gjerdrum. Bildet er tatt ved en annen anledning.
Werner Juvik
Redningsmannskapet i Gjerdrum var i konstant fare. Her er innsatslederens historie
Kantinekokken Monica Karlsen Moseby har vært permittert helt siden mars i fjor, og har søkt flere andre jobber uten å få napp. Hun er glad for at regjeringa nå vil forlenge permitteringsperioden. Samtidig sier hun: – Jeg forstår ikke hvorfor de ikke bare kan si at ordningene varer så lenge pandemien varer. Det er så usikkert for oss og for bedriftene, sier Moseby, som er medlem i Fellesforbundet.
Privat
Monica har snart vært permittert ett år: – Det er tøft. Bare å stå opp og vite at ingen har behov for deg
Mari Falck forteller at faren Morten alltid har vært en positivt innstilt person med et usedvanlig godt humør. Han ble veldig deprimert etter nedstengingen og følte seg innesperret.
Privat
Mari fikk besøke sin dødssyke far kun én gang i uka. Da kokte det over for overlegen
Harald Eia er sosiolog, komiker, programleder og forfatter.
Ida Bing
Harald Eia kurser Ap om Ulikhets-Norge. Her er hans advarsel
Kommentar:
Stats,inister Erna Solberg måtte innse at opposisjonen var i ferd med å overkjøre regjeringen.
Leif Martin Kirknes
«Takket være firerbanden har regjeringen blitt presset fra skanse til skanse»
Illustrasjon
Håvard Sæbø
Rekordhøy arbeidsledighet i Lofoten – henter inn tusener av sesongarbeidere
Vi mener ei regjering med Ap, SV og Sp, med Jonas Gahr Støre som statsminister, er best i stand til å styre landet, sier Mett Nord og resten av Fagforbundets forbundsstyre.
Jan-Erik Østlie
Mette Nord rykker ut etter utspill fra fylkesleder: – Støre er Fagforbundets foretrukne statsministerkandidat
I en ny anbudsrunde kan alle flyselskap i EU/EØS søke på rutene. Derfor er det lagt inn svært tydelige krav til tilbyderne.
Leif Martin Kirknes
Kravene som kan utelukke Wizz Air fra å delta i konkurransen om norske ruter
Jonas Gahr Støre. Arkivfoto
Jan-Erik Østlie
– Skal regjeringen komme etter med enda nye innrømmelser, bør det være å gi feriepenger på dagpenger
I en intern LO-måling fra desember som TV 2 har fått tilgang til, får Ap og Jonas Gahr Støre 31,4 prosent oppslutning.
Jan-Erik Østlie
Kun tre av ti LO-medlemmer vil stemme Ap, viser intern måling
Martin Håndlykken
Nå får Jonathan beholde dagpengene fram til sommeren
537 ansatte ved sju Tine-meierier kan bli tatt ut i streik fra lørdag.
Jan-Erik Østlie
Over 500 ansatte i Tine kan bli tatt ut i streik
Bjørnar Moxnes mener svekkelsen av lønns- og arbeidsvilkårene til togrenholderne er ønsket politikk fra regjeringens side.
Jan-Erik Østlie
Togrenholdere kjemper for å beholde lønna: – Stjerneeksempel på borgerlig politikk, mener Moxnes
Trygve Slagsvold Vedum for skryt for sitt lederskap av tidligere LO-topp Sture Arntzen.
Jan-Erik Østlie