JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Villmarkskontrolløren

Ein gong måtte hovudtillitsvald i Statskog, Lars Lorentzen frå Mosjøen, melde fråver til seksjonsrådsmøte i Skog og Land av ein spesiell grunn: Oppgåva den dagen var å drive jervregistrering.

randi@lomedia.no

Svupp, svupp. Solide og tette støvlar er tingen på disse blaute myrdraga i Holmvassdal naturreservat lengst sør i Nordland. Lars Lorentzen tråklar seg innover i Lomsdal-Visten nasjonalpark.

Han skal sjekke status på Statskog si utleigehytte ved Gåsvatnet. Haustsola orkar ikkje bryte gjennom det grå. Men ildraude tuer med rypebær lyser opp i alt det gule. Fjelltoppar strødde med melis, Børgefjell i søraust alt kvitkledd.

Ein ramn skrik, ein stor rovfugl flyg hastig forbi eit stykke unna, borte før kikkerten får fanga han. Elles ingen dyr å sjå. Elgar held seg klokeleg i skjul dagen før jaktstart.

Omstilt til konsulent

Lars Lorentzen kjenner verneområda. I slutten av april var han med på å måle opp grensene for naturreservatet. 54-åringen starta som skogsarbeidar og tømmerkøyrar hos Statskog i Mosjøen i 1980. Dei seinare åra er skogsdrifta sett bort til entreprenørar, medan de fleste av skogsarbeidarane er omstilte. Den tøffe fossekallen – nasjonalfuglen – sit i logoen til statsføretaket.

– Men det er jo feil fugl. Vi skulle hatt kråka, som er langt meir omstillingsdyktig, ler Lars.

Ved siste årsskiftet gjekk han ut av Skogoverenskomsten og over i ny stilling som fastlønna konsulent i Fjelltjenesten, ei sjølvstendig avdeling under Statskog sin eiendomsdivisjon med 16 tilsette i Nordland og Troms. I dette området betyr det tilsyn med 7000 kvadratkilometer villmark i Vefsn, Grane, Hattfjelldal og Børgefjell. Oppdragsgjevarar er Statskog, Landbruks- og matdepartementet (som eig områda), Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen.

Enkelt friluftsliv

Det luktar kaffi . Frå hyttetrammen ser vi eit einsleg vak. Men ellers ligg Gåsvatnet blankt og stille. Fjellsjøen speglar Elgfjellet og andre haustgule åsar. Lenger bak ligg den trelause elgvidda, Sarvenvaartoe på sørsamisk. Her inne kan ein kan gå i dagar utan å treffe ein sjel. Området var veglaust fram til 1980- talet då vegen til Brønnøysund vart bygd. I randsonene har Statskog lagt til rette for eit «enkelt friluftsliv» med 8-9 utleigehytter, opne hytter og gapahukar, samt bruer over strie og vassrike elvar.

Rett bortanfor Gåsvatn-hytta ligg ei hengebru som er dimensjonert for snøskuter etter ønske frå reindrifta. Hytta ligg berre to kilometer frå bilveg og er mykje brukt av jegarar og isfiskarar. Siste innlegget i hytteboka er ei morosam historie frå ein som gått hadde fl eire dagar utan å sjå rype. Men nett då han sat bak ein busk med buksa nede, letta ei rype frå lyngen. Jegaren skaut, men bomma ...

– Tek du mange for tjuvfiske?

– Nokre er det, men dei fleste ordnar fi skekort til dømes med SMS eller frå nettsida inatur.

– Kor flinke er folk til å halde hyttene i orden?

– Dette går på tillit. Litt søppel er det, og her har nokon gjort opp fisk i vasskanten akkurat der det er naturleg å hente drikkevatn. Likevel: Stort sett er det greitt.

DNA-testing

– For oss i Fjelltjenesten blir det lange dagar. Men det er ein variert jobb. Liker du å vera ute, er det ein grei jobb. Og er du folkesky, er det og greitt, for du er stort sett aleine, seier Lars og ler godt.

– Fann de jerven den gongen?

– Ja. Men no sporer vi ikkje berre jervetisper på vårsnø for å finne hiet. Vi leiter også etter til dømes skit og pelshår for DNA-analyse, slik at forvaltninga får eit mest mogeleg korrekt bilete av bestanden. På det grunnlaget kan dei bestemme kvoter til lisensjakta, forklarer Lars.

Villmarkskontrolløren er glad for at fjellreven har funne seg til rettes i Børgefjell, og at fiskeørna er tilbake i området etter 40 år. Sjølv er han på veg vekk – frå Fellesforbundet.

Warning
Annonse
Annonse