JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt:

«Å stela frå løna til dei tilsette er i dag den enklaste vegen til superprofitt i arbeidslivet», skriv Lars Mamen

Illustrasjonsfoto: Håvard Sæbø

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Lønstjuveri er den mest brukte metoden for arbeidslivskriminalitet i Noreg, og det har utvikla seg mafiatendensar i delar av arbeidslivet.

Å stela frå løna til dei tilsette er i dag den enklaste vegen til superprofitt i arbeidslivet, ettersom det er svært låg risiko for straff. Det er bra at regjeringa vil skjerpe straffene for slik kriminalitet, men minst like viktig er det at politiet prioriterer desse sakene.

Staten har fleire etatar og institusjonar som skal følgja opp arbeidslivskriminalitet. Ulovleg profitt blir inndratt og det blir teke beslag i verdiar for å dekkja skattegjeld, gebyr og mulkter. Staten har maktmiddel til å sikra sine inntekter.

Om ein derimot er arbeidstakar og fortel at ein ikkje får utbetalt avtalt løn, vil etatane svara at det er eit forhold mellom arbeidstakaren og arbeidsgivaren – eit privatrettsleg forhold. Staten har få verkemiddel mot denne forma for a-krim.

Hundrevis av saker

Arbeidslivskriminalitet, eller a-krim, er handlingar som bryt med norske lover om løns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter, gjerne utført organisert, som utnyttar arbeidstakarar eller verkar konkurransevridande og undergrev samfunnsstrukturen.

Det privatrettslege forholdet i arbeidslivet liknar andre avtaleforhold mellom to partar, som ved kjøp og sal av ei vare. I arbeidslivet vil seljaren av vara arbeidskraft avtala ein pris for vara – løna – med kjøparen. Dette blir nedfelt i ein (arbeids-)kontrakt, og skal for bygningsarbeidarar og nokre andre bransjar følgja minsteløna i tariffavtalane. Løn under dette blir rekna som sosial dumping. Dersom Arbeidstilsynet oppdagar at bedrifter betaler under dette, vil dei pålegga bedrifta å betala i samsvar med minsteløna i framtida. Men tilsynet gjer ingenting for å hjelpa arbeidaren med å få rett løn.

Det er mange metodar for å svindla dette systemet. Fair Play Bygg Oslo og omegn har, berre sidan oppstarten i januar 2019, levert over 330 varsel om a-krimsaker. Eit fleirtal av desse inneheld informasjon om sosial dumping og/eller lønstjuveri, ofte i kombinasjon med svart arbeid. Det er nytta ei rekke ulike metodar for å gjennomføra lønstjuveri:

Ubetalt arbeid

Ein vanleg metode er å få folk til å arbeida ubetalt. Bedrifta betaler ut løn for berre ein del av arbeidstimane. Til dømes blir arbeidaren betalt for 37,5 timar kvar veke, men arbeider i realiteten ein god del overtid, ofte så mykje som 10-12 timars arbeidsdag 6-7 dagar i veka. Reell løn kan bli ned mot 100 kroner per time.

Det kan fort bli 25 000 kroner i ekstra superprofitt til bakmannen i verksemda kvar månad for ein enkelt tilsett. Har han seks tilsette som han kan utnytta i seks månader, nærmar det seg 1 million kroner i ubetalt løn. Skulle det bli kontroll, blir timelister manipulert slik at det ser ut som om det er arbeidd vanleg arbeidstid.

Urettmessig trekk i løn

Ein del bedrifter fører opp rett løn, men gjer deretter ulovlege trekk i løna. Det kan vera for husleige, påståtte feil og manglar ved arbeidet, trekk for firmabil eller heimreiser. Eller det kan vere trekk for skadd verktøy, arbeidstøy eller verneutstyr.

Hos større, seriøse byggherrar og entreprenørar vil kriminelle ofte nytta denne metoden på grunn av at byggherren har oversikt over arbeidde timar. Folk blir ofte innlosjert på stader som ikkje er godkjent som bustad, der same person er både husvert og arbeidsgivar. Fair Play Bygg har avslørt at bedrifter gjer trekk i løn til husleige for bustader som er dårlege, brannfarlege og uhygieniske.

I eit tilfelle vart arbeidsfolka trekt 3500 kroner kvar for å bu fem mann i ei kjellarstove på 19 kvadratmeter. I tillegg var dei solidarisk ansvarleg for heile husleiga. Dersom ein person slutta vart det dyrare å leiga, men fekk dei pressa inn ein mann til, gjekk leiga ned.

Payback

«Payback» er å betala ut rett løn, for så å krevja noko tilbakebetalt. Til dømes blir arbeidarar pressa til å ta ut delar av løna kontant, som krevjast inn av kriminelle bakmenn. Denne metoden genererer «svarte» kontantar, som blir kvitvaska eller skjult. Mykje blir sendt ut or Noreg. Profitten kan gå til eigedomsinvesteringar, luksusforbruk, ny kriminalitet eller til terrorfinansiering, i fylgje trusselvurderinga til Økokrim for 2020. Ein annan variant av «payback» er at arbeidsfolka mottek ordinær løn i Noreg, men må arbeida gratis i heimlandet.

Uteblitt løn, feriepengar og pensjon

Ein annan mykje bruk metode, er rett og slett at bedrifta unnlet å betala ut løn, andre godtgjersler eller pensjon. Det kan vera at arbeidsgivar ikkje har oppdrag. I staden for å permittera arbeidstakarane, blir arbeidsforholdet midlertidig stoppa. Arbeidstakaren får berre betalt for arbeidde timar, til trass for at det er avtalt ei 100 %-stilling. Dette blir ofte kamuflert som gjennomsnittsberekning av arbeidstida.

I andre tilfelle får arbeidstakaren uriktig oppseiing av arbeidsforholdet på dagen – i praksis avskjed – utan løn i oppseiingsperioden. I bedrifta Fagarbeideren AS vart arbeidsfolk rekruttert i Bulgaria og sett i arbeid i Noreg. Bedrifta freista å avslutta arbeidsforholdet utan å betala ut løn, og vona truleg at arbeidstakarane, som hadde lite kunnskap om norske forhold, skulle gje opp lønskravet og reise heim.

Ikkje innbetalt forskotsskatt

Arbeidstakar blir trekt for skatt på løna, men skatten blir ikkje innbetalt. Arbeidstakar får ofte ikkje lønsslipp, og kan ikkje dokumentera at det er trekt skatt. Vedkomande risikerer då dobbelt skattetrekk – både på løn (som blir stole) og av Skatteetaten.

Desse metodane kan kombinerast. Ei bedrift tilset arbeidstakarar, som blir innlosjerte i ein bustad med dårleg standard. Lønsutbetalingane er låge og uregelmessige. Arbeidstakaren har etter kvart mykje løn uteståande i bedrifta, men missar både bustaden og uteståande løn om han sluttar. Arbeidsgivaren bruker dette som eit pressmiddel – nokre gonger også i kombinasjon med trugsmål og vald.

Tvangsarbeid

Tvangsarbeid er å halda folk i ufrie, slaveliknande arbeidsforhold. Til skilnad frå lønstjuveri, som er rekna som privatrettsleg, er tvangsarbeid offentlegrettsleg, og regulert i straffelovas paragraf 257. Då kan politiet ta ut tiltale mot bedrifter. Fleire av sakene Fair Play Bygg Oslo har arbeidd med, er i grenselandet mot tvangsarbeid. Problemet med denne regelen er at det er svært høge beviskrav, og derfor vanskeleg å få dømt bakmenn. I dag er det få rettskraftige dommar som gjeld tvangsarbeid i Noreg.

Stopp tjuven!

Det er i utgangspunktet eit ujamt styrkeforhold mellom partane i arbeidslivet i disfavør av arbeidstakaren. Dette er forsøkt utjamna med tariffavtalar, lover og tilsyn. Ei bedrift som ikkje respekterer lovene, lurer tilsynet og seier opp tilsette som organiserer seg, kan skaffe seg stor profitt på kostnad av arbeidstakarane. Ingen seriøse bedrifter kan konkurrera mot desse. Lønstjuveri pressar lønene i bransjen nedover, verkar konkurransevridande og undergrev måten vi organiserer det norske samfunnet på.

Nye lovtekstar som gjer det straffbart å ikkje betala ut avtalt eller lovpålagt løn og andre godtgjersler bør inn både i Straffeloven, Arbeidsmiljøloven, Ferieloven og lovene som regulerer tenestepensjon. Dette vil retta opp noko av det ujamne styrkeforholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

I lovarbeidet bør ein også vurdera korleis lønskrav kan drivast inn meir effektivt. I dag er det ein altfor lang og krevjande prosess. I Danmark har dei ein modell der fagforeiningane, på vegner av arbeidstakarane, kan driva inn løn. Dette kan vera ein effektiv metode, som også vil styrka det organiserte arbeidslivet, og auka organiseringa der mange ikkje er organisert.

Når lønstjuveri blir straffbart, kan det offentlege Noreg ta ut påtale og straffa bedrifter og bakmenn som stel frå løna til arbeidstakarane. Dette vil føra til at denne forma for a-krim blir mindre attraktiv. Gjennom straff, bøter og innkrevjing av ubetalt løn vil samfunnet kunne stenga ned a-krim-bedriftene. Ikkje minst vil fleire arbeidstakarar varsla, og etatane kan byggja ny kunnskap om kriminelle i arbeidslivet.

Å stela er forbode. Lønstjuveri kan i dag straffast som bedrageri eller heleri. Problemet er at det offentlege Noreg ikkje tar desse sakene alvorleg: Politiet legg dei bort, Arbeidstilsynet seier at det er privatrett, og arbeidstakarane blir overlatne til seg sjølv. Det er på tide å stansa mafia-økonomien som utviklar seg i arbeidslivet. Stortinget må skjerpa lovverket og politiet må prioritera desse sakene.

Innlegget vart fyrst publisert i Agenda Magasin

Warning
Annonse
Annonse