JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Brukar du ditt eige liv, kan relasjonen verta lærerik for begge partar

Talemåtar og liksom-åtferd fungerer beint fram dårleg i ein så sensitiv situasjon som det er å møta psykiatrien, skriver Jarle Tufte.

Talemåtar og liksom-åtferd fungerer beint fram dårleg i ein så sensitiv situasjon som det er å møta psykiatrien, skriver Jarle Tufte.

Priscilla du Preez/Unsplash

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Då kan me nerma oss den innsikta som er så avgjerande for god hjelp mellom menneske og medmenneske.

Eg tenkjer på interesse, innleving og innsikt. Og eg tenkjer på kor viktig desse i-ane var i dei tretten åra eg arbeidde i psykiatrien. Mest på ein post som skulle hjelpa unge menneske som hadde gått seg fast i liva sine, men også på akuttpostar og langtidspostar for andre hjelpebehov.

Alle som kom til psykiatrien for hjelp, kom der med heile liva sine. Det var aldri berre eit konkret avgrensa diagnostiserbart problem. Difor kom interessa for dette livet så vel med når me møttest i desse så spesielle omgjevnadene for personen det gjaldt.

Ope sinn og verkeleg interesse opna for truverd i alt som kunne gjerast for å hjelpa. Talemåtar og liksom-åtferd fungerer beint fram dårleg i ein så sensitiv situasjon som det er å møta psykiatrien. Truverd kunne dannast gjennom det enkle og venlege i omtanke for basale behov, til tanke og ei utstrekt hand i den relasjonen du gjekk inn i.

Eit slikt truverd i relasjonen opna for innlevelsen som er så viktig når du skal vera til hjelp for andre i deira liv. Om du brukar ditt eige liv med vit og forstand, så kan denne relasjonen verta tovegs og lærerik for begge partar i relasjonen.

Då kan me nerma oss den innsikta som er så avgjerande for god hjelp mellom menneske og medmenneske.

Alle dei tre i-ane kunne forklarast med eksempel i det uendelege. Å ja, eg veit også om mangt som tykkjest stå i vegen for å tenkja i desse banar i møta mellom hjelparar og pasientar i psykiatrien.

Det handlar om psykosar som gjer kvar og ein relasjonstanke så vanskeleg, og om rusen sitt totale fangenskap utan gitter og sprinklar.

Eit lite, forunderleg døme til slutt. Det er frå akuttpost. Ein mann i 60-åra kjem ut frå rommet sitt i sekstida om morgonen (før natterotida er over). Han er rastlaus og finn ikkje ro ute av rommet sitt heller.

Vaktansvarleg sjukepleiar ser det og kunne ha formana han til å halda seg på rommet, eller tilbydd meir roande medisin. Men så spør ho han så mildt, om ho kunne få vera så snill og gå på kjøkenet og henta eit par brødskiver og drikke til han. Og han får samla seg til eit ja til dette.

Så fell det ein slik ro over han at han klarer setja seg ned i fellesrommet og ta imot denne ekstra frukostgesten. Og morgonen hans blei annleis.

Etterpå måtte eg seia til henne: «Det var eit vedunderleg spørsmål».

Mye lest: Mange kommer til Nav med stor gjeld. Hege hjelper dem å sortere både tall og følelser

Warning
Annonse
Annonse