Me må utvikle ein politikk som sikrar offentleg kontroll både med våre data og vår infrastruktur, skriver Per Jo Jenseg. (Illustrasjonsfoto)
Colourbox
Debatt
«Datasentre, demokrati og makt»
Skal vår politikk vere å legge til rette for at dei store internasjonale gigantane Facebook og Google styrkar si makt og sitt tilnærma monopol?
Regjeringa vil har fleire datasentre til Norge meldte Aftenposten i februar 2018. Dei ønsker at så mange som muleg av dei datasentra som skal opprettast i verda blir lagt til Norge. Det blir vist til at Norge har mange fordelar ein kan tilby når det gjeld etablering av datasentre, god infrastruktur, kjøleg klima, gratis kjøling ved bruk av sjøvatn eller vatn frå innsjøar, stabilt demokrati og EU-tilpassa regelverk.
Stabilt demokrati betyr kanskje at ein ser for seg at politikarar ikkje vil komme med endringar i rammebetingelsane for å drive datasentre og EU-tilpassa regelverk at ein ikkje kan knytte vilkår til etableringane for å sikre at arbeidsplassar blir i Norge og at me beholder og utvikler kompetanse her. I så fall kan dette fort undergrave noko av det som står i LO sitt handlingsprogram: «Noreg må utforme ein strategi og næringspolitikk som kan gi mål og retning for utvikling av det kompetansegrunnlaget vi skal leve av i framtida. Dette må skje gjennom klarare politiske prioriteringar og kraftigare samordningar. Verkemiddel og institusjonar må innrettast for å skape berekraftig vekst og velstand.»
Datasentre er svært kraftkrevande og det er begrensa kor mange datasentre me vil ha kraft nok til å etablere i Norge. Då bør me i LO og forbunda diskutere om me skal ha ein politikk for kva type datasentre me skal ha her, eller om ein skal etablere det etter eit «første mann til mølla»-prinsipp.
Kva slags datasentre me skal ha og vilkåra dei skal operere under blir viktig for kva slags arbeidsplassar og kva slags inntektsnivå me får. Vår politikk på området vil og ha betydning for mulegheita til å realisere Fagforbundet og NTL sitt mål om å få oppretta ein «Statssky» i Norge.
Og skal me verkeleg tilby gratis kjøling? Eller skal me stille krav om at utbyggarar legg til rette for å utnytte energien frå kjølevatnet gratis for kommunar og næringsliv i nærområdet?
Og til slutt: Skal vår politikk vere å legge til rette for at dei store internasjonale gigantane Facebook og Google styrkar si makt og sitt tilnærma monopol ved å tilby dei billig kraft, billige tomter, god infrastruktur og gunnstige skattereglar? Eller skal me gi vårt bidrag til å utfordre den makta, behandle data sjølv og sørge for at kompetanse, arbeidsplassar og inntekter hamnar her?
Skaper det mange arbeidsplassar?
Implement Consulting Group har, på oppdrag frå regjeringa, nyleg gjort ei analyse av ringvirkningar av gjennomførte og potensielle etableringar. Den visar at dei 18 datasentra som eksisterer i dag bidrar med 2376 jobber i norsk næringsliv. Då er det tatt med jobbar skapte både ved direkte, indirekte og induserte (ved offentleg og privat konsum) virkningar. Datasenter-selskapa sine estimat over kor mange arbeidsplassar dei skaper virker då nokså fantasifulle. Ved Green Mountain si etablering på Rennesøy anslo dei at dei ville skape 1500 arbeidsplassar, som rett nok var inklusiv bygging, men til gjengjeld ikkje tok med indirekte og induserte virkningar. Når dei nå ønsker å etablere seg med eit stort datasenter på Kalberg har dei gått ut med at dette kan skape opptil 10.000 arbeidsplassar inklusive ringvirkningane. Altså meir enn 4 gonger så mange som 18 datasentre skaper i dag!
Slike tall som Green Mountain har gått ut med er det heller ikkje lett å finne igjen i erfaringar frå andre land. Nettstedet Tech Republic har ein artikkel som seier litt om korfor datasentra ofte ikkje skaper så mykje jobbar – i alle fall i nærområda.
Store inntekter – men til kven?
Dei fleste av dei eksisterande datasentra har norske eigarar, men og f.eks den internasjonale teleselskapet Orange er å finne på eigarsida. Me veit at internasjonale giganter som Google er interessert i å etablere seg i Norge (Skien). Dei veit me betaler lite skatt i landa dei etablerer seg i og kanaliserer overskotet til skatteparadiset Bermuda. Det ser ikkje ut til å vere nokon god oversikt over kor mykje datasentra legg igjen i form av skatter til Norge. Det er noko me bør skaffe oss oversikt over når me har vald å gi dei redusert elavgift og fritak frå maskinskatten. I den grad dei skaper arbeidsplasser vil dei jo indirekte bidra ved skatt frå tilsette og via det som dei tilsette handlar for. Men som nemnt over så er det få arbeidsplassar knytta til drift av datasentra, det er og begrensa med ringvirkningar av dei datasentra som er i drift i dag.
I følgje rapporten frå Implement så hadde datasentra salgsinntekter på 1,6 milliarder i 2019 med ein installert kapasitet på 135 MW. Men inntektene dei skaper vil kanskje først og framst hamne i lomma på norske og internasjonale eigarar, i tillegg til at kraftselskapa jo vil få betydelege inntekter frå datasentra.
I tillegg til å se på kor inntektene hamner så blir det og viktig å se på kva slags arbeidsplassar ein skaper. Dei fleste jobbane som kjem direkte frå datasentervirksomheita og som krev godt utdanna arbeidskraft, enten det er fagutdanna eller universitetsutdanna, vil i prinsippet kunne ligge kor som helst i verda. Skal me sikre oss at det skapar slike jobber hos oss så må me stille vilkår til etableringa, på same måte som me har hatt tradisjon for innan oljeindustri og kraftutbygging. Viss ikkje så er det fare for at jobbane som blir skapt er få og nesten utelukkande blir innan servicesektoren. Det vil gjere det vanskelegare å opprettholde det relativt høge lønnsnivået me har i Norge. Nokre få vil berike seg, fleire hamnar i låginntektsgrupper og forskjellane vil auke.
Skal me primært vere råvareeksportør?
«Vår iver etter å få datasentre til Norge minner sterkt om vår tradisjon om å være råvarenasjon. Men nå skal vi altså levere infrastruktur i stedet.» Det skreiv Arbeiderpartipolitikaren John Ivar Liverød i eit innlegg i Sandefjords Blad i 2018. Han viste til at det er på «råvaren», data og kunnskap, at ein utvikler verdiskaping og innovasjon. Dette må vere eit viktig poeng i ein statleg strategi for etablering av datasentre. Me må passe oss for at me ikkje bare skal levere infrastruktur og lagringsplass, men sørge for at sjølv behandler data i størst muleg grad.
Me behandler jo alt masse data i Norge, ikkje minst gjennom offentleg virksomheit som Nav, Forsvaret, Skatteetaten, sjukehusa og Oljedirektoratet. Kommunar og fylkeskommunar gjer det sama. NTL og Fagforbundet har tatt til orde for å opprette «Statssky», ein statleg lagringsteneste som både skal sikre våre offentlege data og gjere oss uavhengige av private og internasjonale datalagringstenester. Då bør det og helst lagrast på to forsjellige datasentre i fall det eine kjem ut av drift. Tyskland har oppretta Bundescloud. Håkon Edøy Hanssen i Attac peikar på at det demokratiske spelerommet vil bli innsnevra om me ikkje tar kontroll over våre eigne data og infrastruktur.
Kva skal me bruke krafta vår til?
Datasentre er svært kraftkrevande og skal me etablere ein statssky i Norge så må me sikre at me kan levere nok kraft. Statnett har mottatt datasenter-forespørsler på totalt 7000 MW. Rekna om til strømforbruk tilsvarer det 61,2 TWh årleg som er nesten halvparten av Norges samla forbuk i dag. Skal det bli rom for og anna kraftkrevande industri, som kanskje gir fleire arbeidsplasser, så seier det seg sjølv at me ikkje kan seie ja til alle etableringar av datasentre. Det må vere eit viktig argument for å sikre at etablering skjer etter ein overordna (statleg) plan og ikkje er basert på pengesterke investorar eller internasjonale it-giganter sine planar og behov.
Ved god planlegging kan datasentre danne grunnlag for nye arbeidsplassar om me sørger for at me ikkje bare skal vere lagringsplass men at dei og kan danne grunnlag for ny teknologi, gjerne i tett samarbeid med våre utdanningsinstitusjonar. Det vil og kunne gi rom for at me har kraft nok til annan industri og dermed gi oss fleire bein å stå på.
Plasseringa av datasentra blir og viktig. Dei avgir store mengder spillvarme som ein kan nyttigjere seg i industri, til varme til husholdningar eller til f.eks drivhus. Men då må dei vere plassert slik at me får nyttigjort oss så mykje som muleg av den spillvarmen, dvs nær der den skal brukast og gjerne slik at det gir grunnlag for fleire arbeidsplassar. Det vil vere ille om mesteparten av denne energien går i fjorden og ennå verre om den blir sluppe ut i våre innsjøar med tilhøyrande miljøkonsekvensar.
Det offentlege bør eige infrastrukturen vår
I eit intervju i Klassekampen 20.april i år tar styreleiar i Handelskampanjen Helene Bank til orde for sjølvråderett over både infrastrukturen og data som blir samla inn. Den hviterussiske forfattaren Evgeny Morozow, som mellom anna har skrive «The Net Delusion: The Dark Side of Internet Freedom», tar til orde for at digital infrastruktur bør gjerast statleg og at innbyggarane bør eige sine eigne data. Den høgdigitale verda treng ikkje vere nyliberal seier han og meiner at venstresida og sosialdemokratiet har svikta på dette punktet og gløymt rasjonalet bak oppbygginga av velferdsstaten.
El & It-forbundet går i sitt handlingsprogram inn for eit offentleg eigd digitalt stamnett, styrka offentleg kontroll med all eter- og EKOM-basert infrastruktur og lovgjeving som sikrar at drifts- og sikkerheitskritiske oppgaver blir beholdt i Norge. Samfunnet er avhengig av datakommunikasjonen fungerer, at den alltid er tilgjengeleg og er sikker, ikkje minst at sensitive opplysningar er sikre og ikkje kan bli brukt til anna enn dei er meint for. Offentleg eigarskap er den beste måten å sikre alt dette på.
Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, er skeptisk til ønsket om digital sjølvråderett og meiner at dette kan stoppe utveksling av data og hindre forsking på helse og at norske selskap kanskje ikkje vil få tilgang til data frå andre land som dei har nytta av. Men og Søreide ser utfordringa ved at eit lite knippe selskap har slikt enorm makt over opplysningar om oss. Han ser imidlertid for seg at ein kan utvikle internasjonale avtaler om dette.
Me må gå ut i frå at Søreide her mellom anna tenker på datahandelsavtalen det nå blir forhandla om i WTO. Her ser det ut til at dei internasjonale gigantselskapa får det som dei vil ved å fjerne politisk handlingsrom og hindre reguleringar. Attac har lansert eit opprop mot avtalen som både Fagforbundet og NTL har slutta seg til.
Krafta vår, distribusjonsnettet for kraft, vegane og jernbanen tilhøyrer oss alle og bør vere eigd av det offentlege. Kor me skal bygge vegar, kraftlinjer og jernbane må bli styrt av våre felles behov og vere underlagt demokratisk kontroll. Datasentre og fiberkablar er og infrastruktur og bør vere i offentleg eige og vere underlagt demokratisk kontroll. Noko anna vil bare lede til at det er nokre få sin berikelse som får styre kva infrastruktur me skal bygge ut. Og at Google og Facebook styrkar grepet om våre data.
Strategi for industriutvikling og datasentre
LO og forbunda både i offentleg og privat sektor bør nå sette seg saman for å utvikle eit forslag til strategi for industriutvikling, bruk av kraft og etablering av datasentre. Det haster og hovedlinjene bør vere klare i god tid før valget i 2021. Dagens «første mann til mølla» og næringsnøytralitet bør erstattast med klare mål og målretta satsingar som bidrar til å nå våre mål om å utvikle kompetansearbeidsplassar og opprettholde eit relativt høgt lønnsnivå, samt å minske forskjellane i samfunnet.
Me må utvikle ein politikk som sikrar offentleg kontroll både med våre data og vår infrastruktur. Den må sikre at datasentra som skal huse offentlege datasentre er eigd av staten og at det offentlege er sterkt inne på eigarsida i øvrige datasentre slik at me sikrar at arbeidsplassar, kompetanse og inntekter kjem det norske samfunnet til gode.
På lengre sikt må strategien og sørge for at Norge bidrar til å redusere dei store IT-gigantane si makt og kontroll over dataene våre. Det er imidlertid eit mykje lengre lerret å bleike så her vil me måtte søke alliansepartnarar globalt, både frå internasjonal fagrørsle og andre med same mål. Eit første bidrag frå oss vil vere å ikkje tilby våre naturressursar til desse selskapa.
Mest lest
Alf Jørgen Schnell og Ninthu Paramlingam i kollektivet Reduser Husleia mener mange lever i uverdige boforhold på leiemarkedet. Bildet innfelt er hentet fra annonsen det et kott med skyvedører tilbys for 6.200 kroner måneden.
Ida Bing og husleie.no
Dette «klesskapet» ble leid ut for 6.200 kroner i måneden: – Leiemarkedet blir bare verre og verre
STENGT: Klokka 12 lørdag formiddag stengte butikkene i Oslo og ni nabokommuner. Dagligvarebutikker og apotek er det eneste unntaket.
Lene Svenning
Nytt korona-sjokk: Tusenvis av ansatte i varehandelen på Østlandet står i fare for å bli permittert
SAKSØKER: Hege Berit Østgård er blant de 231 Industri Energi-medlemmene som går til gruppesøksmål mot Aker BP.
Jan Inge Haga
Hege Berit fikk hakeslepp da bedriften ville fjerne sluttpakken: – Respektløst overfor oss ansatte
SYKEMELDT: Da kollegaene ble permittert stoppet også bedriften å betale sin del av sykelønna til Frank Robert Neerland.
Aina Fladset
Frank Robert ble fratatt sykelønn da bedriften permitterte ansatte: – Overraskende
RÅD: Meld deg inn i ei fagforeining, sjekk dokumentasjonen, ikkje ver redd for å stille spørsmål og frem lønnskrav så tidleg som mogleg. Det er råda frå Monica Hanssen og organisasjonsarbeidar Knut Skåle i Fellesforbundet.
Tormod Ytrehus
Sjåfør Monica får etterbetalt 82.000 kroner: – Det er ikke gøy å gå til sak, men det skal være lov å være syk
Erik Knudsen er fortvilet over beskjeden han fikk fra kommunen rett før jul.
Amanda Iversen Orlich/Dagsavisen
Erik mister 9.000 kroner i støtte og kan havne på gata
Håvard Sæbø
Arbeidstilsynet sladder lønna på underbetalte arbeidere. Nå må Røe Isaksen svare på hvorfor
Kjersti Stenseng
Jan-Erik Østlie
Arbeiderpartiet har mistet over 5.000 medlemmer
Forbundsleder i Fellesforbundet, Jørn Eggum.
Jan-Erik Østlie
Regjeringens nye veiselskap kan bli lagt ned. Fire LO-forbund mener det holder med Statens vegvesen
STENGES: Kjøpesentrene i nye 15 kommuner på Østlandet holder stengt fra og med mandag.
Erlend Angelo
Permitteringer i vente i ytterligere 15 kommuner: – Det er dramatisk å stenge ned kjøpesentrene
Tormod Ytrehus
Klubbleder Adrian fikk sparken. Nå får han penger fra LO for å ha noe å leve av fram til rettssaken starter
Afaransis Yassin (28) har ingen mulighet til å få økonomisk støtte fra familiemedlemmer. Da blir det nesten umulig å komme inn på boligmarkedet, mener hun.
Ida Bing
Afaransis (28) får ikke økonomisk hjelp hjemmefra: – Jeg er sjanseløs på boligmarkedet
Meieriansatte får 50 øre i generelt tillegg fra 1. mai i år. Enigheten i lønnsoppgjøret omfatter rundt 2.500 NNN-medlemmer.
Jan-Erik Østlie
Meieriansatte får ny lønn: Her er resultatet
Erlend Wiborg (Frp) er leder av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget
Sissel M. Rasmussen
Frp ville ikke være med på å forlenge AAP-perioden
Debatt
LO og forbundene våkne opp av dvalen og svinge pisken slik at tillitsvalgte og medlemmer våkner opp?, spør Arne Eide.
Jan-Erik Østlie
«Har LO vendt Arbeiderpartiet ryggen?»
Koronapandemien har bokstavelig talt kostet både helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg dyrt, i form av titusenvis av overtidstimer til både ledere og øvrige ansatte. Den regningen må også helseminister Bent Høie (her på skjermen bak) forholde seg til.
Lise Åserud / NTB
FHI-ansatte jobbet over 300 timer overtid i 2020 – ledere fikk millioner i kompensasjon
Kronikk
De polske arbeiderne nektet å være servile da de ble advart mot å «bite hånda som matet dem». Jeg har dessverre ingen slike forventninger til Høyre, skriver Jonas Bals.
Tormod Ytrehus
«Laksemilliardæren betaler Høyres valgkamp, men ikke lønn til sine polske ansatte»
Kommentar
Erna Solberg sa selv fra Stortingets talerstol at hun vet at krisen slår skjevt ut, skriver Tirild Rustand Halvorsen. (Arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
«Regjeringen snakker som om deres egen kompensasjonsordning er perfekt. Det er den ikke»
Bent Høie
Leif Martin Kirknes
Skjenkereglene endres: – For tidlig, mener Bent Høie
BESKYTTER ARBEIDSPLASSER: Rune Mjelde (til venstre), hovedtillitsvalgt i Store Norske, og Svein Jonny Albrigtsen, leder av LO Svalbard, mener at det fortsatt kan hentes ut kull fra Gruve 7 på Svalbard selv om kullkraftverket i Longyearbyen legges ned.
Katharina Dale Håkonsen