JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Statkraft

Debatt:

Eit balansert vindkraft-standpunkt

Fleire LO-forbund diskuterer for tida kva standpunkt dei skal ha til vidare utbygging av vindkraft på land.
10.09.2019
12:43
10.09.2019 12:45

Med eit prinsipielt nei til vindkraft gir ein frå seg eit svært viktig kort i kampen mot klimakrisa. Det er mogleg å finne ein balanse mellom å ta vare på viktig natur, og bygge ny, nødvendig fornybar energi.

Ekstremvær etter ekstremvær, i Mozambik, Bahamas og Jølster. Klimakrisa er her allereie, og det merker folk over heile jorda. Bruken av fossil energi er den største drivaren bak oppvarminga av kloden, og det hastar med å utfase fossil energi til fordel for fornybar.

p

Av den norske energibruken er ennå over halvparten fossil. For å gjennomføre omfattande elektrifisering av Noreg har Statnett anslått at det trengst minst 30–50 terrawatt timer med ny straum. Dersom me klarer å heilelektrifisere Noreg vil det kreve ytterlegare 40 terrawatt timer for å lage hydrogen, men då vil me til saman halvere dei norske klimagassutsleppa.

For å få denne energien må me satse på ei rekke forskjellige energikjelder. Me må oppgradere eksisterande vasskraftverk der det er mogleg å gjere dette utan nye naturinngrep, me må ha meir energisparing og -effektivisering, me treng solkraft, geotermisk energi, bølgekraft. Men også vindkraft - både på land og til havs. Ein kombinasjon av alt dette er nødvendig.

Vindkraft på land skaper mykje debatt, men må erkjenne at vindkraft på land i dag er lønsamt og kan realiserast. Klimakrisa krev løysingar som kan takast i bruk i dag – ikkje ein gong i framtida. Den norske klimadebatten har altfor lenge vore prega av at det skal kome ein teknologi om 10-15 år som skal redde oss – faktum er at me ikkje kan vente så lenge.

Menneske og natur over heile kloden er allereie truga av klimaendringar, og kvar einaste kilowatt-time med fossil energi me bruker er med på å forverre situasjonen. Etter nedbygging av natur og overhausting av naturressursar er klimakrisa den største grunnen til at me mistar naturmangfald. Me klarer ikkje ta vare på naturen om me ikkje også løyser klimakrisa.

Det betyr ikkje at det er alle vindkraft-prosjekt som er gode prosjekt. Det er mange tilfelle der ein ikkje burde bygge ut vindkraftverk, til dømes der det går ut over utrydningstruga artar og naturtypar eller der det øydelegg for reindrifta. Men med betre kartlegging og større vektlegging av natur og samiske interesser i konsesjonsprosessane kan ein luke ut dei verste prosjekta og heller satse på dei som er akseptable.

For det er mogleg: Eit døme på eit godt prosjekt ser ein når ein tar toget langs Jærbanen. Høg-Jæren vindpark består av 32 turbinar og ligg fint til i eit eksisterande kulturlandskap. Utbygginga har hatt akseptable konsekvensar for naturen, og parken gir kvart år 230 gigawatt timer, tilsvarande straumforbruket til 13.000 hushaldningar. Eit døme på eit prosjekt med endå mindre inngrep er Storøy vindpark nord på Karmøy, som er to turbinar bygd på eit gammalt industrideponi.

p

Det er ikkje slik at alle vindkraft-prosjekt må bygge ned urørt natur eller reinbeite-område, det finst gode prosjekt også som kan vere med og gi den nødvendige straumen for å elektrifisere Noreg og skape klimavennleg industri. Men med eit prinsipielt nei til vindkraft, slik enkelte tar til orde for, gir ein frå seg eit svært viktig kort i kampen mot klimakrisa. Det er mogleg å finne ein balanse mellom å ta vare på viktig natur, og bygge ny, nødvendig fornybar energi. Eg ønsker LO lykke til med debatten internt i forbunda, og håper dokker landar på eit godt og balansert standpunkt!

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
10.09.2019
12:43
10.09.2019 12:45