Hadde Erna Solberg vore avhengig av bustønad, kunne ho ha blitt kasta ut av bustaden sin om ho ikkje hadde oversikt over eiga inntekt, skriv Trine Østereng.
Jan-Erik Østlie
Debatt
Erna Solberg er raus med dei mektige og hard mot dei med minst
Vi har ulike standardar for ulike folk her i landet.
Når ein spør det norske folk om kven vi liker best i staten, viser det seg at vi liker Skatteetaten langt betre enn Nav. Sånn har det vore i mange år.
Ein skulle kanskje tru at det var meir populært å vere den som gir pengar til oss enn den som tar pengar frå oss, men sånn er det altså ikkje.
Kanskje er noko av forklaringa at velferdsstaten har harde kantar. For sjølv om vi har rause velferdsordningar, er ikkje alle stønadene særleg høge. Og dei kan kome med ei rekke krav. Skal du for eksempel ha sosialhjelp, må du oppfylle ei rekke vilkår.
Det er ofte gode grunnar til å ha vilkår for økonomisk utbetalingar, men kontrollregimet bør stå i stil med krava som møter resten av samfunnet.
Og avstanden er stor til Erna Solbergs haldning til konsekvensar av eigne regelbrot, enten ho har brote koronareglane på Geilo eller ikkje hatt kontroll over Sindre sin aksjehandel.
Ho ber om unnskyldning, samtidig som ho (på skrivande tidspunkt) planlegg for å fortsatt ha ein aksjehandlande ektemann på SMK frå 2025, ved at ho eller Høgre skal betale for ein barnevakt som kan passe på Sinnes sine aksjekjøp mens ho på ny skal bli statsminister.
Her er det ein vilje til fleksibilitet og å tøye reglane som ein ikkje finn i møte med nokre av dei mest sårbare i samfunnet.
Andre leser også: Noen er likere enn andre i Høyre
På Facebook-sida til AAP-aksjonen kryr det av innlegg og spørsmål frå folk som prøver å navigere i Nav-jungelen og finne ut kva dei har rett på. Der ser ikkje møta med Nav om økonomisk nødhjelp ut som noko kaffiselskap.
Ein person som søkte om nødhjelp til å dekke straumrekninga ein månad fekk tilbake eit brev som sa at han i så fall måtte sende inn skattemelding, kontoutskrift, dokumentasjon på kommunale avgifter, inntekter, innbuforsikring, lån og samværsavtale, før han måtte stille i eit møte med Nav for å snakke om alt dette.
Det er ikkje rart at mange vel å stille seg i matkø hos friviljuge organisasjonar i staden for å utsetje seg sjølv for det.
Hårda bud er det også for folk som mottek bustønad. Dei må balansere på ei stram line med stålkontroll over eigne inntekter og utgifter. I desse tilfella er ikkje «Det skal lønne seg å jobbe» eit slagord å tru på. For tener ein litt for mykje kan det ha ein veldig høg pris.
Det merka for eksempel familien med fem barn på Tøyen, som vinteren 2021 fekk politiet på døra og blei tvangsflytta bort frå den kommunale leilegheita, fordi dei hadde tent 15 000 kroner for mykje året før. Det var minusgrader, pandemi, barna var midt i heimeskuleundervisning og dei rakk knapt å pakke med seg det viktigaste før dei måtte dra.
Les også: Skal det ikke lønne seg å jobbe?
Det er eit politisk ansvar at velferdsstaten vår er sånn. Vi har hatt ein politisk kultur i Noreg dei siste tiåra der det i fleire parti har vore populært å vere hard mot grupper i vanskelege situasjonar.
Mens Einar Gerhardsen peika på store trygdebudsjett som det han var mest stolt av å ha fått til som statsminister på 1960-talet, snakka Bjarne Håkon Hansson i 2005 om at sosialklientar måtte opp om morgonen. Det skapte stor debatt då, men det ga også eit etterlate inntrykk av at folk som mottar stønader er late og må møtast med strengare reglar.
Arbeidsminister Robert Eriksson fulgte etter då han var arbeids- og sosialminister i Erna Solbergs fyrste regjeringsperiode. Han ville også at sosialhjelpsmottakarar skulle opp om morgonen, sa han. Han lova å vere «nådeløs mot dem som nekter å skrive under på en velferdskontrakt».
Eriksson varsla også ein hard kamp mot retten til å ta med seg stønader til andre land. Så hardt blei dette trøkket at det viste seg at mange blei feilaktig fengsla og dømt for trygdesvindel. Ei av dei var Marianne Evensen, som har fortalt i Aftenposten om at ho sona 61 døgn i fengsel på feilaktig grunnlag. Då erstatninga kom fekk ho stusselege 70 000 kroner.
I Solberg-regjeringa blei denne skandalen i starten møtt med stort alvor og eit løfte om at no skal alle korta på bordet. Men så skulle visst ikkje alt på bordet likevel. Framleis er det ein vesentleg rapport om Nav-skandalen som ikkje er offentleggjort frå Erna Solbergs regjeringsperiode.
Vi har altså ulike standardar for ulike folk her i landet.
Hadde Erna Solberg vore avhengig av bustønad, kunne ho ha blitt kasta ut av bustaden sin om ho ikkje hadde oversikt over eiga inntekt.
Hadde ho vore asylsøkar, med ein ektemann som ikkje har fortalt sanninga, hadde ho vore i alvorleg trøbbel. Barn som har vakse opp i Noreg og fått vener og lært språket her har blitt kasta ut av landet fordi foreldra deira ikkje har sagt sanninga i eit enkelt intervju.
I 2015 skulle ei 33 år gamal kvinne bli kasta ut av landet etter ho hadde budd her i 14 år. Årsaka var at ho ga feil namn og fødselsdato då ho kom til Noreg som flyktning frå Rwanda. Ho fortalte ikkje sanninga fordi ho var flyktning i eit ukjent land og redd for kva som ville skje om nokon fann ut kven ho var.
Erna Solbergs blei spurd av Vårt Land om kva hennar kommentar til denne saka var. Svaret hennar var enkelt:
– Slutt å lyv. Det synes jeg er et utrolig viktig budskap.
Dette innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin
Mest lest
Leder i Fellesforbundet, Jørn Eggum, har tidligere argumentert for at uføre skal ha rettigheter i en AFP-ordning. Det har vedtaket på Fellesforbundets landsmøte satt en stopper for.
Håvard Sæbø
Det blir ingen AFP-pensjon for uføre, slår Eggum fast
Tore Kristiansen / VG
Fersk måling: Nedtur for Høyre og Erna Solberg
Målet med møtet på Stortinget er å høre hva Teslas norske ledelse mener om et organisert arbeidsliv.
Nam Y. Huh / AP / NTB
Tesla Norge innkalles til hastemøte på Stortinget
Fra lønnsoppgjøret 2023. (Arkivbilde)
Tormod Ytrehus
De avgjorde din nye lønn. Se hva toppene i arbeidslivet tjener
I august 2017 fjernet Forsvaret et tillegg som ansatte med undervisningsplikt hadde, kalt «skoletillegget». 10. mars 2023 vant offiserene over Forsvaret i lagmannsretten, noe som resulterte i utbetalinger på 100 millioner kroner.
Sebastian Christiansen / Forsvaret
Over 400 i Forsvaret får nå etterbetalt store summer
På kaotiske dager med snø er det viktig å si ifra til arbeidsgiver hvis du ikke rekker fram i tide.
Ole Palmstrøm
Forsinka på jobb fordi det er snø? Dette er reglene
Jonas Gahr Støre og resten av Ap-ledelsen vil lytte til folket når de nå skal utvikle ny politikk.
Jan-Erik Østlie
Ap ber om hjelp. Nå kan du si din mening
Ole Palmstrøm
FHI-ansatte beholder jobben. – Nå kan jeg ta jul med senkede skuldre
Yara-direktør og president i NHO, Svein Tore Holsether, er suveren vinner på inntektstoppen blant arbeidsgivere og fagforeningsledere.
REUTERS/Victora Klesty
Sjekk inntekten til over 130 topper i arbeidslivet
Erlend Angelo
Catos epost diskutert i Høyesterett: – Helt uvirkelig at det havnet her
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
Regjeringen lovet et «rausere» Nav. Her er fasiten
Nav skal fra 1. juli 2024 hjelpe mottakere av sosialhjelp med telefonregninga eller bussbillett hjem til familien.
Colourbox
Folk på sosialhjelp får mer. Se hva det betyr her
Plutselig dukker ikke lønna opp som avtalt. Da er det greit å vite hvilke steg man må ta.
Colourbox
Seks råd til folk som ikke har fått lønna de har krav på
BESKYTTELSE: Ettersom Xofigo er en radioaktiv medisin, må den pakkes godt inn og fraktes trygt.
Espen Solli
Medisinen de lager her, skal redde pasienter over hele verden
TRIVES: Kommunen har kjøpt opp én bolig i hver blokk i dette området. – Det er dritlurt, for da blir det ikke så mye spetakkel, sier Berit.
Berit Baumberger
Skitbyen-Berit med ti råd til Nav
FÅR DET VERRE: Arbeidsledige som blir sanksjonert får enda strammere økonomi, mener Nav-forskerne.
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Strengere regler for arbeidsledige virket ikke etter hensikten
Brannpersonellet på Avinors flyplasser må vente på kommunalt brannvesen.
Anne Marthe Vestre Berge
Brannfolk får ikke redde passasjerer fra røykfylte fly: – Jeg frykter at liv skal gå tapt
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
Enige om statsbudsjettet: Øker barnetrygden og minstesatsen for uføre
– Dette med rus og alkohol er fortsatt tabulagt og oppleves av mange som noe privat, sier rådgiver i Akan kompetansesenter.
Sissel M. Rasmussen
Drikker du for mye med kollegaene dine?
Arild Martinsen (55) er bekymret for pensjonen: – Ingen kunne forestilt seg at endringene skulle skje så fort.
Ylva Lie Bjerke