JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Kva har private helseforskikringer og Kompani Lauritzen til felles?

Meir helseforsikringar kan ikkje vere svaret på korleis vi kan få eit betre helsevesen, skriv Trine Østereng.

Meir helseforsikringar kan ikkje vere svaret på korleis vi kan få eit betre helsevesen, skriv Trine Østereng.

Colourbox

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Eigentleg ingenting, bortsett frå at dei har fått meg til å tenkje mykje på konseptet fallskjerm.

Statsvitar og rådgivar i tankesmien Agenda

I nest siste episode av årets kompani Lauritzen-sesong, der 14 kjendisar konkurrerer om å kome lengst i ei rekke militære øvingar under leiing av Dag Otto Lauritzen, hoppa deltakarane ut av eit fly, høgt over bakken.

Då turen var kommen til at kompaniaspirant Stinius Maurstad hoppa, løyste ikkje fallskjermen seg ut. Episoden slutta mens han var i fritt fall, ropte «flyr ikkje!» og vi sjåarar måtte vente heilt til neste laurdag for å finne ut korleis dette skulle ende.

Laurdagen kom, og den dramatiske situasjonen blei (kanskje ikkje særleg overraskande) temmeleg udramatisk. Maurstad hadde ekstra-skjerm. Den løyste seg ut som den skulle. Han hadde ikkje rukke å bli særleg redd. Og så måtte dei forte seg vidare til neste oppgåve i finalen.

Det er fint når sikringssystem funkar!

Og då kjem vi over på helsevesenet vårt. For sjølv om vi har ein av verdas beste velferdsstatar og eit godt, stort sett gratis helsevesen, har vi hatt ei valdsam vekst i talet på private helseforsikringar dei siste åra.

No er det om lag 750 000 med ei sånn forsikring. Ein slags ekstra fallskjerm, om du vil.

For enkeltinnbyggarar eller arbeidsgivarar kan det kjennast praktisk og lurt å forsikre seg litt ekstra. Alle vil jo ta vare på helsa si og helsa til dei rundt seg. Men for helsetilbodet vi som samfunn får i den andre enden av denne utviklinga vil det kunne bli ein tragedie.

Det er fleire grunnar det. For det fyrste er det ikkje alle som kan har sjansen til å få seg denne typen forsikringar. Selskapa som sel dei skal jo tene pengar, og det er lite lukrativt å forsikre folk som allereie har ein diagnose.

Difor er det berre kundane som kan dokumentere eigen god helse som får lov til å vere med. Vi går då frå eit felles system som gir hjelp til alle, der dei sjukaste får hjelp fyrst, til eit system der dei friskaste blir løfta fram i køa.

Prisen kan også vere for høg for mange. Og statistikken viser oss at det eigentleg ikkje er så mange privatpersonar som sett seg ned og kjøper denne typen forsikring. Det er det i stor grad arbeidsgivarar som gjer. Nesten 90 prosent av helseforsikringane her i landet er dekka av jobben. Dette er nok heller ikkje eit tverrsnitt av norske arbeidsgivarar, men ofte private selskap og ganske overraskande; statleg eigde selskap eller høgt løna jobbar i offentleg sektor.

Det er samtidig få helseforsikringar av denne typen for tilsette i barnehagar, på skular eller i reinhaldsnæringa.

I tillegg til dei friskaste, blir det altså då dei rikaste som får helseforsikring. Om politikarane våre er bekymra for ulikskapen mellom fattig og rik i samfunnet, bør dei sjå varsellampene lyse her.

Jo fleire forsikringar, jo meir vil etterspurnaden etter private helsetenester gå opp. Dei private helsetenestene vil tene pengar til å kunne by over dei offentlege i jakt på fagfolk. Det offentlege helsevesenet vil sitje igjen med dei tyngste oppgåvene og mindre folk på jobb. Helsevesenet vil bli dyrare totalt sett.

For den heldige gruppa som då har både pengar og helse til å få helseforsikring, er det likevel også potensielle humpar i vegen. Som vi har lært frå å følgje amerikansk helsevesen på avstand, er det alltid ein sjanse for at forsikringsselskapet har ei eller anna formulering i lita skrift som gjer at dei ikkje vil hjelpe deg i den vanskelege situasjonen du trudde du var forsikra mot likevel.

Denne utviklinga er i liten grad styrt av vanlege folk. Drivarane bak er forsikringsselskap og private helseselskap som prøver å bygge seg opp ein marknad, og arbeidsgivarar som vel å hoppe på.

At det kan ligge mykje pengar å tene her, er det liten tvil om. Men det er merkeleg at det offentlege som arbeidsgivar har valt å følgje etter i denne bølgja.

Dei kjøper seg då inn på ei ordning som aktivt undergrev prinsippa som ligg til grunn for prioriteringar i helsevesenet vårt. Og om ein departementstilsett får kortare sjukefråver på grunn av den forsikringa, er det kanskje ein snekker, ein ufør eller ein helsefagarbeidar som må vente desto lenger på den same operasjonen.

Det er politikarane som må gjere at det offentlege kan hjelpe raskt og godt nok når folk er sjuke. Nokre stadar er det offentlege fantastisk bra, som i pakkeforløpet for kreft, som sender deg raskt i eit effektivt behandlingsløp.

På andre område er ikkje det offentlege godt nok. Køane må ned, og dei tenestene må bli meir pasientvenlege. Det må vere nok folk på jobb til at ein slepp å sitje i timesvis på harde stolar med febersjuke barn når ein tar turen ned på legevakta, for eksempel.

Men meir helseforsikringar kan ikkje vere svaret på korleis vi kan få eit betre helsevesen. Det blir litt som å planlegge ein fallskjermtur der berre ein del av reisefølget får utdelt fallskjermar.

Det er grunn til å tvile på at det ville gjort oss til den beste versjonen av oss sjølv, verken som enkeltpersonar eller som velferdsstat.

Dette innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin

Warning
Annonse
Annonse