JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

Kynisk bruk av tal frå regjeringa

Regjeringa har valt å lage ei ordning som gir mindre pengar enn før til flyktningar dei fyrste fem åra dei bur her.

Regjeringa har valt å lage ei ordning som gir mindre pengar enn før til flyktningar dei fyrste fem åra dei bur her.

Leif Martin Kirknes

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no

Saken oppsummert

Over 60 prosent av norske flyktningar får under 200.000 kroner i stønader frå det offentlege i året. Er mindre økonomisk sikring det dei treng for å kome ut i jobb?

I valkampen i fjor haust klarte høgresida å få veldig mange av oss til å bruke mykje tankekraft på å vurdere kor synd vi eigentleg syntest på ulike bedriftseigarar rundt om kring i landet.

Eit sentralt bakteppe for den debatten var at den rikaste prosenten her i landet, og særleg den rikaste promillen, betaler langt mindre i skatt per tente krone enn resten av oss.

Ofte har ein bedriftseigar ein lågare skatteprosent på si inntekt enn ein låglønna reinhaldar i den same bedrifta.

Formuesskatten bidrar til at denne gruppa, som er blant dei rikaste i landet, betaler noko, i alle fall. Likevel leita Høgre og Frp med lys og lykte etter eksempel etter folk med høg formue som kanskje ville kunne få opplevd ei ulempe som følgje av formuesskatten.

Ved hjelp av aksjonsgrupper som pumpa pengar inn i annonsekampanjar i aviser og på nett, klarte dei å få mykje av valkampen til å handle om dette.

Sjølv om mange av eksempla halta og blei tilbakevist, klarte dei å forme den offentlege samtalen på mange vis – ungdomspolitikarar fortalte om møte om skuleelevar som gjekk rundt og var bekymra for om dei nokon gong skulle måtte ende opp i ein situasjon der dei måtte betale formuesskatt.

Det er altså mykje definisjonsmakt knytt til eksempla politikarane løftar inn i debatten.

Er vi mest bekymra for åleinemora som må trygle Nav om pengar til fotballcup, eller for bedriftseigaren med tre bilar som kanskje må selje ein aksje?

Dette har eg også tenkt ein del på, når eg dei siste vekene har grubla på regjeringas nye forslag til stønader for flyktningar.

Kva slags folk har dei tatt utgangspunkt i då dei laga den politikken?

Med ein argumentasjon om at du no må «tene nesten 600 000 for at det skal lønne seg å jobbe som flyktning», har regjeringa valt å lage ei ordning som gir mindre pengar enn før til flyktningar dei fyrste fem åra dei bur her.

Denne gruppa skal ikkje lenger få sjans til å søkje om bustønad eller sosialhjelp. Det er veldig uklårt kor flyktningar no skal gå om dei ikkje har råd til vintersko eller middag. Til friviljuge matutdelingssentralar, kanskje?

Denne debatten fekk SVs Marian Hussain til å stille spørsmål til arbeidsministeren om inntektsfordelinga til flyktningar i dag.

Kor mange er det eigentleg som får så store beløp som regjeringa viser til i sitt eksempel?

Svaret kom i førre veke.

Det viser at det er om lag tre prosent av flyktningane som har vore her i opp til fire år og får så mykje i offentlege overføringar som regjeringa viser til.

Grunnen til at dei har fått såpass mykje (436 800 i statlege overføringar, som kan tilsvare 576 085 kroner i bruttolønn, eller meir), er at dei har søkt om relativt store utbetalingar av bustønad og sosialhjelp.

Det offentlege gir ikkje denne typen overføringar med mindre det er dokumentert at folk treng denne hjelpa, for eksempel om dei bur i område der bustadprisane er høge.

Svaret frå departementet viser at kvardagen for flyktningar flest er annleis enn for desse tre prosentane. Over 60 prosent av norske flyktningar får utbetalt under 200 000 kroner i året dei fyrste fire åra dei bur her.

For dei som er opptekne av at folk må ha lite pengar for å bli motiverte til å jobbe, kan vi altså slå fast at vi allereie i dag har eit stort fleirtal av flyktningar i landet som allereie har veldig lite pengar frå det offentlege og med det burde ha meir enn nok motivasjon til å kome ut i arbeid.

Konsekvensen av regjeringas forslag vil bli meir fattigdom enn før, og særleg vil det gå ut over barna som veks opp i desse familiane.

Det er vanskeleg å forstå, frå eit venstresideperspektiv, kvifor vekta har blitt lagt på dei tre små prosentane med dei høgaste stønadene, og ikkje at det store fleirtalet av flyktningar i landet allereie har veldig lite – og med dette forslaget vil miste tilgangen på eit heilt sentralt tryggleiksnett.

Skal ein ha truverd i kampen mot forskjellar og fattigdom, burde alle politiske tiltak målast opp mot korleis dei påverkar det arbeidet.

Det er viktig at venstresida tar utgangspunkt i verkelegheita som ho er, og som veljarane kjenner seg igjen i.

Det er også grunn til å minne om at det kan ligge mykje politisk kraft i dette utgangspunktet – mange veljarar er opptekne av å rette opp i økonomisk urett.

Venstresida vann fjorårets valkamp – mellom anna ved å slå hol på mytane frå høgresida om at det var så vanskeleg å vere rik her i landet.

No er det viktig at ein ikkje gløymer målet om mindre forskjellar og fattigdom i integreringspolitikken – all venstresidepolitikk bør ha som eit minstemål at ein ikkje gjer ting verre for dei som har minst.

Warning