JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Natur og Ungdom svarer forbundsleder Brede Edvardsen om kamp mot sjødeponi

Fra aksjon i Repparfjorden 20. september.

Fra aksjon i Repparfjorden 20. september.

Petra Ohlinger

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no

Saken oppsummert

Tilsvar på kommentaren «Vi må jobbe for et samfunn uten ekstremisme, hat og rasisme».

Det er godt å lese oppmodinga om å jobbe for eit samfunn utan rasisme og diskriminering, også etter valkampen.

Men bildet leder Brede Edvardsen i Arbeidsmandforbundet skisserer opp, der å stogge miljøskadeleg deponipraksis i Førdefjorden og Repparfjorden er å selje seg til ytre høgre, blir for søkt.

Som Edvardsen skriv, slo Lagmannsretten for kort tid sidan fast at løyva som er gitt til deponering av gruveavfall i Førdefjorden er ugyldige.

Parallelt med dette kjemper miljørørsla og samiske aktivistar mot planane om kopargruve i Nussirfjellet med sjødponi i Repparfjorden.

Aksjonsleiren på Markoppneset ved fjorden har stått sidan juni, og er med det den lengstståande aksjonsleiren i noregshistorien.

Noreg er eit av to land i verda som tillèt sjødeponi. Alle dei andre landa har forbode det, fordi deponering av gruveavfall i sjø påverkar dei marine økosystema negativt.

Forklaringa gruveselskapa som ønsker denne praksisen ofte kjem med, er at dei djupe fjordane i landet vårt er spesielt eigna for denne typen deponi.

Havforskingsinstituttet seier derimot at dei ikkje vil tilrå sjødeponi i nærleiken av gyteområde for fisk, om gruveavfallet inneheld høg konsentrasjon av tungmetall, eller er for finpartikullert.

Både Førdefjorden og Repparfjorden er nasjonale laksefjordar, og i båe deponia er det planlagt finpartikullert spreiing av tungmetall.

Alle faglege råd tilseier altså at sjødeponi er ein dårleg idé.

Natur og Ungdom er ikkje mot gruver i Noreg, eller arbeidsplassar i distrikta. Tvert imot. Vi er positive til industri som speler på lag med naturen.

Kampen for levande fjordar, fri for giftig gruveslam, er bygga på lokal motstand, kjærleik til naturen, og kjærleik til lokalsamfunna rundt fjorden.

Når vi kjempar mot sjødeponi i fjordane, kjempar vi for å ivareta dei lokale arbeidsplassane i fiske, reindrift og landbruk.

Natur og Ungdom jobbar for eit samfunn som tar vare på og bygger på det økologiske, kulturelle og menneskelege mangfaldet, heiter det i grunnsynet vårt. Mangfald gjer samfunn og natur mindre sårbar.

Naturen må få leve vidare både fordi menneska er avhengige av den, og fordi den har ein verdi i seg sjølv.

Usikkerheita og høgredreiinga i norsk og europeisk politikk skremmer oss, fordi vi ser heilt tydeleg at det går ut over både menneske og miljø. Da Tamina Nibras Juhar blei drept på jobb, i eit terrormotivert drap, rysta det oss.

Vi er ein organisasjon med ein ung og variert medlemsmasse, som veks opp i ei usikker tid. For oss er det viktigare enn nokonsinne å halde fram med å kjempe for eit meir rettferdig samfunn.

Kampen for levande fjordar, for ein natur vi kan leve av, med og i, også i framtida, er viktig for å ta vare på dei verdiane vi som fellesskap sett høgst – solidaritet, samhald og framtidstru.

Warning