JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Santiago fortel si historie, sånn at ikkje arbeidsgjevaren skal sleppe unna med ikkje å betale folk lønn. – Det er viktig at nordmenn veit om sånne situasjonar, så folk ikkje trur at dette ikkje skjer med arbeidsinnvandrarar i deira land, seier han.

Santiago fortel si historie, sånn at ikkje arbeidsgjevaren skal sleppe unna med ikkje å betale folk lønn. – Det er viktig at nordmenn veit om sånne situasjonar, så folk ikkje trur at dette ikkje skjer med arbeidsinnvandrarar i deira land, seier han.

Tormod Ytrehus

Lønstjuveri

Argentinarar jobba med bilvask i Norge – fekk ikkje lønn på fem månader

Han vart lova lønn til nye tidspunkt ti gongar, men fekk den først etter at Magasinet for fagorganiserte tok kontakt med arbeidsgivaren.

tormod@lomedia.no

OSLO: Santiago Altamirano kom til Norge på eit arbeidsferieprogram i november, fortel han.

Etter å ha fullført fem år utdanning på universitetet i heimbyen Villa María i Córdoba i Argentina, ville 29-åringen ut og sjå verda.

Først jobba han frivillig for kost og losji på ein gard i Oslo-området, før han fekk jobb som servitør i hovudstaden gjennom ein bemanningsapp.

I desember fann vennen ein jobb i ei bilpleiebedrift, Alnabru Bilpleie AS, gjennom eit tips i ei argentinsk Facebook-gruppe. Etter nokre dagar hadde Altamirano også fått seg jobb.

Der jobba han 146 timar frå 19. desember til 16. januar.

Han vaska rundt sju bilar om dagen, mest taxiar. Lønna var 150 kroner timen.

Men han måtte vente fem månader på å få pengane utbetalt.

Over 24.000 kroner rekna Altamirano ut at han skulle hatt i lønn og feriepengar, og vennen 30.500 kroner.

Dagen etter at Magasinet har fått kontakt med den tidlegare arbeidsgivaren, kan Altamirano melde at han og vennen har fått utbetalt lønna.

– Eg var desperat og deprimert

Tida utan pengar var tøff, fortel Altamirano, over 12.000 kilometer frå vennar og familie.

– Vi betalte ikkje leige, men eigaren av leilegheita var forståingsfull og ein veldig fin fyr. Vi betalte heller ikkje for bussen og reiste kvar dag med telefonen i handa (for å kjøpe billett i tilfelle det var kontroll).

Altamirano seier han måtte jobbe lange dagar utan kvile, i fleire forskjellige jobbar samtidig, for å betale gjelda.

– Det var ei dårleg oppleving. Eg var desperat og deprimert. Eg tenkte på det heile tida, at eg hadde jobba utan å få betalt.

«Sannsynlegvis neste veke»

Vi har fått sjå tekstmeldingar som handlar om lønna, mellom Altamirano og dagleg leiar, styreleiar og hovudeigar Safir Hayat i perioden 13. januar til 22. mai.

Altamirano etterlyser først lønna og bruk av skattekortet 13. januar, som var ein fredag og dermed dagen lønna skulle blitt utbetalt.

Tormod Ytrehus

I tekstmeldingane skriv Hayat først at rekneskapsføraren ikkje hadde moglegheit til å betale ut lønna.

Hayat skriv at han kan «fikse noko» med ein gong om det hastar eller er krise, men Altamirano svarer at dei vil fikse det gjennom banken og Skatteetaten.

Deretter skriv Hayat at han har stoppa utbetalinga fordi argentinarane «plutseleg forsvann», og at han må sjekke kor mykje han kan betale veka etterpå.

Så er svaret at lønna kjem.

Ti gongar oppgir han nye tidspunkt lønna sannsynlegvis skal komme, som regel «neste veke», utan at den kjem.

Selskapet ventar på uteståande betalingar, oppgir Hayat etter kvart som grunnen.

Skjermdump

Altamirano spør om namnet på rekneskapsføraren og selskapet som ikkje har betalt, men får ikkje svar.

– Det har ikkje han noko med, seier Hayat til Magasinet.

Vi får tak i Hayat på telefon etter nesten ei veke med forsøk på å nå ham på telefon, SMS, epost og sosiale medium. Det skjer etter at vi har snakka med ein av dei andre eigarane som formidlar kontakt.

Hayat seier han hadde satsa på at argentinarane skulle vere i vaskehallen eit par månader, og at han skulle ut i ein kneoperasjon og nokre månader lang sjukemelding da dei slutta.

– Eg vart litt skuffa i starten da dei forsvann, seier han.

At dei slutta samtidig, gjorde at butikken ikkje gjekk rundt, hevdar han overfor Magasinet.

Han hevdar at mange firma ikkje betalte fakturaar, da bilpleiebedrifta hadde stengd, og at Hayat måtte gå rundt og krevje inn pengane.

No er det meste på plass, og Hayat har akkurat nok til å betale argentinarane, hevdar han.

Han seier Altamirano, vennen og ein til ikkje har fått lønn.

Dagen etter at Magasinet har snakka med Hayat, gir Altamirano altså beskjed om at han og vennen har fått utbetalt lønna.

Sende lønnskrav, men fekk ikkje svar

Caritas Norge og rettshjelpar Fernando Baez sende lønnskrav til Alnabru Bilpleie 30. januar, på vegner av argentinarane.

Altamirano kravde altså over 24.000 kroner i lønn og feriepengar for 146 timars arbeid frå 19. desember til 15. januar, dokumentert med avtalt lønn og timelister. Mens vennen Francisco Monteverde kravde omtrent 30.500 kroner for 184 timars arbeid frå 14. desember.

I tillegg kom forseinkingsrenter.

Det rekommanderte brevet kom i retur fordi det ikkje vart henta, og saka vart klaga inn til forliksrådet 12. april.

– Det har eg ikkje sett, svarer Hayat på spørsmål om lønnskravet og forliksklaga.

Gjennom den argentinske Facebook-gruppa, fekk Altamirano og vennen tips om organisasjonen Caritas der innvandrarar kan få fri rettshjelp.

Baez seier Caritas hjelpte ein annan argentinar med eit lønnskrav i januar, og at han da fekk lønna utbetalt frå Alnabru Bilpleie.

Les mer: Caritas om at argentinarar fekk ikkje lønn frå bilvask-firma: – Typisk

Oslo forliksråd har sendt eit krav om tilsvar til Alnabru Bilpleie, men ikkje fått svar. Det skriv forliksrådet i ei avgjerd om innsyn til Magasinet 14. juni.

Forliksrådet skriv at det er lang behandlingstid for tida, og at dei forventar å behandle saka tidlegast til seinhausten.

– Eg veit at dette ikkje gjeld heile norsk arbeidsliv, men eg skjøner ikkje at det skal vere så vanskeleg å få pengane vi har krav på, seier Altamirano.

Når vi snakkar med ham etter at han og vennen har fått utbetalt lønna, trur han at saka i Magasinet var avgjerande for at dei fekk pengane.

Avhengig av arbeidsavtale og pengar

Magasinet har sett fleire meldingsutvekslingar mellom Altamirano og Hayat, som handlar om arbeidsavtale og kvifor argentinarane slutta i jobben.

Hayat sende ein usignert arbeidsavtale til Altamirano i desember. Altamirano ber om nokre endringar.

I meldingsutvekslinga blir dei einige om lønn, utbetalingsdato og kortare oppseiingsfrist, og Altamirano ber i tillegg om overtidsbetalt etter lova.

Altamirano ber fleire gongar om at Hayat skal komme med kontrakten for å signere den, men Hayat har ikkje moglegheit.

Sånn såg det første forslaget ut:

Skjermdump

Etter verken å ha fått signert arbeidsavtale eller lønn, finn Altamirano seg 16. januar ein annan jobb. Det same gjer vennen.

Altamirano skriv til Hayat at argentinarane må ha ein skriftleg arbeidskontrakt og pengar til ein returbillett for å ha lovleg opphald i landet. Det er krav for å få opphaldsløyve, ifølge avtala mellom Norge og Argentina og reglane for arbeidsferieprogrammet.

I meldingsutvekslinga skriv han at han hadde fått 72 timar på seg av Politiet til å levere inn ein skriftleg arbeidskontrakt.

Han skriv også at vennen har blitt bøtelagt for ikkje å ha pengar til flybillett heim.

Hayat kunne ikkje signere fordi han var bortreist, opptatt og sjuk, skriv han. Han meiner også Altamirano kunne ha brukt det første kontraktsforslaget.

Altamirano hevdar også at utanforståande fortalde at bilvaskeriet skulle seljast, utan at argentinarane hadde fått beskjed om det frå Hayat.

– Nei, det var snakk om at nokon kunne ta over. Men eg måtte stenge fordi dei (argentinarane) gjekk på dagen, svarer Hayat.

Haugevis med drosjeløyve

Hayat er dagleg leiar og styreleiar i Alnabru Bilpleie AS. Han er også største eigar med 45 prosent, gjennom Viken Drive AS. Selskapet har tre drosjeløyve i Oslo, ifølge transportloyve.no.

Selskapet eig Viken Lux AS med heile 70 drosjeløyve i Oslo.

Magasinet har sett bilde av lister over bilar som har blitt vaska på Alnabru Bilpleie, og bilde av ei rekke bilar i vaskehallen. Flesteparten er drosjar.

Listene viser at bilar frå Viken Lux vart vaska nesten 30 gongar i perioden mellom 28. desember og 13. januar.

– Det var mange andre. Vi hadde avtale med 25–30 firma, seier Hayat til Magasinet.

Dei fire andre eigarane er også knytt til drosjeselskap, bilsal og bilverkstadar.

Vi har snakka med ein av dei største, som seier han ikkje hadde noko med drifta av Alnabru Bilpleie å gjere, forutan å hjelpe litt til i oppstarten.

– Det var berre eg som styrte bedrifta, stadfestar Hayat.

Alnabru Bilpleie fekk siste gong avslag på søknad om godkjenning frå Arbeidstilsynet 11. januar. Selskapet kan dermed ikkje drive lovleg lenger. Grunnen var manglande dokumentasjon på yrkesskadeforsikring, ifølge saksdokumenta som vi har fått innsyn i.

Hayat seier selskapet ikkje har drive med bilpleie etter 16. januar.

Skjermdump

Vil at folk skal vite om ham

Til hausten drar Altamirano tilbake til Argentina, fortel han.

Han seier han treng pengane for å komme seg heim, og han har lyst til å reise meir i Europa før han vender tilbake.

Forutan jobben i bilpleiebedrifta, har opplevinga i Norge vore god, fortel han.

Han seier han har hatt ei rekke jobbar i løpet av dei månadene har vore i Oslo: Han har erfaring frå restaurantbransjen i Argentina og har jobba på fleire ulike serveringsstadar.

No jobbar han på ein restaurant og ein nattklubb, fortel han.

– Kvifor vil du fortelje om dette til oss?

– Eg vil at folk skal vite om ham (Hayat), sånn at han ikkje skal sleppe unna med ikkje å betale folk lønn. Det er viktig at nordmenn veit om sånne situasjonar, så folk ikkje trur at dette ikkje skjer med arbeidsinnvandrarar i deira land, seier han og forklarer:

– Eg har snakka med mange argentinarar og arbeidsinnvandrar i Norge, og dei har mange dårlege opplevingar med manglande lønn. Det er mange historier. Men det vanlegaste er at ein får for lite lønn og må klage for å få utbetalt heile lønna.

Altamirano fortel at han er ein samfunnsengasjert person som sidan han var 15 år har deltatt i sosiale rørsler og politisk arbeid heime i Argentina.

– Om ikkje myndigheitene og fagforeiningane fiksar dette, kjem det til å bli dårlegare forhold i heile norsk arbeidsliv. Arbeidsinnvandrarar kan vere vande med dårlegare lønns- og arbeidsvilkår frå heimlandet, og arbeidsgivarane kan tenke at nokon vil ta jobben til ei lågare lønn. Eg trur mange nordmenn ikkje vil sjå det og tenker at dette gjeld nokon andre, seier Altamirano.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss