JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønstjuveri

Argentinarar fekk ikkje lønn frå bilvask-firma: – Typisk

Fernando Baez har mykje erfaring med å hjelpe arbeidsinnvandrarar som ikkje får lønn. Han har eit tydeleg råd.
Fernando Baez i Caritas Norge fortel at dei har registrert 350 saker om mogleg lønnstjuveri dei siste to åra.

Fernando Baez i Caritas Norge fortel at dei har registrert 350 saker om mogleg lønnstjuveri dei siste to åra.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Fredag skreiv Magasinet for fagorganiserte om argentinaren Santiago Altamirano og vennen som jobba i Alnabru Bilpleie og måtte vente over fire månadar på lønn og feriepengar.

Først etter at vi fekk tak i hovudeigar og dagleg leiar, vart pengane utbetalt.

Fekk hjelp av Caritas

Gjennom ei argentinsk Facebook-gruppe fekk dei to argentinarane tips om rettshjelpstiltaket til Caritas Norge (hjelpeorganisasjonen til den katolske kyrkja). Dei gir fri rettshjelp gjennom ressurssenteret sitt for innvandrarar i blant anna Oslo.

Fernando Baez i Caritas sende lønnskravet på vegne av argentinarane i januar og klaga inn saka til forliksrådet i Oslo i april, etter ikkje å ha fått svar frå Alnabru Bilpleie.

– Vi har tre personar i teamet, så vi har berre kapasitet til å prioritere grove utnyttingar, fortel Baez.

Caritas har registrert 350 saker om mogleg lønnstjuveri dei siste to åra, fortel han. Det omfattar sakene der arbeidstakaren faktisk har sendt eit lønnskrav.

Arbeidstakarane jobbar oftast i bransjar som bygg, bil, restaurant, reinhald og transport, fortel Baez.

Omtrent halvparten av arbeidsgivarane er norske, opplyser han.

Les også: Stadig flere får ikke lønna de har krav på

– Ein business-model

Det er typisk at arbeidsgivarane lovar at lønna kjem og at dei refererer til at problemet ligg hos nokon andre i bedrifta, fortel han.

Altamirano vart lova lønna på spesifikke tidspunkt ti gongar i løpet av dei over fire månadane.

Grunnen var ifølge sjefen at rekneskapsføraren ikkje hadde moglegheit, at argentinarane hadde slutta i jobben og at selskapet venta på uteståande betalingar.

Baez seier selskapa ofte slår seg konkurs sånn at arbeidstakarane må søke lønnsgarantiordninga til staten.

– Det er ein business-modell, meiner han.

Det gjorde ikkje Alnabru Bilpleie, selskapet er ikkje konkurs og betalte altså ut lønna til slutt.

Baez fortel at sakene ofte gjeld munnlege avtaler.

– Problemet er at bevisbyrda ligg på arbeidstakarar og dette er ofte sårbare menneske utan nettverk og språkkompetanse.

Heller ikkje Altamirano hadde ei signert arbeidsavtale, sjølv om dei altså hadde avtalt det meste på tekstmeldingar.

Eit tydeleg råd

Baez har eit tydeleg råd om å sikre seg noko skriftleg som beviser arbeidsforholdet og kor mykje ein har jobba.

Han oppfordrar til å bilde og screenshots av timelister.

Timelister kunne Altamirano og vennen legge ved forliksklaga.

– Kva må gjerast for å bli kvitt lønnstjuveri?

– Det handlar om førebyggande arbeid, å gi informasjon til arbeidstakarane – gjennom Arbeidstilsynet, Skatteetaten og sivile organisasjonar. Også arbeidsgivarane kan mangle kunnskap, understrekar han.

– Fleirtalet av arbeidsgivarane i Norge er seriøse, understrekar han vidare.

– Kvifor kjem desse arbeidstakarane til dokker i staden for fagforeiningane?

– Det er kulturelle forskjellar når det gjeld viktigheita av fagorganisering. Eg er bevisst på å forklare fagforeiningane sin rolle. Det er eit behov for informasjon.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse