Fellesforbundet og Norsk Bilbransjeforbund:
Bilbransjen åtvarar mot brot på permitterings-reglane
Fellesforbundet og Norsk Bilbransjeforbund fryktar oppblomstring av svart arbeid under korona-krisa.
Illustrasjonsfoto.
Erlend Angelo
tormod@lomedia.no
I eit felles skriv går arbeidsgivarane i Norges Bilbransjeforbund (NBF) og arbeidstakarane i Fellesforbundet, ut med ei oppfordring om å verne om eit seriøst arbeidsliv i bilbransjen:
«Det betyr at permitteringsregelverk må følges, og at nye ordninger ikke utnyttes. Det betyr at bedrifter ikke velger useriøse underleverandører. Det betyr at verken bedrifter eller ansatte må tilby tjenester svart eller bryte andre lover og regler. All form for useriøsitet øker risikoen for at flere enn nødvendig går uten arbeid lenge.»
Dei siste dagane har det komme fram ei rekke eksempel på tilsette som jobbar, sjølv om dei er permitterte og mottar støtte frå Nav.
p
Svart arbeid
– Vi har fått nokre meldingar frå medlemmer som ser oppblomstring av svart arbeid i sitt lokalmiljø. Det er frykteleg krevjande tider, både for arbeidstakarar og bedrifter. Vi minner om at ein likevel skal følge lover og reglar, seier kommunikasjonssjef Egil Steinsland i NBF.
NHO-foreininga har 1250 medlemsbedrifter, i hovudsak bilforhandlarar og verkstadar.
– Vi har ingen grunn til å tru at det er eit veldig omfang nasjonalt, men vi må vere føre var. Historisk veit vi at krisetider kan føre til meir arbeidslivs-kriminalitet, seier Steinsland.
NBF sender no ut eit skriv til alle medlemsbedrifter, mens Fellesforbundet sender skrivet til tillitsvalde i bransjen.
– Vi må bruke alle krefter på å hindre at aktørar misbruker velferdsordningar i samfunnet, seier forbundssekretær Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet.
p
Krise i bransjen
Bilbransjen er som mange andre, hardt ramma av korona-krisa.
Sidan 9. mars, har nærmare 10.500 permitterte i bransjen søkt dagpengar, ifølge ferske Nav-tal. Talet utgjer ein av fem tilsette i bransjen.
– Vi har jobba knallhardt for politiske løysingar som ikkje set permitterte på berr bakke. Hovudmålet er at arbeidslivet skal normalisere seg så fort som mogleg, sånn at flest mogleg kjem tilbake i arbeid, seier Sivertsen.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.