Bemanningsbyrå i bygg og anlegg:
Bygg og anlegg er verstingbransjen. No har bruken av bemanningsbyrå stupt, ifølge NHO Service og Handel
Snor entreprenørane seg unna nye innleigereglar ved å bruke tilsette hos underleverandørar på minimumsvilkår? NHO Service og Handel stiller spørsmål ved utviklinga innanfor bygg og anlegg.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Innleiga frå bemanningsbyrå er desidert størst innanfor bygg og anlegg, på heile 35 prosent av all innleige.
Innanfor næringa var det 15 prosent mindre innleige i bygg og anlegg i årets tredje kvartal samanlikna med fjorårets, ifølge NHO Service og Handel som organiserer bemanningsbyråa. I Oslo er reduksjonen heile 23 prosent innanfor bygg og anlegg, ifølge arbeidsgivarorganisasjonen. Innanfor alle næringar er nedgangen på 6,5 prosent.
– Det er ingen tvil om at nedgangen skuldast dei nye reglane som er innført for bemanningsbransjen, seier administrerande direktør Anne Cecilie Kaltenborn i ei pressemelding.
p
Nye innleigereglar
Dei nye reglane innført i år, går blant anna ut på at berre bedrifter som har tariffavtale med store fagforbund kan inngå avtale med tillitsvalde om innleige utover mellombelse behov. I tillegg er det ikkje lenger lov med såkalla nullprosentkontraktar.
I sommar vart Fellesforbundet og NHO Service og Handel derfor einige om ein ny standard arbeidsavtale for bemanningstilsette i byggebransjen. Flest mogleg skulle jobbe i ei stilling større enn 80 prosent, var målet.
Samtidig viser rapportar frå byggebransjen sine fagforeiningar i både Oslo og Bergen, at ulovleg innleige florerer i bransjen.
På landsmøtet sitt i oktober vedtok Fellesforbundet å «jobbe for at bemanningsbransjen i sin nåværende form avvikles, og at arbeidsformidling blir en sterkere offentlig oppgave». I tillegg ønsker dei eit forbod mot innleie frå bemanningsbyrå «i bransjer og områder der vi mener det er nødvendig».
Vil ha fleire tal
Fellesforbundet sin nestleiar, Steinar Krogstad, seier til bygg.no at forbundet er avventande til å trekke konklusjonar om utviklinga. Han påpeikar at undersøkinga berre omfattar medlemsbedrifter i NHO Service og Handel. Det same gjer administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening (BNL), NHO-foreininga som organiserer bedrifter i byggebransjen.
Dette standpunktet deler Joachim Espe, leiar i Rørleggernes Fagforening i Oslo.
Han viser til at deira eigen kartlegging av byggeplassar i Oslo ikkje viser ein så kraftig nedgang i innleige. I tillegg peikar han på LO sitt samfunnsnotat som viser at ein femdel av auken i talet arbeidstakarar det siste året kom blant innvandrarar på korttidsopphald. Blant desse er 42 prosent i næringa til bemanningsbransjen og 24 prosent innanfor bygg og anlegg.
– I same periode som det har vore kraftig auke i innleige, skal det altså ha vore kraftig nedgang i bemanningsbransjen. Det heng jo ikkje på greip, seier Espe til Magasinet.
Underleverandørar
Kaltenborn i NHO Service og Handel seier prisnivået på innleige frå bemanningsbyrå har blitt høgare med dei nye innleigereglane.
Arbeidsgivarorganisasjonen spør om nedgangen i innleige er eit resultat av at entreprenørane har gått over til å bruke tilsette frå underleverandørar. Samtidig peikar dei på at innleige gjennom bemanningsbyrå, til skilnad frå bruk av underleverandørar, er regulert og skal sikre bemanningstilsette same lønns- og arbeidsvilkår som tilsette i bedrifta der dei er innleigd.
– Det er synd at bedriftene i staden for å rette seg etter nye reglar, finn nye smotthol for å bruke lausarbeidarar, svarer fagforeiningsleiar Joachim Espe.
p
Han trur også ein del av innleiga kan ha gått over til bruk av tilsette hos underleverandørar, ofte eigd av hovudentreprenøren gjennom kompliserte eigarstrukturar. Men svaret er ikkje meir innleige frå bemanningsbyrå, meiner han.
– Sånn som vi ser det, er dette i praksis innleige som fungerer under leiing av hovudentreprenøren. Målet vårt er fleire faste tilsettingar. Vi må lage regelverk som dekkar alle former for innleige, understrekar han.