Flere saker
Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Kan ein lage mat som får folk til å reise over landegrenser, samtidig som ein har ordna arbeidsforhold? Ja, meiner Speilsalen-tilsette.
ETTER AT MAGASINET FOR FAGORGANISERTE BESØKTE HOTELLET, ER DEI TILSETTE PERMITTERT I SAMBAND MED KORONA-KRISA.
TRONDHEIM: Resepsjonen er full av italiensk marmor, vakre treutskjeringar og detaljar i gull. Magasinet sine utsende kjenner at vi ikkje har kledd oss riktig til besøket.
To veker tidlegare har jubelen stått i taket på luksushotellet Britannia. Etter berre ti månader i drift har hotellets restaurant Speilsalen fått ei Michelin-stjerne.
11 andre restaurantar i Norge har også denne prestisjetunge stjerna. Men det er noko unikt med Speilsalen. Dei har nemleg tariffavtale.
Saka fortset under bildet.
– Vi hadde lyst til å vise at vi kunne lage denne typen restaurant med norsk lønn, god personalpolitikk og sunn drift, seier restaurant-sjef Henrik Dahl Jahnsen.
Restaurant har dei laga. Den er som ein sal i eit europeisk palass, med engelsk landskapstapet og ei staseleg lysekrone frå 1890. På matfronten er dei derimot meir heimlege.
– Vi lagar nordisk mat på vår eigen måte. Vi har for eksempel ein rett med vaffel, seier Jahnsen.
Krabba som blir servert i potetlomper, er ein favoritt blant gjestane. Den skal etast med hendene.
Saka fortset under bildet.
– Det er viktig at det ikkje er så stivt. Serveringa skal vere avslappa, som ein motsetnad til rommet, seier Jahnsen.
– Og det er lettare å få til når dei tilsette trivest på jobb, legg han til.
Ein må vere motivert for å jobbe på Speilsalen. Det er lange dagar for dei tolv kokkane og seks tilsette ute i salen. Kvar dag jobbar dei for å gjere jobben best mogleg.
– Eg har blitt litt meir stolt over å jobbe her. Vi har jobba for den som eit lag, seier kokk Bjørn Sivertsen om Michelin-stjerna.
Saka fortset under bildet.
Britannia stod for festmåltidet då den nordiske Michelin-guiden vart lansert i trønderhovudstaden i februar. Byen har no tre restaurantar med stjerne.
Den er eit kvalitetsstempel som får gjestane til å strøyme til. Sju hundre reservasjonar rann inn den første timen etter utdelinga.
Saka fortset under bildet.
Vil du besøke Speilsalen, må du vere førebudd på å legge igjen to-tre tusenlappar for ein seks-rettar med vin til maten. Kan vanlege folk dra på ein sånn restaurant?
– Ja. Det er ikkje dyrt i forhold til arbeidet som ligg bak, kvaliteten og opplevinga, slår Henrik Dahl Jahnsen fast.