SIGER: 31. august 1980 inngår regjeringa og dei streikande i Gdansk ei avtale. Her blir Lech Walesa boren på skuldrene til arbeidarar på Lenin-verftet.
AFP / NTB
Historia om Solidaritet:
Denne streiken skapte det første frie fagforbundet i austblokka
I 1980 vart fagforbundet Solidaritet oppretta i Polen. Hendinga for 40 år sidan blir skildra som den første steinen som forsvann frå Berlinmuren som skulle rive med seg heile Sovjetunionen i fallet.
tormod@lomedia.no
Sommaren 1980 streikar polske arbeidarar over heile landet i protest mot ein auke i matprisane. Det er ikkje nytt. Ulovlege streikebølger har skylt over landet i både 1970 og 1976, med matprisar og lønn som kampsaker.
Streikane dette året sidan skulle derimot få langt større konsekvensar.
Starten
14. august blir Lenin-verftet i Gdansk sentrum for streikane, der 17.000 verkstadarbeidarar legg ned arbeidet og barrikaderer seg inne på verftet. Dei streikar for høgare lønn og lågare matprisar, men også for at kranførar Anna Walentynowicz skal få tilbake jobben. Ho har ei veke tidlegare fått sparken etter å ha drive med ulovleg fagforeiningsarbeid. Dei krev dessutan eit minnesmerke for arbeidarane som vart drepne under streikane i 1970.
Arbeidarar på 150 fabrikkar i Gdansk går raskt saman i ein streikekomite. Der blir den karismatiske elektrikaren Lech Walesa vald som leiar. Komiteen offentleggjer 21 krav som er langt meir omfattande enn lågare prisar og høgare lønn. Dei tre første krava er frie fagorganisasjonar, uavhengig av bedriftene og kommunistpartiet, streikerett og ytringsfridom. Dette skulle få såpass stor betydning at kravlista tjue år seinare hamna på verdsarvlista. To veker seinare skjer det historiske.
(Saka held fram under bildet)
FORHANDLINGAR: Streikeleiar Lech Walesa møter arbeidarane på Lenin-verftet etter forhandlingsmøte med regjeringa.
AP / NTB
På framgang
Dei streikande har fått tilbod om lønnsauke, men nektar å ta opp arbeidet. Regjeringa bukkar under for presset. Dei går med på at frie fagorganisasjonar skal bli lovleg. Under ein månad seinare, 17. september, møtest delegatar frå heile landet. Dei lagar det første frie fagforbundet i eit land omfatta av Warszawa-pakten: Solidaritet, eller Solidarność på polsk, og formelt Det uavhengige, sjølvstyrte fagforbundet «Solidaritet». 10. november godkjenner polsk høgsterett vedtektene.
(Saka held fram under bilda)
FORHANDLINGAR: Streikeleiar Lech Walesa møter regjeringa og visestatsminister Mieczyslaw Jagielski til forhandlingar på Lenin-verftet i Gdansk i august 1980.
Bjoern Elgstrand / AP / NTB
MINNE: Arbeidarane seg utanfor Lenin-verftet for avdukinga av eit minnesmerke desember 1980. Eit av krava under streiken fire månader tidlegare, var eit monument for å heidre dei som vart drepne under streikane i 1970.
Torbjörn Andersson / Expressen / TT
Organisasjonen liknar meir ei folkerørsle. Dei vil vareta nasjonen sine tradisjonar, kristendommen sin etikk og sosialismen sine sosiale verdiar. I løpet av sitt første år opplever Solidaritet ein medlemsvekst utan sidestykke. 10 millionar polakkar melder seg inn. Dei organiserer nesten heile den polske arbeidsstyrken, inkludert ein tredel av medlemmene i kommunistpartiet. Bønder og studentar organiserer seg også. Kjem Moskva til å beordre ein invasjon sånn dei gjorde i Ungarn og Tsjekkoslovakia? Solidaritet er i framgang, men eit kraftig tilbakeslag ventar.
Arbeideropprør blir film: – Vi trenger en politisk film som kan fungere som en krig mot egoismen
Tilbakeslaget
Natt til 13. desember 1981 skjer det. Statsminister og leiar i kommunistpartiet, PZR, Wojciech Jaruzelski erklærer unntakstilstand. Militæret og general Jaruzelski får all makt. Alle ikkje-statlege organisasjonar blir forbodne og tusenvis av faglege og politiske aktivistar blir fengsla. Arbeidarar over heile landet streikar i protest, men blir slått ned av politiet og militæret. 8. oktober gjennomfører parlamentet, Sejm, den formelle opphevinga av Solidaritet.
(Saka held fram under bilda)
FOLKET PROTESTERER: Tusenvis tar til gatene på grunnlovsdagen 3 mai i 1982. Protestane i Warszawa skal vere dei største sidan unntakstilstanden vart innført.
AP / NTB
FRED: Solidaritet-leiar Lech Walesa får Nobels fredspris i 1983. Kona må reise til Norge for å ta imot prisen, for Walesa har nettopp sluppe ut frå fengsel heime i Polen.
Jacques Langevin / AP / NTB
Aksjonistar må jobbe i det skjulte i åra som følger dei startar ulovlege komitear, aviser og radioprogram. Lech Walesa opprettar ei mellombels leiing i Solidaritet som organiserer fleire ulovlege demonstrasjonar. Regjeringa er under press.
(Saka held fram under bilda)
KATOLISISMEN: Pave John Paul II gir nattverd til katolikken Lech Walesa under eit besøk i Gdansk i 1987. Under eit besøk i heimlandet i 1979 gav den polske paven mange truande mot til å gjere opprør.
Arturo Mari / AP / NTB
THATCHER: Også britane gir si støtte til Solidaritet. Statsminister Margaret Thatcher besøker Gdansk og Lech Walesa allereie i 1988.
Martin Cleaver / AP / NTB
I 1988 er Polen i økonomisk krise, varemangelen er stor og prisane høge. Arbeidarane krev at regjeringa anerkjenner Solidaritet. Presset aukar. Etter nye streikebølger, begynner regjeringa og Solidaritet å snakke saman. I februar 1989 kan dei offisielle samtalene starte, og 5. april har dei laga ei avtale. Solidaritet blir lovleg igjen. Regjeringa går dessutan med på delvis frie val, som skal bli starten på slutten for kommunistpartiet.
(Saka held fram under bildet)
FOLKET PROTESTERER: Folk krev at regjeringa skal anerkjenne Solidaritet under streikane i 1988.
Cezary Sokolowski / AP / NTB
Slutten
4. juni vinn Solidaritet sine kandidatar alle plassar dei kan vinne i valet til underhuset. Kommunistpartiet klarer berre å vinne eitt av dei 100 mandata i overhuset. 23. august blir Tadeusz Mazowiecki frå Solidaritet vald som landets første statsminister utanfor kommunistpartiet sidan 1947. Solidaritet inngår i ei samarbeidsregjering med kommunistpartiet som i januar 1990 avviklar seg sjølv. Lech Walesa blir vald som president. Elektrikaren frå Lenin-verftet i Gdansk går av som leiar i Solidaritet, og fagforbundets stordomstid er over.
(Saka held fram under bildet)
USA: Solidaritet får mykje hjelp frå amerikanarane. President George H. W. Bush besøker Gdansk og Lech Walesa kort tid etter valet i 1989.
Heribert Proepper / AP / NTB
På 90-talet følger marknadsliberalistisk kuttpolitikk og ei storstilt privatisering av Polens ressursar. På det tidlegare Lenin-verftet i Gdansk får to tredelar av dei tilsette sparken. Solidaritet blir splitta i ei rekke politiske parti og står igjen med ein brøkdel av det rekordstore medlemstalet frå 1981. Frå å ha den største delen fagorganiserte i Europa, er Polen på botn. Mange av dei 21 krava frå 1981 blir aldri møtt: om høgare lønn, lågare pensjonsalder og betre velferd.
Solidaritet
• 1980: Polsk fagforbund oppretta etter at ei streikerørsle gjorde fri fagorganisering lovleg
• 1981: Forbode og oppheva under unntakstilstand. Hadde då eit medlemstal på 10 millionar
• 1989: Gjort lovleg igjen etter massive streikar. Kom til makta gjennom politiske val
• 2020: Er i større grad eit vanleg fagforbund med færre medlemmer
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.