På fire industribedrifter frå 1964 til 1968 gjennomførte Einar Thorsrud forsøk på meir sjølvstyre på arbeidsplassen – som her på Hydro på Herøya. Det skjedde på oppdrag frå LO og NAF (no NHO), i tett samarbeid med tillitsvalte og leiinga ute i bedriftene.
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Den norske modellen
Einar ville organisere norske arbeidsfolk sånn som motstandsrørsla under krigen
Arbeidsforskar Einar Thorsrud sine forsøk på meir demokrati på arbeidsplassen har hatt stor betydning for arbeidslivet både i Norge og rundt om i verda.
tormod@lomedia.no
30. april var det 100 år sidan skomakarsonen, psykologen og arbeidsforskaren Einar Thorsrud vart fødd.
Ordningar for samarbeid mellom tilsette og leiinga ute på arbeidsplassane, reglar i arbeidsmiljølova, tilsette i styra til bedriftene og meir gruppearbeid på arbeidsplassane: Det er nokre av konsekvensane av arbeidet hans.
Korleis skjedde det? Vi må begynne frå start.
Demokrati på arbeidsplassen
Utover på 1950-talet hadde etterkrigstidas gjenoppbygging komme langt på veg. Arbeidarpartiet hadde reint fleirtal på Stortinget, og arbeidarrørsla diskuterte no å sette ein av sine viktigaste idear ut i livet.
No skulle også bedriftene demokratiserast, gjennom «industrielt demokrati».
Korleis? Det var arbeidarrørsla meir ueinig om.
Diskusjonen tvang seg fram både for LO og arbeidsgivarane i NAF og NI (i dag NHO) på starten av 60-talet. Sjølv om meiningane var delte, ville alle partar ha forsking om saka.
Einar Thorsrud selde inn eit opplegg og fekk jobben frå det nye Samarbeidsprosjektet LO/NAF i 1962.
Da både LO og NAF ville ha meir forsking om demokrati på arbeidsplassen, selde Einar Thorsrud (nummer tre frå venstre) seg inn og fekk jobben. Her deltar han på ein konferanse i Oslo Arbeidersamfund om industrielt demokrati i 1961.
Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Eksperiment i bedrifter
Han hadde nokre år tidlegare starta Institutt for industriell miljøforskning på NTH (NTNU), og var frå 1964 første leiar for Arbeidspsykologisk institutt (i dag Arbeidsforskningsinstituttet på OsloMet).
Thorsrud hadde også fått med seg australiaren Fred Emery og Tavistock Institute i London. Instituttet hadde tidlegare forska på engelske kolgruver. Der hadde arbeidarane på vellukka vis jobba i små grupper som organiserte arbeidet på eiga hand.
Først undersøkte forskarane tilsette-representasjon i leiinga til bedriftene. Det var ikkje nok for å oppnå demokrati på arbeidsplassen, meinte dei: Arbeidsfolk måtte få bestemme meir i det daglege arbeidet.
Deretter starta eksperimenta ute på arbeidsplassane. Samarbeidsforsøka skjedde på fire industribedrifter frå 1964 til 1968. Der fekk tilsette meir sjølvstyre i arbeidet sitt, blant anna gjennom organisering av arbeidet i sjølvstyrte grupper.
Medbestemming også i private bedrifter var eit krav frå arbeidarrørsla på 50- og 60-talet – som her i 1. mai-toget i Oslo i 1961. Korleis, var folk derimot ueinige om. Både LO og arbeidsgivarane ville ha forsking på saka.
Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Motstandsfolk: Kåre og Ingrid ble tatt til fange av nazistene og torturert for å ha jobbet i LOs illegale avis
Inspirert av motstandsarbeid
Thorsrud fekk inspirasjonen allereie under det illegale motstandsarbeidet han dreiv med på Lillehammer i ungdomsåra under krigen.
– Han lærte kva små sjølvstyrte grupper kunne få til, fortel NTNU-professor Monica Rolfsen som sjølv har forska på gruppearbeid i Raufoss-industrien.
I eit intervju frå 80-talet fortel Thorsrud at han lærte «hvor fantastisk levedyktig og nesten uovervinnelig en gruppe kan være hvis den er innarbeidet til å skulle gjøre noe viktig som medlemmene identifiserer seg med». Han meinte om menneske at det er «utrolig hvilken oppfinnsomhet og styrke de har når de er i små enheter og når det er grunnleggende verdier som bestemmer hva de gjør».
Thorsrud meinte norsk arbeidsliv bør bruke fordelen med at «det er ganske mange finne-på-mennesker. Og det er ganske mange selvstendige mennesker».
Han var ideologisk motivert, meiner Rolfsen. Han vaks opp på eit småbruk på Biri, der skomakarfaren lærte ham at verda er urettferdig: Faren «satt over arbeidet sitt og snakket om hvordan verden kunne bli bedre».
– Thorsrud var opptatt av frigjering gjennom det daglege arbeidet, og å motverke framandgjering, seier Rolfsen.
Tilbakeblikk: Denne fabrikken var blant de første som innførte fri på lørdager
Medbestemming på jobben
Kva fann forskarane så ut? Eit resultat var formuleringa av seks psykologiske jobbkrav. Dei vart ein del av arbeidsmiljølova og er i bruk den dag i dag.
For å jobbe bra, meinte Thorsrud alle har behov for
• innhald og variasjon
• å lære noko nytt
• å ta avgjerder sjølv
• anseelse
• å sjå samanhengen mellom arbeidet og omverda
• å sjå at jobben heng saman med ei ønskeleg framtid
STOR BETYDNING: Arbeidet til Thorsrud har hatt stor betydning for norsk arbeidsliv, seier NTNU-professor Monica Rolfsen.
Elin Iversen / NTNU
Stor betydning
Arbeidet til Thorsrud har hatt stor betydning for norsk arbeidsliv, seier Monica Rolfsen. Men arbeidet har også hatt betydning internasjonalt, der forskinga til Thorsrud raskt spreidde seg.
For eksempel vart svensk bilindustri på 70-talet inspirert til å prøve gruppearbeid i staden for samlebandproduksjon.
Her heime er fire konkrete resultat tydelege, ifølge NTNU-professoren:
• Fleire begynte med gruppearbeid på arbeidsplassane.
• Tilsette fekk i 1973 representantar i styret til aksjeselskap.
• Jobbkrava vart ein del av arbeidsmiljølova i 1977.
• LO og NAF la til reglar for samarbeid om bedriftsutvikling i Hovudavtala i 1966 og 1982.
Samarbeidsforsøka bidrog dermed til det vi i dag kallar den norske modellen i arbeidslivet, der samarbeidet mellom tilsette og arbeidsgivarar er ein viktig del.
Arva etter Thorsrud
Sjølv om arbeidet hans har fått konsekvensar for arbeidslivet både i Norge og rundt om i verda, meiner mange at arbeidet til Thorsrud er for lite kjent her til lands. Derfor vart det arrangert eit seminar om arva etter Thorsrud på heimstaden Biri 30. april.
Bak stod Monica Rolfsen, LO og ordførarar i Innlandet. Også næringsministeren kom for å fortelje om vidareutvikling av den norske modellen.
I dag nikkar LO- og NHO-leiaren i takt når det er snakk om samarbeidet i norsk arbeidsliv som ein konkurransefordel for bedriftene.
– Om ein ikkje veit kor det kjem frå, kan det fort forsvinne. Min draum er eit forskingsprosjekt der vi vidareutviklar ideane til Thorsrud, gjerne med LO og NHO på laget, seier Rolfsen.
Einar Thorsrud
Psykolog og arbeidsforskar
Fødd 30. april 1923, Biri, Gjøvik, Innlandet
Daud 29. mai 1985, Oslo
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.