Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Sentral godkjenning i bygg og anlegg:
Eit samla hylekor frå bygg- og anleggsbransjen fekk regjeringa til å tenke seg om ein gong til. Departementet og Jan Tore Sanner (H) utset innføringa av nye kompetansekrav for sentral godkjenning til 1.januar 2020.
HÅVARD SÆBØ
has@lomedia.no
No seier statsråd Sanner at han vil lytte meir til næringa, og utset den varsla endringa i nesten to år. For mange entreprenørar og byggefolk er dette den beste julegåva dei kunne få. Forslaget til dei nye reglane krav nemleg at verksemda har kompetanse på høgskulenivå, som i praksis vil seie ingeniørar. Svært mange av verksemdene i næringa har ikkje det, og ville mista den sentrale godkjenninga – og med det mykje av næringsgrunnlaget.
– Statsråden har høyrd på oss, seier Jeanette Iren Moen i Fellesforbundet. For det nyttar ikkje med berre ingeniørar på kontoret, dersom det ikkje er fagkompetanse til å byggje.
Og som dagleg leiar i Byggmesterforbundet, Frank Ivar Andersen, sa det då næringa møtte statsråden:
– Skal eg rangere om det er viktigast å ha kompetanse på kontoret eller på byggeplassen, vil eg seie det siste. Risikoen og konsekvensane er mykje større der ute, sa Andresen som er glad for at det blir gjort noko for å gjere denne 20 år gamle ordninga betre.
Både han og Moen håpar å få sitje i det ekspertutvalet som no skal finne ein ny veg for den sentrale godkjenninga. Ei ordning som næringa har tillit til, og som ivaretek den overordna målsetjinga om at den skal førebyggje useriøsitet og arbeidslivskriminalitet.
For at den skal verke, må den ha tillit hjå næringa. No er det til dømes slik at mange kommunar krev sentral godkjenning i sine anbod. Det har dei ikkje lov til, sidan det strid med likebehandlingsprinsippet og er med på å svekke tilliten til ordninga.
Den som smilte breiast rundt bordet hjå kommunal- og moderniseringsminister Sanner, var nok maskinentreprenør Bent Åsli. Han kalla dette den beste julegåva dei kunne ha fått.
– Med dei ny reglane måtte me ha pakka saman. Me er ni tilsette, og ingen av oss har høgskulekompetanse. Framover måtte me då leigd inn denne kompetansen frå gong til gong. Våre tilsette har mykje kompetanse, og det at folka i departement og regjering ikkje har sett at denne kompetansen er heilt naudsynt før no, er merkeleg, men bra.
Overgangsordninga til 2020 gjeld berre for kvalifikasjonskrava. Dei andre seriøsitetskrava i ordninga som betaling av skatt, avgifter, forsikringar og andre registreringar, vert det ikkje lempa på.