Godkjenningsordning for manuell bilvask:
Skattejuks og ulovlege arbeidsforhold innanfor bilvask: Sånne firma må forbys, krev ein samla bransje
Useriøse bilvaskarar omset for nær 100 millionar kroner i året. Det bekymrar arbeidstakarar og arbeidsgivarar i bilbransjen.
UVANLEG: På Smart Repair Bilpleie utanfor Hamar, har bedrifta tariffavtale med Fellesforbundet. Det er uvanleg i denne delen av bransjen.
Erlend Angelo
tormod@lomedia.no
– Det er jo veldig konkurranse. Kan kundane vaske ein bil for 350 kroner, så gjer ein jo det i staden for å komme til oss, forklarer Torgeir Tjernø.
Han er dagleg leiar hos Smart Repair Bilpleie AS utanfor Hamar. Dei har tariffavtale med Fellesforbundet, noko som er ganske unikt blant bedrifter som tilbyr manuell bilvask. Ei rekke medieoppslag har avslørt ulovlege arbeidsforhold og skattejuks i denne delen av bransjen.
– Skal ein betale folk ordentleg og ha ordna arbeidsforhold, så kostar det pengar, påpeikar han.
p
Godkjenningsordning
Bransjeprogrammet for bilbransjen, som består av Fellesforbundet (LO), Norges Bilbransjeforbund (NHO), Virke, Spekter, Vegdirektoratet og Arbeidstilsynet, foreslår no å utvide den såkalla godkjenningsordninga for reinhaldsbedrifter til også å gjelde manuell bilvask. Forslaget er til behandling i Arbeids- og sosialdepartementet, skriv departementet i ein e-post til Magasinet for fagorganiserte.
– Om dei klarer å handheve det, er det veldig bra for oss som driv seriøst og ordentleg, seier bilvask-drivar Tjernø.
Ei sånn ordning vil nemleg gjere det ulovleg å drive bilvaskverksemd utan godkjenning frå Arbeidstilsynet. Det vil dessutan vere ulovleg å kjøpe tenester frå bedrifter som ikkje har godkjenning. Lista kan kundane sjølv sjekke på nettet.
– Vi kan ikkje vere kjend med at kriminelle driv på i bransjen vår. Ei opprydding vil hjelpe dei som jobbar under uverdige forhold, seier Stig Lundsbakken i Fellesforbundet.
Omset for 100 mill.
Bransjeprogrammet for bilbransjen vart etablert i fjor for å kartlegge og jobbe mot useriøsitet, arbeidslivskriminalitet og sosial dumping.
– Ei godkjenningsordning er eit strakstiltak som vi er unisont einige om at kan innførast med ein gong, seier Lundsbakken, som er Fellesforbundet sin representant i bransjeprogrammet.
Berre på bilvask er den svarte omsetnaden på mellom 58 og 97 millionar kroner i året, ifølge eit estimat bransjeprogrammet har gjort. I tillegg kjem tilleggstenester som dekkskift og reparasjonar, som gjer at omsetnaden i realiteten kan vere enda høgare.
– For myndigheitene vil vi tru at ordninga er sjølvfinansiert eller går i pluss. Sidan vi foreslår å utvide godkjenningsordninga for reinhaldsbedrifter, er infrastrukturen allereie på plass, seier Lundsbakken.
Må dokumentere
Med ei godkjenningsordning må bedriftene dokumentere at dei gir tilsette rettane dei har krav på, i tillegg til at dei er riktig registrert og rapporterer inn riktige opplysingar til myndigheitene. Eit krav er også at alle tilsette har eit såkalla HMS-kort på seg under arbeid, som viser kven ein er og kva bedrift ein jobbar for.
Arbeidstilsynet kan trekke tilbake godkjenninga og ilegge pålegg og bøter ved brot på reglane. Godkjenninga må også fornyast med jamne mellomrom.
Alle godkjente bedrifter blir samla i eit register. Dermed blir det enklare for myndigheitene å målrette kontrollar, og seriøse bedrifter får ein reiskap som gjer at dei kan ettergå og tipse myndigheitene om useriøse aktørar.
Det blir dessutan enklare for store og små kundar, anten dei er privatpersonar eller bedrifter, å finne seriøse bilvaskbedrifter. Registeret er nemleg tilgjengeleg for alle på Arbeidstilsynet sine nettsider.
p
Enklare for kundar
– Mange spør oss i bilbransjen om kor dei bør vaske bilen sin, og det har vi ikkje eit godt svar på. Ei godkjenningsordning vil gi oss moglegheit til å gi ei anbefaling til kundane, seier Lundsbakken i Fellesforbundet.
Bransjeprogrammet presenterte forslaget til forskriftsendring i eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet og Samferdsledepartementet denne veka.
Departementet ønsker å vurdere ordninga etter ei kartlegging av bilbransjen, gjennomført av Samfunnsøkonomisk analyse på bestilling frå bransjeprogrammet. Denne rapporten skal vere klar i mai 2020.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.