JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Grøn industri:

Industriarbeidarar og klimaaktivistar startar nytt samarbeid

LO-klubben i Aker og Framtiden i våre hender er blant deltakarane i eit nytt samarbeid som skal utvikle ein klimavennleg industripolitikk.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Målet er å foreine klima- og fagrørsla fram mot stortingsvalet neste år. Til felles har dei oppfattinga om at grøn industri kan redde både klimaet og norsk økonomi.

– Vi har slite i lang tid med å auke interessa for industrien, betydninga den har for velferdsstaten og som absolutt premiss for å løyse klimautfordringane. Svaret er ikkje å legge ned industrien, men det stikk motsette.

p

Det seier konserntillitsvald Atle Tranøy til Magasinet for fagorganiserte, som representerer 4500 LO-medlemmer i Aker-konsernet. Anja Bakken Riise er leiar i miljø- og klimaorganisasjonen Framtiden i våre hender med over 35.000 medlemmer. Ho seier seg einig:

– Vi har løfta fram behovet for nye jobbar av omsyn til klimaet, men ingen i dei politiske partia har laga ein plan for å skape dei nye jobbane. No må vi gå djupare til verks. Olje og gass er Norges viktigaste næring, så eg skjønar godt at mange er bekymra for arbeidsplassane sine og kva vi skal leve av i framtida.

Grøn industri

Dette skal det nye samarbeidet «Grønn industri 21» finne ut av, som er starta på initiativ frå Manifest Tankesmie.

I tillegg til organisasjonane til Tranøy og Riise, er LO-forbundet Norsk Tjenestemannslag (NTL) med sine 50.000 medlemmer i offentleg sektor tilslutta prosjektet.

Industribedriftene Kværner og Aker Solutions er med på finansieringa med 500.000 kroner kvar.

I ei erklæring listar dei opp industri der Norge har tradisjonar og teknologi som kan bidra til grøn omstilling: kraftproduksjon, sjøtransport, karbonfangst, kraftkrevjande industri og havindustri.

Dei skal prøve å svare på spørsmål som:

• Kan Norge kutte i klimagassutslepp globalt gjennom å skape klimavennlege arbeidsplassar nasjonalt?

• Kan staten foreine pengane sine med næringslivet sin kompetanse i utviklinga av norsk industri?

• Kan ein klima- og industripolitikk foreine klima- og fagrørsla?

p

– Eg trur dette er noko av det viktigaste klimaarbeidet vi skal gjere framover, seier Anja Bakken Riise og held fram:

– Vi må bygge bru mellom oss som er engasjert i klimasaka og oss som er bekymra for kva vi skal leve av i framtida. Over fleire år har vi sett ei polarisering mellom arbeidsplassar og industri på den eine sida, og klimaengasjement på den andre sida. No skal vi sette oss ned og utvikle nye løysingar saman.

Sluttdato

– Kva med usemja om for eksempel sluttdato for oljeutvinning?

– Vi veit at vi er ueinige om mange ting. Dette prosjektet handlar om å finne ut kva vi er einige om. Eg skjøner at industrien reagerer på sluttdato for oljeutvinning. Det er vanskeleg å snakke om sluttdato når vi ikkje veit kva vi skal drive med i staden for olje, meiner Riise.

– Sluttdato, leiterefusjonar og utvinningslisensar vil det vere sterk usemje om. Men at vi diskuterer saman, opnar for at vi kan bli einige om nye løysingar, seier Atle Tranøy.

Saka held fram under bildet.

Tormod Ytrehus

– Kjem politikarane til å lytte?

– Eg registrerer at det er betydeleg sterkare interesse for å lytte til industrien, og finne ut kva som skal til for å realisere ønskene våre. Det er meir rørlse enn på mange, mange år, seier Tranøy.

– Dette er ei viktig brikke for eit samarbeid både på raudgrøn side og mellom alle dei politiske partia. Om vi skal lukkast med klimapolitikken, må vi lukkast med industripolitikken, meiner Riise.

p

Staten må ta ansvar

Manifest skal bidra med ei rekke notat som grunnlag for debatt. Dei skal peike på problem, lærdommar og konkrete politikkforslag.

I eit ferskt notat, «Industrial Decline – Industrial Potential», skriv samfunnsøkonom Jonas Algers at Norge kan vere i ferd med å tape den grøne marknaden. Produksjonen av solcellepanel og elbilar er lagt ned, og konkurransen om flytande havvind er tøff.

– Det er eit stort gap mellom ambisjonane og den faktiske situasjonen for industrien, seier Algers til Magasinet.

Bakgrunnen er ein økonomi der olje og gass står for store delar av verdiskapinga, og størstedelen av norsk eksport. Det gjer økonomien vår, velferd og arbeidsplassar, sårbar for variasjonar i oljeprisen.

Staten må derfor lage ein plan for grøn industriutvikling i samarbeid med industribedrifter og fagforeiningar, meiner Algers, noko som var suksessoppskrifta bak utviklinga av norsk vatnkraft og oljeindustri.

p

– Det er openbert at staten må ta ei meir tydeleg rolle no. Vi må sjå på statens moglegheiter, som å gå inn med tolmodig kapital med andre krav til risiko, seier leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender.

– Kva instrument som er det riktige, må vi finne ut av, men pengane må vere der. Staten bør og må ha ei rolle som bidragsytar, gjennom både støtteordningar og eigarskap, meiner LO-leiar Atle Tranøy i Aker.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse