Heider til Kvinnheringen
Kvinnheringen er Europas beste lokalavis
I skarp konkurranse med 196 aviser frå 26 land er avisa Kvinnheringen kåra til den beste lokalavisa i Europa.
HEIDRA: Mediegrafikar Vidar Håland får mykje av æra for at avisa Kvinnheringen i Sunnhordland får prisar for god design.
Elisabeth Berg Hass
Saken oppsummert
hanne.kullerud.nielsen@lomedia.no
Ei norsk avis vant i år prisen for beste europeiske lokalavis.
Prisen føyer seg inn i rekkja av fleire avisprisar Kvinnheringen i Hordaland har henta heim.
– Dette er utan tvil den gjevaste prisen vi har fått. Det var veldig overraskande, dette hadde eg aldri trudd. Når eg har sett andre aviser få denne prisen, har eg fabulert og tenkt kva som hadde skjedd dersom vi kunne få ein slik pris, seier ein stolt redaktør, Tomas Bruvik, til eiga avis.
Det er juryen i European Newspaper Award, som er samansett av 14 personar frå ulike land, som kåra Kvinnheringen til Europas beste lokalavis.
Les også: Bare fem «arbeider»-aviser igjen
Lokalavis i stort konsern
Redaktøren skryt av ein dyktig og kreativ stab på alle felt, og at dei av og til vågar å gjera ting som er litt uvanleg i avisverda. Han trur denne prisen vil bli lagt godt merke til rundt om. Kvinnheringen har vore gjennom eit spesielt år med mykje frustrasjon grunna innføring av nye produksjonsmetodar som ein er pålagd av eigarane, aviskonsernet Amedia.
Les også: Nytt grafisk fag i støpeskjeen
Grafikerskryt
Ein av dei han skryt av og seier har mykje av æra for alle prisane avisa har fått, er mediegrafikar Vidar Håland (27), den yngste tilsette i Kvinnheringen. Han har jobba i avisa i snart åtte år.
– Dette er fantastisk moro, seier Vidar til Magasinet. Han synes det er veldig kjekt å få vere med på eit slikt lag. Særleg med tanke på den vanskelege tida i mediebransjen.
Les også: Jon forsikrer seg mot arbeidsløshet
Frå arbeidslaus til fagbrev
På spørsmålet om korleis han havna i mediebransjen, så seier han at det har vore ei solskinshistorie.
– Eg kom heim frå militærteneste og sto utan jobb. På arbeidskontoret fekk eg forespurnad om kva for interesser eg hadde, og vart beden om å kontakte Kvinnheringen. Der fekk eg praksisplass med arbeidsløysepengar. Så eg byrja på golvet, kan du seie, og har sidan tatt fagbrev som privatist, flirer Vidar i telefonen frå Husnes i Kvinnherad kommune i Hordaland, der avisa har hovedbølet sitt.
Bestill nyhetsbrevet vårt her:
Lokal forankring
Han har ei meining om kvifor lokalaviser som Kvinnheringen og Hallingdølen greier seg så godt i slike tevlinger.
– Vi har ei lokal forankring og folk føler at dei eig oss. Det er deira avis, og vi er nær dei. Dessutan er det viktig at vi har folk som vågar å satse på nye og utradisjonelle ting, seier Vidar, som er ein av to mediegrafikarar i avisa. Den andre jobbar mest med utforming av annonser.
Kvinnheringen kjempa om prisen med 196 aviser frå 26 land i denne konkurransen. Juryen seier mellom anna dette om Kvinnheringen:
«Avisa har ei veldig fin utforming av magasina sine, med gode bilde og mykje luft. Avisa er rett fram, og kviler seg på styrke i bilde og den visuelle oppbygginga».
Les også: – AFP-tap er en skam for fagbevegelsen
Vinnarane i European Newspaper Award 2015
• Lokalaviser: Kvinnheringen, Husnes, Norge.
• Regionsaviser: Ara, Barcelona, Spania.
• Landsdekkjande aviser: De Morgan, Brussel, Belgia.
• Vekemagasin: Expresso, Lisboa, Portugal.
• Prisane vert delt ut i Wien den 3. mai neste år.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Nå: 0 stillingsannonser
Flere saker
Vinnarane i European Newspaper Award 2015
• Lokalaviser: Kvinnheringen, Husnes, Norge.
• Regionsaviser: Ara, Barcelona, Spania.
• Landsdekkjande aviser: De Morgan, Brussel, Belgia.
• Vekemagasin: Expresso, Lisboa, Portugal.
• Prisane vert delt ut i Wien den 3. mai neste år.

