JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Industri og klima:

Moxnes: – Invester oljepengane i norsk industri i staden for handlegater i London og Shanghai

Dei raudgrøne partia er ueinige om kor lenge oljealderen skal vare, men einige om at staten må ta styring i grønn industriutvikling.
RØDT-LEDEREN: No har tida komme for å investere pengane i norsk industri, ikkje berre i handlegater i London og Shanghai, mener Bjørnar Moxnes.

RØDT-LEDEREN: No har tida komme for å investere pengane i norsk industri, ikkje berre i handlegater i London og Shanghai, mener Bjørnar Moxnes.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

– Vi har sikra at oljerikdommen kjem staten og det norske folk til gode, ikkje berre rike selskap. No har tida komme for å investere pengane i norsk industri, ikkje berre i handlegater i London og Shanghai.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes kom heim til sine eigne under ein industri-debatt på Trondheimskonferansen i helga, som årleg samlar radikale delar av fagrørsla. Der hamra han inn partiet sitt krav om å bruke oljefondet på investeringar i grøn industri i Norge.

p

– Men på Stortinget er visjonen for Norge at vi skal vere medeigarar i Nike og Adidas, McDonalds og Burger King, Facebook og Google. Der er visjonen at vi skal vere rentenistar, sa han.

Industri-krav

I eit vedtak på konferansen heiter det at dei sluttar opp om parisavtala og målet om å avgrense temperaturstiginga til mellom 1,5 og 2 gradar i 2050. Men for å nå målet om 40 prosent utsleppskutt innan 2030, må arbeidet intensiverast. Konferansen vedtok at Norge treng:

• ein aktiv statleg industripolitikk for å elektrifisere samfunnet basert på fornybar kraft
• å omstille og utvikle nye næringar på grunn av nedgang i olje- og gass-næringa sin del av økonomien og sysselsettinga
• rettferdig klimaomstilling der fagforeiningar er med og bestemmer

Oljearbeidaren

Blant dei raudgrøne partia kappast politikarane no om å vinne industriarbeidarane sin gunst, og norsk industriutvikling har blitt sett på dagsorden.

Spørsmålet er kva vi skal leve av når utsleppa skal ned, og etterspurnaden etter norsk olje og gass blir redusert.

– Det er oljearbeidaren sin kunnskap som skal bringe oss framover. Derfor er det viktig at vi sikrar olje- og gassnæringa si framtid, understreka næringspolitikar Terje Aasland i Arbeidarpartiet.

Han slår fast at vi ikkje kan leve av å klippe kvarandre, og må sørge for at eksportinntektene aukar også i framtida.

– Vi har eit fantastisk utgangspunkt i naturressursar, både gjennom fornybare og ikkje-fornybare ressursar, sa han.

Staten må ta grep

– Vi er eit rikt land, men vi er fattig på industriell kapital. Næringslivsleiarane eg møter snakkar ikkje om behovet for skattelette, men behovet for kapital.

– Vi må avløyse ein inaktiv næringspolitikk. Norge skal vere industrien sitt førsteval, ein god partnar og støttespelar anten det gjeld risikoavlasting eller støtteordningar, haldt Aasland fram.

Også Senterpartiet-politikar Per Olaf Lundteigen peikar på staten si rolle, og meiner staten kan gå inn med langsiktig, strategisk låne- eller eigarkapital for å sikre lønnsemd i industribedrifter.

p

– Vi treng eit program for ein aktiv statleg industripolitikk, som ikkje er tufta på næringsnøytralitet, men på ulike bransjar sine utfordringar, sa han.

Raudgrøn allianse

– Vi må ta aktivt i bruk eigarskapet i statlege selskap, og vi må styrke det statlege eigarskapet i viktige sektorar. All kritisk infrastruktur må vere på fellesskapet sine hender, sa SV-nestleiar og næringspolitikar Torgeir Knag Fylkesnes.

Han understrekar kor viktig det er å bygge ei raudgrøn allianse for å vinne valet og få eit regjeringsskifte neste år, sånn partiet tok initiativ til før jul.

– Vi kan ikkje berre ha gode idear, men må ha ein samla plan. Vi ønsker å lage eit felles rammeverk heile venstresida kan samle seg om. Den må redusere forskjellar, sikre utsleppskutt og bygge ny industri.

Annonse
Annonse