JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidstid:

Nå blir det vanskelegare å gi innleigde lengre arbeidstid

Bemanningsbyråa må sjølv avtale ei arbeidstidsordning dersom den går utover reglane i lova, slår Direktoratet for arbeidstilsynet fast. Det kan gjere det vanskelegare å leige inn og ut frå utleigebedrifter utan tariffavtale.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Direktoratet for arbeidstilsynet slår fast at arbeidstidsordningar som går utover reglane i lova, og er avtalt i innleigebedrifta, ikkje omfattar innleigde. Det kjem fram i eit brev til Fellesforbundet, som Magasinet for fagorganiserte har fått innsyn i.

NHO sine advokatar meiner denne tolkinga av lovverket er heilt feil, og ber i eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet om ei avklaring.

For Fellesforbundet sin del, gjeld dette rotasjonsordningane LO godkjenner på industribedrifter med tariffavtale. Dette kan for eksempel vere ei arbeidstidsordning med 15 dagar på og 20 dagar av, med ei arbeidstid på 12,5 timar kvar dag.

p

Unntak frå lova

Sjølv om arbeidsmiljølova slår fast ei maksimal lengde på arbeidstida, finst det nemleg ei rekke unntak der arbeidsgivarar kan avtale lengre arbeidsdagar og arbeidsveker.

Dette kan dei gjere anten gjennom avtale med arbeidstakaren, med lokale tillitsvalde, gjennom tariffavtale med eit stort fagforbund eller gjennom søknad til Arbeidstilsynet.

I tillegg kan arbeidsgivaren avtale ei såkalla gjennomsnittsberegning av arbeidstida. Då kan ein fordele talet arbeidstimar over åtte veker, med visse avgrensingar.

Striden står no om innleigde skal kunne gå inn i arbeidstidsordninga som er avtalt i innleigebedrifta, eller om dei må avtale arbeidstida i utleigebedrifta.

Likebehandling

Bakgrunnen er det såkalla likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljølova, som slår fast at innleigde ikkje skal ha dårlegare vilkår enn fast tilsette med same arbeidsoppgåver.

Arbeidstilsynet skreiv i eit brev til Fellesforbundet i fjor haust, at «likebehandlingsreglene likevel ikke kan forstås eller praktiseres slik at de innleide arbeidstakerne mister grunnleggende rettigheter som mulighet til å forhandle eller medvirke i beslutninger om egen arbeidstid».

p

Det betyr at bemanningsbyrået må avtale arbeidstida i si eiga bedrift. Tilsette i ei utleigebedrift kan ikkje gå rett inn i ei arbeidstidsordning som er avtalt for tilsette i innleigebedrifta.

– Arbeidstilsynet slår fast at bemanningsføretak skal behandlast som alle andre føretak, og tilsette i bemanningsføretak skal ha same beskyttelse som andre, seier forbundssekretær Knut Øygard i Fellesforbundet som no oppfordrar klubbane sine til å gå gjennom arbeidstidsordningane i bedriftene.

NHO er ueinige

I eit brev sendt til Arbeids- og sosialdepartementet i november, ber NHO-advokatane om ei avklaring i spørsmålet. Dei meiner Direktoratet for arbeidstilsynet si tolking er i strid med tidlegare signal frå departementet.

Arbeidsgivarorganisasjonen viser til at det tar tid å avtale arbeidstidsordningar som passar innleigar sin arbeidstidsordning.

Dei argumenterer vidare med at sånne arbeidstidsordningar kan vere i tilsette sin interesse, fordi dei bidrar til fleksibilitet, reduserer overtid, kan gi lengre periodar med samanhengande fri og er ein føresetnad for fleksitidsordningar.

NHO meiner dette ikkje er til hinder for at bemanningstilsette kan avtale eigne arbeidstidsordningar med utleigebedrifta. Dei meiner innleigde skal ha den mest gunstige av ordningane i inn- og utleigebedrifta, der den tilsette sin oppfatting er avgjerande.

p

Handlar om vern

– Det er litt spesielt at NHO skyv dei svakaste arbeidstakarane framfor seg, gjennom å seie at dei sjølv skal velje arbeidstid. Arbeidsmiljølova dreier seg om vern, og tilsette i bemanningsføretak må sikrast same vern som i ei kvar anna bedrift, seier Øygard i Fellesforbundet.

Fellesforbundet godkjenner saman med LO, arbeidstidsordningar som kan gå langt utover bestemmingane i lova.

– Vi får dårlegare føresetnader for å vareta helse, miljø og tryggleik når vi ikkje veit kva arbeidstakarar som blir omfatta av arbeidstidsordninga vi godkjenner, seier forbundssekretæren.

NHO ønsker ikkje å kommentere saka overfor Magasinet, og viser til innhaldet i brevet. Departementet opplyser at saka framleis er til behandling.

Annonse
Annonse